Gå til innhold
Arkivverket

Gloppen, Sfj: Gjertrud Olsdtr til besvær


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Kveldens hugselapp dreiar seg om denne dama - eller desse damene.

 

Fyrste funn er konfirmasjonslista i 1773 - Gjertrud Olsdtr Rørvik. Med ein normal konfirmasjonsalder bør ho vere fødd ca 1757, men eg har ikkje funne henne; eg har ingen passande Ola på Røyrvik denne tida, og eg har inga Gjertrud Olsdtr eg ikkje kan gjere greie for, nokon stad. Desse åra er der ein del slurv i kyrkjeboksføringa i Gloppen, så ho kan ha falle ut, eller ho kan vere fødd utanfor Gloppen. (Røyrvik-garden ligg nær grensa mot Sunnfjord).

 

Så trur eg vi kanskje møter henne att i 1786, då som fadder ved ein barnedåp i Røyrvika. Eg les Gjertrud Olsdtr Øren, eit namn som truleg plasserer henne på Hestenesøyra eit par mil unna.

 

Neste oppføring er i 1797, då pigen Gjertrud Olsdtr Øren, tienende hos Jakob Rørvig (der ho var fadder 9 år før) får barn med gift mand Sjur Pederson Hestenesøren (han er opphavleg frå Tistam). Namnet på barnet er litt utydeleg skrive, men eg endar på Olane (i 1813 er ho konfirmert som Oline Sjursdtr Hestenesøren).

 

Det var heile Gjertrud sin karriere i Gloppen, og eg spør: Kvar kom ho frå? Kvar vart det av henne? Kvar er ho - og dottera - i 1801?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil gjere merksam på at Øren også kan være Øren i Eikefjorden, ellers har eg ikkje anna å bidra med.

 

Tillegg:

Etter at eg har sjekka Joleik si "Soga om Flora"  ser eg at i 1747 bygsla ein Olav Andersson "Øren"  av Erik  Hansson Fæster på Rygg i Gloppen.1756 fekk Olav Andersson Lykkjebøen skøyte på Øyra i Eikefjorden.

Om desse Olav Andersson er same mannen står det ingen ting om.

(Svigerfaren til Erik H: Fæster var eigar før E.)

Endret av Harald L. Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for interessant innspel, Harald. Eg har kanskje sett meg blind på at ho endar på Hestenesøyra seinare, der mange blir skrivne Øren inniblant. Eg skal forfølgje dette litt.

 

Redigert:

 

Eg har sett litt på denne Ola Andersson som du nemner - og finn at han gifte seg med Anne Rasmusdtr Ommedal i 1748. Mor hennar heiter Gjertrud - !

 

- og der var skiftet etter Anne Rasmusdtr Øren - tusen takk, Harald! http://arkivverket.no/URN:sk_read/24201/231/

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anders Hanson Ytre Grotle gifter seg med Giertrud Olsdtr Øren den 10. august 1800  (nest nederste innførsel på venstre side)

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 3 (1785-1821), Kronologisk liste 1800, side 133.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11533&idx_id=11533&uid=ny&idx_side=-134
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510610665.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk! Alderen ved folketellinga passar perfekt til "mi" Gjertrud - eg leitar etter skifte her og..dessverre utan hell.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er alltid slik at eit kvart svar utløyser eit nytt spørsmål. Harald nemner Ola Andersson Løkkebø i innlegget sitt, og det namnet har eg i basen min frå før, i to utgåver.

 

Den eine finn eg i eit skifte på Grov (Sunnfjord) i 1747 - der er han gift med Ågåte Andersdtr, som er arving. Han kan dermed ikkje vere identisk med Ola Andersson Øren, som er ungkar når han gifter seg i 1748.

 

Den andre O.A.L finn eg i 2 skifte - fyrst på Holme i Hyen i 1752, etter faren Anders Olsson, f. Røyrvik (!) Då blir det sagt at han er gift.

 

Så finn eg han i skifte på Åsebø i Gloppen i 1790 - etter broren Reiel. Då skal han framleis vere i live.

 

Vi har dåpsinnførsla hans i 1715. Eg sjekkar litt meir for å sjå om dette kan vere same personen som Ola Andersson Øren - tilknytinga til Røyrvik var besnærande.

