Gå til innhold
Arkivverket

Tyding - eller heller Tolking - av kyrkjebok for Gloppen 1755


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

I skiftet etter Josef Hansson Hestenes i mai 1760 er den 4 år gamle dottera Kristi nemnd. Det burde gje eit fødselsår rundtom 1756. På den tida er det mykje slurv i kyrkjebokføringa i Gloppen, men litt nedanfor midten av fyrste spalte på høgre side finn vi pigebarnet Kristi, døypt. Etter mitt syn burde dette skje i desember 1754, slik det er framstilt.

 

Så går vi til venstre side, fyrste spalte, litt ovanfor midten, der er den 8 dagar gamle Kristi Josefsdtr Hestenes gravfesta - eg er ikkje så god i desse gamle datoane, men året bør vere 1755.

 

Noko ny Kristi i 1756 finn eg ikkje.

 

Slik eg ser det, har vi altså ei Kristi Josefsdtr døypt i des 1754, død 8 dg gammal og gravfesta ein gong på nyåret 1755. Deretter har Josef fått ei ny Kristi, som presten har gløymt å føre inn.

 

Men som sagt, kyrkjebøkene desse åra er prega av eit underleg system - eller mangel på system; m.a finn eg eit barn som ser ut til å vere døypt i 1756, men som er nemnd i skiftet etter faren i 1755.

 

Synspunkt?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dominic. qvasimodogenit. (i 1755 var dette 6. april) ble Christi Josephsdotter Hestenæs gravfestet, 8 dager gammel.

Jeg skjønner ikke helt hvordan hun kan ha blitt døpt 20. desember samme år (slik det ser ut som), med mindre dåpsdatoen var i kirkeåret 1754, men innført under kalenderåret 1755?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var vel vanleg å følgje kyrkjeåret, og dermed føre desember under det nye årstalet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan vel være slik at Kristi, gravfestet 06.04.1755, ikke rakk å bli døpt i kirken. Dødstidspunktet er ikke oppgitt. Det kan derfor ha skjedd tidligere på året.

 

Dersom vi følger kronologien i kirkeboka, er neste Kristi døpt desember 1755 og kan følgelig være identisk med hun som nevnes i skiftet.

 

Å få to barn med så kort mellomrom er på grensen til det mulige, avhengig av når nr 1 ble født.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk for nytt innspel. Nei, det er ikkje så godt å bli klok på dette systemet, eller mangelen på system - stundom lurer eg på om han har tømt lommane sine for lappar eit par gonger i året ;-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.