Gå til innhold
Arkivverket

Utfordring i indre Sogn: Kvar i Sogndal eller Årdal kjem denne huslyden ifrå? - kvar budde Ellef, fødd kring 1625??


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Det vart 8.4.1692 (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24134/120/) halde eit spennande skifte på Barsnes i Sogndal etter Johannes Berentson Barsnes' "qvinde":

 

* Marita Ellefsdotter.

 

Som ervingar er nemnde:

 

* Eli (Ellefsdotter) Nordnes - søster - gift med Jeremias (Olson) Nordnes - han fødd kring 1661

 

* Hermund Nilsson - brorson

 

* Frik Nilsson - brorson

 

* Synneva (Nilsdotter) Naversether - brordotter

 

Marita Ellefsdotter, Eli Ellefsdotter og Nils Ellefson må vera søsken og born av ein Ellef som kan vera fødd kring 1625, men kvar budde denne Ellef?

 

Eg finn ein Hermund Nilsson som i 1701 var tenestedreng på Hovland i Årdal, 16 år gamal og "føed i sognet", som eg trur kan vera "vår" brorson Hermund, men nokon Frik Nilsson som høver, finn eg ikkje!

 

Interessen min ligg særleg på denne Hermund Nilsson, fødd kring 1681, som i 1711 kjøpte ein gard på Øvrebø i Solvorn, Hafslo og busette seg der.  Men kvar var han ifrå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt på siden, men her er skifte etter Eli Ellefsdatter i 1712:

 

Namn arvtakar: Elj, Ellefsdtr 

Gard: Nordness, nr.:2

Husmannsplass:  

Yrke:   Skipreide: Norum

Protokoll/side: 3-182

Datering: 1708-1722

Dato: 9.10.1712

Eiga: 70 Dalar, 2 ort, 6 skilling

Gjeld: 36 Dalar, 2 ort, 12 skilling

Netto: 33 Dalar, 5 ort, 10 skilling

Merknad:  

 

Personar i skiftet :
(1) Hermund Jeremiassen Bergen Søn
(2) Biørn brorsøn Jonsen Balestranden Møtte på vegne av He
(3) Nils Hermundsen Balestranden 
(4) Anders 
(5) Nils 
(6) Boets gjeld Kreditor
(7) Jeremias Nordness Enkemand

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

?? - antakelig et av mine skudd i blinde...

 

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/27/pa00000000519806

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 1a , 1698-1700, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Fol. 3-218.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24153/100/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081121680514.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for spennande og oppklarande innlegg!

 

Skiftet etter Eli Ellefsdotter Nordnes frå 1712 (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24135/183/) syner at ho vart etterlevd av

 

* Jeremias Nordnes - enkjemann

 

* Hermund Nilsson - busett i Bergen - brorson (på hans vegne var tilstades Bjørn Johnson Sande i Balestrand og Nils Hermundson i Balestrand)

 

* Marita Henriksdotter - søsterdotter (på hennar vegne var tilstades Anders Pederson på Kvåle i Sogndal)

 

* Anders Henrikson - søsterson - tener på Flåten (Sogndal)

 

* Nils Henrikson - søsterson - tener i Nordlandene

 

Dei siste tre er nok borni til Synneva (Nilsdotter) på Navarsete nemnd i 1692 og soleis brordotterborn av Eli Ellefsdotter!

 

~~~~~

 

Og so har me skiftet etter Frik Nilsson på Fjærestad i Kvamsøy (Balestrand), og dette er eit godt blindskot!  (Utruleg kva du Grethe greier gjera i blinde!!).  Han vart i 1699 etterlevd av:

 

* Britha Colbensdotter, mor

 

* Hermund Nilsson Haugen, bror

 

* Synneva Nilsdotter, søster

 

Alle var FULLMYNDIGE!

 

Og nettopp denne siste utsegni er nok til at eg kan utelukka denne Hermund Nilsson som "kandidat" til gardbrukaren på Øvrebø i Solvorn, Hafslo, i tillegg til at denne Hermund Nilsson budde i Bergen i 1712.  Han er heller ikkje å sjå i Sogn i 1701!

 

~~~~~

 

Då er nok den Hermund Nilsson på 16 år, som i 1701 tente på Hovland i Årdal, IKKJE ein del av huslyden som er drøfta i dette emnet.  Men nettopp denne siste Hermund er truleg mannen som hamna på Øvrebø i Solvorn...  So var det "berre" å finna ut kven han var son av...