 

Redigert:

 

Eg finn skifte etter Ola Andersson Løkkebø i 1796 - dette er den same som nr 2 her, og det er brorborn som arvar. Eg kan altså utelukke at OA Løkkebø = OA Øren (men truleg kan eg slå saman dei to OA Løkkebø).

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anders Hanson Ytre Grotle gifter seg med Giertrud Olsdtr Øren den 10. august 1800  (nest nederste innførsel på venstre side)

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 3 (1785-1821), Kronologisk liste 1800, side 133.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11533&idx_id=11533&uid=ny&idx_side=-134

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510610665.jpg

 

I bygdeboka for Bremanger bd. I s. 282 finn eg  Anders Hansson (1755-1809) brukar 1781 til 1805  gift 3.gang 1800 med Gjertrud Olsdtr. ( ikkje oppgjedd når Gjertrud var fødd eller døydde)

Vidare står det: 

"Då dei gifta seg vart fødestaden til Gjertrud oppført til å være <Øren>, truleg var dette Risøren (Rise) i Nordgulen. "

 

Anders Hansson og Gjertrud hadde ikkje felles born iflg. bygdeboka, så då spørs det om det finst skifte etter Gjertrud som kan avklare noko.

 

-

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har leita mykje etter Gjertrud Olsdotter Øren (i Eikefjord) og har kom til at det er ho som gifta seg med Anders Hansson på Ytre Grotle i 1800.  I allefall har eg ikkje funne nokon som passar på Risegarden i Bremanger, jf. Bremangersoga bd. II side 328.

 

Når eg no ser at det også er ei Gjertrud Olsdotter Øren på Rørvik i Hyen og at ho hadde ei dotter med namnet Olane født i 1797, må eg referere litt meir om det som står på side 282 i Bremangersoga bd. I.

 

Der står det under barna i 2. ekteskapet til Anders Hansson:

 

" 4. Olave f. kr. 1797.  Ho vart nemnd i folketeljnga frå 1801 som dotter til Hans, men det er uvisst kven som var mora.  Truleg var det ikkje Johanne, sidan skiftet etter henne berre nemner Hans og Martin." 

 

Johanne var 2. kona til Ander Hansson og blei innlagd på St. Jørgen Hospital i Bergen i 1796 og ho døydde der i 1799.  Eg må legge til at i folkteljinga for 1801 under garden Ytre Grotle, er Olave oppgjeven som Andersdotter 4 år, og ikkje dotter til Hans som står i Bremangersoga.

 

Kan dette tyde på at vi har å gjere med same Gjertrud Olsdotter både på Rørvik og på Grotle og at ho hadde med seg dottera Olane til Grotle?

 

Eg veit ikkje kor Gjertrud Olsdotter Grotle og Olave Andersdotter Grotle blei av.

 

Elles er det litt pussig at Hestenesøyra er inne i denne kabalen, då foreldra til Gjertrud Olsdotter Øren, Ole Andersson Øren og Anne Rasmusdotter Ommedal, budde ei kort tid på Hestenesøyra like etter at dei blei gifte.

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk for interessant utspel. Ja, med det du kjem med her, trur eg vi kan fastslå at det er "mi" Gjertrud som kom til Grotle. Olave/Olane er som eg skriv, konfirmert i Gloppen, men meir veit eg ikkje; ho var forresten Sjursdotter, verken Anders- eller Hansdotter.

 

Men til det siste - kvar er kjelda til at dette paret budde på Hestenesøyra?

 

Og eit spørsmål til: Kva veit du om dei to sønene i 1801 - Hans og Martin? Eg spør fordi eg meir enn ein gong finn ekteskap mellom slike "u-sysken".

 

Redigert: Gløym det siste. Her døyr legdepiken Oline Sjursdtr på Heimset i 1890.

 

Ny redigering: Veit du meir om kven Ola Andersson Øren er? Eg ser eit par som heiter Anders Gunnarson Øren og Ingeborg Sjursdtr Sandvik som gifter seg i Kinn i 1716 som ser interessante ut.

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg reknar Ole Andersson Øren som den Ole som er nemnd i skiftet etter Ingebor Sjursdotter Øren 17.5.1752.  Ingebor Sjursdotter (1692 - 1752) var frå Sandvik ved Nyttingnes og blei 2.7.1716 gift med Anders Gunderson Øren (1681 - etter 1752). I skiftet er det nemnt 5 barn. Dessverre manglar dei siste arka i kyrjeboka 1689-1729 for Kinn, slik det ikkje er opplysningar om gardane Øren og Øvre Standal. Fødselen for barna bl.a. Ole Andersson kan soleis ikkje bestemmast nøyaktig.

