Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

SF Gloppen 1700-talet: Gullbrand Olss, Gullbrand Kristofferss, og Gullbrand Rasmuss - tre som blir miksa; kven er far til Ola Gullbr.son Skeistrand?

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Dette er ikkje så mykje spørsmål, men meir eit ynskje om å rydde opp for nokon, sidan dei som har desse mennene i anetavla si, vil kome ut på viddene dersom dei brukar bygdebøkene til å setje opp slekta. Alle har på eit eller anna tidspunkt tilknyting til gardar vest for Hyefjorden - Skeistranda og Årevika, og alle kan i fyrste omgang tenkjast å vere far til Ola Gullbrandson Skeistrand, som er brukar på Skeistrand nr 2 frå 1760-talet.

 

1. Gullbrand Rasmusson Skeistrand, f.1699 på br nr 1 på Skeistrand, men seinare brukar på nr 2 Skeistrand. Han er nemnd i manntalet 1701, og i skifte etter faren i 1713. Han gifte seg med Alet Andersdtr i Davik i 1718, og dei hadde dottera Mari, fødd og død i 1720, så då Alet døydde i 1730 var ho utan etterkomarar.  Gullbrand gifte seg igjen i 1732, denne gongen med Anne Andersdtr med ukjent opphav, og dei fekk borna Alet 1732, Anders 1735 og Ola 1741. Det kan ha vore fleire born mellom 1735 og 1741, då der er ca 3 år utan kyrkjebøker, men eg finn i alle fall ikkje spor etter fleire. Sonen Ola vart konfirmert i 1761 (20 år gammal), gift med enkje Ingeborg Jensdtr Stårheim i 1764, og vart brukar på Stårheim. Gullbrand Rasmusson er altså ikkje far til Ola Gullbrandson Skeistrand.

 

Dersom Gullbrand Rasmusson er innført som død i kyrkjeboka for Gloppen, må det vere under feil namn - det skal eg kome tilbake til.

 

2. Gullbrand Olsson Gjengedal, f.1717, truleg på br nr 1 Gjengedal, der han vart brukar. Han er det einaste barnet eg finn etter foreldra Ola Andersson og Brite Gullbranddtr, og ingen av dei to er registrerte døde i Gloppen - eg finn heller ikkje skifte etter dei, så det endelege provet for at brukaren Gullbrand Olsson er identisk med sonen deira, har eg ikkje.

 

I alle fall gifter Gullbrand seg med Brite Samuelsdtr Hope i 1739. Dei får borna Oline, Gullbrand og Synnøve, som alle er nemnde i skiftet etter mora i 1751. (Uventa at dei kallar sonen Gullbrand, og ikkje verken Ola eller Samuel). 

 

Gullbrand Olsson Gjengedal gifter seg igjen i Eid i 1752, med Magdeli Pedersdtr Mørkeset. Men denne kona tek han tydelegvis ikkje med seg til Gjengedalen igjen: Det er skifte etter henne på garden Årevik i 1755, der ho er død barnlaus, og Gullbrand Olsson er enkjemann. Men han gjev ikkje opp, og gifter seg igjen i 1761, då i Eid med Guni Monsdtr Løken.

 

Men med så gjort, er han tilbake til Gjengdalen igjen, der han og Guni får borna Mons, Byrge og Brite i 1762, 1763 og 1767. Guni døyr i Gjengdalen i 1771, sameleis dottera Brite, og Gullbrand Olsson ser eg ikkje att der. Men same året, i 1771, døyr ein Gullbrand Olsson Skeistrand i Gloppen - det kan vere freistande å tenkje at det er han, men vedkomande skal vere 72 år gammal; altså ein alder som passar mykje betre til tidlegare nemnde Gullbrand Rasmusson - eg vil derfor tru at det er ein skrivefeil frå presten si side. Dermed har vi ikkje noko dødsår på Gullbrand Olsson, og han kan godt ha flytta frå bygda, då ingen av dei to sønene i siste ekteskapet er konfirmerte her; den eine, Byrge, er det skifte etter på Krokane i Sunnfjord i 1842, og då står det at han har slekt i Nordfjord, men ingen veit noko namn.

