Gå til innhold
Arkivverket

Kinn: Ola Andersson Løkkebø - Ågåte Andersdtr - ein salat.


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

I basen min har eg fleire førekomstar av Ola Andersson Løkkebø på 1700-talet.

 

Den eine veit eg er fødd på Holme i Hyen, i 1715. I 1733 er han nemnd i skiftet etter mora, heimebuande, og i 1752 er han nemnd i skiftet etter faren; då er han "gift og boende på Løkkebø".

Eg finn han også nemnd som Ola Andersson Løkkebø i eit skifte på Åsebø i Gloppen i 1790, då broren Abel er død barnlaus, og til sist er det skifte etter han sjølv i 1796, der syskena eller borna arvar. Kona må vere død før, då ho ikkje er nemnd i skiftet.

 

Så har eg ein tidlegare Ola Andersson Løkkebø, gift i Gloppen 1722 med Ågåte Andersdtr Eimhjellen.

 

Ekteskapet i 1722 blir inngått når den yngste er 7 år gammal, så dette kan ikkje vere same mannen.

 

Sidan kjem eit ekteskap i 1743 - mellom Ola Løkkebø (utan farsnamn) og Ågåte Andersdtr (utan gardsnamn).

 

Til sist er Ågåte Andersdtr (f. Eimhjellen) nemnd i eit skifte på Grov i Kinn i 1747 - gift med Ola Andersson Løkkebø.

 

Er desse tre den same Ågåte Andersdtr - som har vore gift med to blad Ola (Andersson) Løkkebø, eller?

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

For å bidra med litt meir ingredienser i salaten.
 
Når Ole Olsen Løkkebø døyr i 1779, er Ole Andersen Rørvig i Nordfjord i Gloppen prestegjeld oppgitt som formyndar for hans 3 år gamle datter, og Ole Andersen Løkkebøe oppgitt som kreditor. Kan ein av dine ha flytta over grensa?

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Svanø birk tinglag, Skifteprotokoll A 14 , 1772-1779, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Register.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24203/440/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081127610746.jpg

mvh Egil

Endret av Egil Russøy - Førde
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1780 er det skifte etter Siur Olsen Rørvik, og her er Ole Andersen Løkkebøe oppgitt. Det er litt utydeleg, men eg tolkar det dit hen at Ole Andersen Løkkebøe er son til Siur Olsen sin bror.

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 16b , 1777-1780, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Merknader: Fol. 432-867. Register på Statsarkivet i Bergens lesesal.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24235/427/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081201620867.jpg

 

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjerteleg takk! Eg skal studere desse skifta når eg kjem heim for dagen - no er det barnetog og full pakke fyrst!

 

Redigert: Skiftet etter Sjur Olsson Røyrvik fekk spikra fars-slekta til den eine Ola Anderson, han eg veit er frå Holme - nyttig.

 

Eg forstår at eg bør gå gjennom det som måtte finnast av skifte frå denne enden av bygda - alt er samanvove på fleire måtar.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Aase. 

Jeg har nok ikke noe å bidra med her heller, tror jeg. Jeg har en Ole Andersen Løkkebø(f. ca 1699?) gift med  Aagathe Andersdtr, Eimhjellen. Er hun datter av Anders Knudsen og Mari Rejelsdtr. Eimhjellen?

 

Jeg har ikke noe mer om dem i databasen min, så om du har noen utfyllende info om Ole og Aagathe mottas det med takk.

Endret av Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har også fundert ein god del på Ole Andersson og Aagathe Andersdotter som levde på Løkkebø på midten av 1700-talet, og har enda opp med den slutning at det var 2 Ole Andersson gift med den same Aagathe.

 

Ole Andersson som blei gift med Aagaathe Andersdotter Eimhjellen i 1722, døydde truleg på slutten av 1730-talet eller byrjinga av 1740-talet.   Grunnen til at dette ikkje framgår av kyrkjeboka, er at kyrkjeboka for Kinn i tidsrommet 1739 - 1750 er svært mangelfull. 

 

Enkja Aagathe Andersdotter gifta seg så med Ole Andersson Holme.  Dei blei trulova i 1743 og eine trulovaren var Anders Løkkebø, som truleg var bror til Ole.  At Ole Andersson ved trulovinga er førd med namnet Løkkebø, treng ikkje å bety at han var fødd på Løkkebø.  Eg har fleire eksempler på at personer som gifta seg er førde med namnet på garden dei budde på og ikkje garden dei kom frå.  Dette passar også med skiftet på Holme i 1752.

 

Aagathe og Ole Andersson "Holme" fekk i 1745 ei dotter som blei døypt Oline.  Oline blei i 1765 gift med Ole Olsson Straume, Hyen, men ho døydde barnlaus i 1770 (gravlagd på Svanøy 27.5.1770, 25 år gamal).  Det er ikkje skifte etter henne.

 

Ei Aagaathe Andersdotter Løkkebø blei gravlagd på Svanøy 4.8.1788, 87 år gamal.  Dette passar med Aagaathe Andersdotter Eimhjellen fødd 1699.

 

Det må nemnast at ei Aaagaathe Andersdotter døydde i 1758, 60 år gamal.  Ho kan aldersmessig passe. Ho er ikkje førd med gardsnamn, og kan ha vore frå ein annan gard, f.eks. Merkesvik, der det også var ei Aagaathe Andersdotter.

 

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for innspel! Ja, eg er også ganske trygg på at det er slik det heng saman, men det endelege beviset manglar dessverre. Kanskje finn vi det tilfeldig ein gong?

 

Eg har elles fleire lause trådar mellom Gloppen - spesielt Hyen - og nabogardane i Sunnfjord, så eg kjem gjerne med tida med fleire spørsmål du kan svare på!

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.