 

Ole Andersson Øren (Omkr 1716 - etter 1766) og Anne Rasmusdatter Ommedal (1720 - 1760) hadde desse barna:

 

1. Rasmus Olsson (omkr. 1748 - 1808).  Gift og busett på garden Erikstad på Svanøy.

2. Sjur Olsson (1750 - før 1760).  Han er ikkje nemnd i skiftet etter mora og er truleg død då.

3. Ingeborg Olsdotter (1752 - 1805). Ho er truleg tenestejente på Erikstad på Svanøy (hos broren)

4. Guri Olsdotter (1754 - etter 1760).  Henne manglar eg opplysningar om.

5. Gjertrud Olsdotter (1758 - etter 1801). Ho er truleg den som budde i Røryvik, Hyen og på Ytre Grotle.

 

Nr. 1 har eg ikke funne døypt, korkje i Kinn eller Gloppen, men ut frå alderen ved skiftet etter mora og ved folketeljnga i 1801 er han fødd omkring 1748. Det må i det høvet nemnast at kyrkjeboka 1729 - 1785 for Kinn er mangelfull for åra 1739 - 1750.

 

Ole Andersson Øren gifta seg på nytt omkr. 1762 med Margrethe Jakobsdatter Rørvik i Vevring.  Med henne fekk han barna

6. Anders Olsson (1763 - etter 1796).  Det er usikkert kor han blei av.

7. Marte Olsdotter (1765 - 1836). Det er mogeleg at ho blei busett på Tyvold, Svanøy.

 

Når det gjeld Ole Andersson Øren og Anne Rasmusdotter på Hestenesøyra, så står det på side 38 i Soga om Gloppen og Breim bd. 4.Eg veit ikkje kva slag kjelder som grunnlag for denne oppføringa.

 

Når Ole Andersson Øren og Anne Rasmusdotter blei trulova i 1748, var trulovarane Erik Fæster og Lars Olsson Rørvik.  Med referanse til Joleiks Florasoga side 479, fekk Erik Hansson Fæster (på Rygg bnr. 1 vel) i 1748 skøyte på 1 pund av garden Øren av sin svigerfar Jakob Pederson Osen.

 

Vel. dette blei vel litt detaljert.

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg takkar hjerteleg for alle detaljar! Når det gjeld oppføringa du nemner i bygdeboka, er eg sikker på at forfattaren har gått i same fella som eg, og tenkt "Øren" = Hestenesøyra, utan å tenkje på Sunnfjord.

 

Guri/Guni er nok den Guni Olsdtr Røyrvik som blir konfirmert i Gloppen i 1769, og som døyr som Guni Olsdtr Øren i Gloppen i 1784.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for oppklarande opplysning om endelikta til Guni Olsdotter Øren. 

 

Men kvifor hamna både Gjertrud og Guni på Røyrvik i Hyen?  Kan det være slik at Nils Ramusson Røyrvik bnr. 1, (1730 - 1803) var bror til mora deira sjølv om han er førd frå Røyrvik då han gifta seg.  I allefall kan eg ikkje sjå at det var nokon Rasmus på Røyrvik som han kan være sonen til. Eine broren til  Anne Rasmusdotter Ommedal  heitte Nils og var fødd i 1728.

 

Det er vel ikkje unaturleg at Guni og Gjertrud for til nær slektning, då både mora og stemora døydde då dei var barn.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ikkje noko 100 % bevis på at Nils Rasmusson Røyrvik er identisk med Anne Rasmusdtr sin bror Nils Rasmusson Ommedal, men fødselsåret til Nils Ommedal er 1728, og det passar bra med Nils Røyrvik sin alder ved død. Og Nils Røyrvik har ei dotter som heiter Gjertrud - som mor til Nils Ommedal gjer. Og Nils Ommedal kjem ikkje att i kykjebøkene etter 1747, då han blir konfirmert OG besvangrar naboen Ragnhild Olsdtr Ommedal. Dessutan er forrige brukar i Røyrvik gift med Nils Ommedal si farsyster Abeline, så eg er 99 % sikker..

 

Mor til Nils og Anne, Gjertrud Byrgedtr Ommedal, skifter dessverre i levande live i 1752, altså før Nils Røyrvik gifter seg.

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.