 

Same korleis eg har leita, har eg ikkje funne at Gullbrand Olsson hadde nokon son med namnet Ola, merkeleg nok. Bygdeboka har valt han som far til den nemnde brukaren Ola Gullbrandson på Skeistrand, men det er ikkje muleg, ikkje minst fordi det berre er omlag 10 års aldersskilnad mellom dei. Gullbrand Olsson er altså ikkje far til Ola Gullbrandson Skeistrand.

 

3. Gullbrand Kristofferson Eikenes er fødd på Eikenes i 1700. Han er nemnd i manntalet i 1701, og i 1726 trulovar han seg med Randi Filippusdtr Lote, som han gifter seg med i januar året etter. Det har vore heilt i siste liten, for sonen Kristoffer kjem til verda kort etter (han døyr same året). Deretter forsvinn Gullbrand og Randi frå Gloppen. Det er skifte etter morbroren hans på Årskog i 1746, og då er Gullbrand ein av arvingane - han er då husmann og busett på Torheim i Eid.

 

Det er dårlege kyrkjebøker for Eid på denne tida, så eg har ikkje greidd å finne born etter han som er døypte, men i 1746 er det ein interessant konfirmant i Gloppen: Ola Gullbrandson Torheim. Same året gifter Gullbrand Kristofferson Torheim seg med Kari Amunddtr Stårheim i Eid, og frå same året får dei tre born i Gloppen - Randi Lote 1746 (seinare i Bergen), Barbrå Årskog 1748 (død lita), og Kari Årskog 1751 (ukjend lagnad etter konfirmasjonen 1766). Gullbrand blir enkjemann på nytt i 1759, og kvar det blir av han etter det, veit eg ikkje - han ser ikkje ut til å vere gravlagd i Gloppen.

 

Men tilbake til konfirmanten Ola Gullbrandson Torheim. Han må vere identisk med brudgommen Ola Gullbrandson Lote som i 1760 gifter seg med Brite Jondtr Devik. Dette paret buset seg på Holme i Hyen (kvifor??), og får 4 born - Randi, Randi, Brite og Jon. Oppkallinga etter Randi gjer at eg er trygg på at dette er son til Randi Filippusdtr Lote og dermed også Gullbrand Kristofferson. Randi 1 og Jon døyr som speborn, og så døyr også Brite Jondtr, truleg i samband med tvillingfødsel, i 1764.

 

Då ser Ola seg om etter ny kone, og finn ei passeleg på br nr 2 Skeistrand - Ingeborg Rasmusdtr, f.Mørkeset, som er blitt enkje same året, og det blir ekteskap.

 

Dermed er eg stort sett i mål - Gullbrand Kristofferson Eikenes er den som er far til Ola Gullbrandson Skeistrand. Her er framleis mange lause trådar i lufta, men vi har i alle fall ein konklusjon på denne farskapen.

 

Eg håpar at nokon kan ha nytte av denne utgreiinga mi.

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Eg vil nemne at det vart døypt ein Ole Gulbrandsen i Eid i 1728. Faren var nemnd som Guldbrand Hafsaas:

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Eid, Ministerialbok nr. A 1 (1722-1740), Kronologisk liste 1728, side 42.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8768&idx_id=8768&uid=ny&idx_side=-42
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070503620419.jpg

 

Ein Guldbrand Christophersen bygsla eit bruk på Hafsås i 1727: http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=12495&uid=ny&idx_side=-178

 

Ein kan finne Gulbrand Kristofferson nemnt på Indre Hafsås (br. nr. 2) i bygdeboka for Eid og Hornindal: http://www.nb.no/nbsok/nb/11f4ae928f9e15895db86e2d66cf86ff?index=7#429

 

 

Torheim høyrde vel forøvrig ikkje til Eid, men Davik fram til godt inn på 1900-talet.

Endret av Inge Nygård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sol Høydalsvik Ulvestad

Her var det masse opplysningar - som må studerast "med teskei"

Gullbrand Christofferson Eikenes f. 1700 var tvillingbror til Mikkel Christofferson Eikenes g. 1731 m. Marie Danielsdtr. Kvila. Busett Rauset.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×