 

Nok ein kjempetakk til Grethe for denne avklaringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg finner dette: 

http://home.online.no/~arnm/moen/wga5.html

http://home.online.no/~arnm/moen/wga5.html#I481

 

"Nilson, Herman (1665 - 1740) 

b. 1665 
d. 26 JAN 1740 in Bergen

Herman var jektesiglar, men eigde og hus på Tangen. Her sat ofte bonde og koparverksarbeidarar og drakk og spela femkort. Det enda ofte med slagsmål. Slik står det i tingboka. Både Herman og kona er ofte nemnde i tingboka, bla. for å kalla gjestgjevar Backe "landløper" og kona for "austlandshora". Herman og kona stevnde Backe for at han hadde skjelt dei ut, og "for at overfaldt hermans kvinde paa Allehelgensdag" Men det gjekk ikkje so bra, for samtidig kom Ola Lægreid og stevna Barbro for at ho hadde kalla kona til Ola for "ljugartæva". Dei trygla på tinget om nåde og slapp med ei bot på 4 rdl. Det siste me ser om Herman er at han pantset jekta si, huset, "item og anden eiendom" til Eskild Loeman i Bergen. Herman er sannsynligvis død i Bergen, og det kan vera vår Herman som er gravlagd 26 januar 1740 "fattig"

spouse: Iversdtr, Barbro (1674 - 1751) 
----------child: Melheim, Åmund Hermanson (1725 - 1811)"

 

Lærdal, ministerialbok 1711-1752, Kronologisk liste 1725, høyre side, høyre kolonne, øverst:

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514610633.jpg

 

Spørsmålet er: er denne Herman (Hermund?) Nilsen identisk med Hermund Nilsen i Bergen (skiftet 1699).

 

Det eneste som får meg til å stusse, er at Barbro er født 1674 og hvis sønnen Åmund er født i 1725, så ville hun være 51 år gammel. Det har skjedd før, men jeg lurer jo litt....! 

 

 

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt spennande innlegg om Hermund Nilsson.

 

Den Hermund Nilsson som døydde i Bergen i 1740, er truleg han som er nemnd busett i Bergen i 1712.  Den Hermund Nilsson som i 1725 fekk sonen Aamund i Årdal med Barbro Iversdotter må vera ein annan person!  Hermund Nilsson og Barbro Iversdotter, referert til som både Eidet og Tangen, fekk born i Årdal frå 1714 til 1725:

 

* Iver Hermundson, døypt 2.12.1714

 

* NN Hermundson, døypt 21.5.1716

 

* Martha Malene Hermundsdotter, døypt 4.9.1718

 

* Anna Marie Hermundsdotter, døypt 20.10.1720

 

* Hermund Hermundson, døypt 25.4.1723

 

* Aamund Hermundson, døypt 21.10.1725

 

Då har me med andre ord TO mogelege lagnadar for den Hermund Nilsson som i 1701, 16 år gamal, tente på Hovland i Årdal, denne Hermund på Eidet eller Tangen i Årdal, og Hermund Nilsson på Øvrebø i Solvorn.

 

Kven er kven??  Eg mistenker den eine for å ha opphavet sitt i Valdres...!?

 

Ikkje so lett dette...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når ein først driv og skyt litt i blinde...

Arvingen Eli Ellefsdotter, gift med Jeremias Olsen Nornes bur i Norum skipereie.

I futemanntalet for Indre Sogn frå 1666 er det nemnt ein Eilluff Schaffer på Ølmemb i Norum skipreide.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=ISO1666&gardpostnr=849&merk=849#ovre

 

Frå slutten av 1700-talet vart det ein handelsstat på Ølmheim.

http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/%C3%98lmheim_gamal_handelsstad

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Eli for nytt interessant innlegg!

 

Eg har før slege fast at den Hermund Nilsson, som var brorson av Eli Ellefsdotter, flytte til Bergen og IKKJE kunne vera identisk med den Hermund Nilsson som vart gardbrukar på Øvrebø i Solvorn, Hafslo.  Då eg oppdaga dette, kom spørsmålet om bustaden til faren/bestefaren Ellef i bakgrunnen.  Men av dei få personar i futemanntalet for indre Sogn frå 1666 med dette namnet, er skaffaren på Ølmheim i Sogndal absolutt ein god "kandidat"!

 

Elles har eg i kveld studert den gamle bygdeboki for Årdal og ogso dei originale dåpsforretningane i kyrkjeboki for Lærdal/Årdal, og det som sleg meg, er at den Hermund Nilsson som var gift med Barbro Iversdotter og budde på Årdalstangen som jekteskipper, stort skreiv namnet sitt Herman i staden for Hermund, og eg trur at han må ha vore innflytt til Årdal, kan henda frå Valdres, eller kanskje frå Bergen?  Eg veit ikkje svaret på dette, MEN den Hermund Nilsson som i 1701 tente på Hovland i Årdal, synest vera son av Nils Olson Prestegard som med kona Eli Hermundsdotter (frå Øvstetun) pakta Prestegarden i Årdal frå 1681 til dei i 1690-åri vart plassfolk under same gard.  Eldste dotteri til Hermund Nilsson på Øvrebø i Solvorn heitte då òg Eli!

 

Eg ser etter dette på denne utfordringi som løyst!?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.