Gå til innhold
Arkivverket
Morten Sylte

MR, Volda, Bjørneset nr. 6, sogebokoppslag

Recommended Posts

Morten Sylte

Håpar nokon med tilgang til Busetnadsoga for Volda kan gjere eit oppslag på bruk nummer 6 på Bjørneset i Austefjorden.

 

Personane eg søkjer opplysningar om er ekteparet Jon Jonsen og Eva Pedersdatter som busette seg på dette bruket i 1785. Hovedsaklig om det står noko om kvar dei kom frå, opphavet deira.

 

Eg trur eg har funne eit ektepar som passar i enkemannen Joen Joensen Kieldstad (Kjellstad i Sunnylven) og Eva Pedersdatter Lødemel i Hornindal som gifta seg (trulig i Hornindal kyrkje) 1. juli 1781.

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000099289

 

Dessverre klarar eg ikkje å lokalisere noko skifte eller annan primærkjelde som beviser teorien min. Finner mange interessante opplysningar i både Joen Kjellstad og Eva Lødemel sine familiar som gjer meg ganske sikker, men manglar beviset!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

No er eg ikkje sikker på om Bjørneset vert rekna til Austefjorden .... men det er vel ei anna sak.

 

BSVolda b.2 s. 318 (Bjørnaset 6-7):

"Jon Jonss. frå Kjellstad i Hellesylt. f. 1739, d. før 19.10.1802 (skifte), g. 1781 Eva Pedersd. frå Lødemel i Hornindal, f. 1751, d. 3.4.1835. Han var tidl. g. m. Mari Askjelsd. frå Hellesylt, f. ca.1723, d. 1771, busett Langeland, Hellesylt. VS [= Voldasoga, Aarviknes] meiner Jon kom hit frå Raftevoll i Hornindal og bygsla av Ørskog kyrkje 1785."

 

Det er ikkje så mange hint om kjelder.
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Ivar.

 

Rett skal vel vere rett. Kilsfjorden er korrekt plassering ;)

 

Takk for oppslagetl! Arnfinn Kjelland har tydeligvis kome til same konklusjonen, noko som i seg sjølv er å rekne som eit kvalitetsstempel. Synd det ikkje var nokon opplysningar om korleis han kom fram til dette. Eg får berre søkje vidare. Aarviknes sin forklaring skal eg ikkje avfeie enno, men har ikkje funne noko som tilseier at det stemmer. Her og har eg fleire trådar eg kan trekkje i ...

 

Grethe:

 

Takk for oppslaget i Aarviknes sin bygdebok. Eg skulle sjølvsagt ha nemnt at eg har sett i denne boka sjølv, og funne ein konklusjon som eg er (hittill iallfall) uenig i.

 

mvh

Morten

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Eg ville ikkje utan vidare rekna det som visst at Busetnadssoga har sikre kjelder for alt som står der.

Men venteleg er det eitt eller anna skifte som knyter Jon til Kjellstad eller Eva til Lødemel.

 

Årviknes har neppe dikta opp bygsla i 1785. Dersom det finst eit kyrkjerekneskap for Ørskog, kan det vere teke vare på ein gjenpart eller kopi av bygselsetelen der. Eller så kan han ha vore tinglesen og innført i panteboka og/eller tingboka.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Nei, bygsla tvilar eg ikkje på eg heller! Har sett i panteboka tidlegare i kveld, men fann ikkje noko då. Det er dermed ikkje sagt at der ikkje er noko, berre at eg ikkje har funne noko. Tingboka må eg studere. Takk! Samtidig skulle det ha vore interessant å vite kvar eg eventuelt vil finne kyrkjerekneskapa. Eg har tidlegare vore borti eit par tilfeller i Syvde sogn i Vanylven som også viser til kyrkja som eigar og som også manglar opphavet til bygslarane.

 

Ang. å stole på bygdebøkene. Det gjer eg ikkje! Er klar over problema rundt det. Men trur Kjelland er av dei bedre rundt dette med kjeldekritikk i sogeboksamanheng. Det til side! Eg må berre klarne tankane og gå på med nytt mot. Eg meinar at ekteparet er funne og så får ein tru at beviset berre ventar på å verte oppdaga.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Eg meiner at i skiftet etter Jon Jonsen Bjørneset (på s. 155a) er nemnd Siri Jonsdtr. Hessegjerde på Stranda, der det står at ho "havde een broder som boede paa Biørneset i Wolden ved navn John Johnsen...". Siri Jonsdtr. Hessegjerde var frå Kjellstad, og søster til Jon Jonsen Kjellstad.

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Inge.

 

Takk for at du nemner skiftet etter Jon. Eg har no forsøkt å lese det du nemner du ser i skiftet men eg klarar dessverre ikkje å finne noko angåande Siri Jonsdatter gift Hessegjerde i skiftet etter Jon. Men no er det no ei særs rotete skrift i dette skiftet då. Eg klarar kun å lokalisere ei Siri Jonsdatter - elste dattera til Jon og Eva - som er 19 år gammel og har som formyndar Svend Rasmussen Biørneset. Kanskje nokon kan peike på kvar eg finner syster til Jon nemndt i skiftet?

 

Eg finner to personar frå Nordfjord som begge er nemnde som kreditorar i buet - Peder Pedersen Lødemeel som trulig er broren til Eva (men ikkje spesielt bemerka i skiftet!) og Nils Nilsen Frislid. Indisiar men dessverre ikkje "bevis". Får berre leite vidare. Skiftet etter Jens Knudsen Hessegjerde - mannen til Siri Jonsdatter Kieldstad gav heller ikkje nokon informasjon (etter det eg kan sjå iallfall!) om broren Jon Jonsen.

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Jon Jonsen Bjørneset har to skifter etter seg! Ikkje anna å vente at eg ikkje klarte å lese noko om Siri Jonsdatter Hessegjerde i skiftet eg sat og las i sidan ho er nemndt i skifte nr. 2! Fyrste skifte påbyrja 5 november 1802 og startar side 154b og sluttar 155a, der skifte nummer to (oppstarta 1. Juli 1803) tek over direkte og sluttar side 157a.

 

Og då les eg også det Inge hadde stadfesta allereie i sitt innlegg. At enken Siri Jonsdatter Hessegjerde ER syster til Jon Jonsen Bjørneset! Tusen takk, Inge!

 

mvh

Morten

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.