Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Ein syskenflokk med tilknyting til Ålfoten m.m. på 1700-talet - kven var dei?

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Svar på eit spørsmål løyser ofte ut fleire spørsmål. I samband med utgreiinga mi om dei tre Gullbrandane, har eg brukt eit skifte i Årevik i 1755, og dette etterlet seg fleire spørsmål.

 

Arvelatar er Magdeli Pedersdtr Årevik, som eg ikkje finn død i Gloppen; dermed kan eg ikkje føreslå noko fødselsår for henne.

 

Ho døyr barnlaus, og har desse arvingane: Mora Guni Pedersdtr Hunvik, enkekvinde - broren Knut Pederson Hjelle i Eid - avdøde Abelone Pederdtr Flatraket sine 2 born (ein son og ei dotter) - avdøde Brite Pederdtr Isane sine 2 born (ein son og ei dotter) -Tora Pederdtr Hammar (gift med Anders Hammar) - Anne Pederdtr, gift med Ola Jonson Hunvik. 

 

Namnespekteret på desse syskena er stort allereie her, men verre skal det bli.

 

1. Arvelataren sjølv, Magdeli Pedersdtr, inngår ekteskap med Gullbrand Olsson Gjengedal i 1752, under namnet Magdeli Pedersdtr Mørkeset.

 

2. Knut Pederson Hjelle må vere identisk med den som det er skifte etter på Hjelle i 1766. Enkja heiter Marte Ellingdtr, og då finn eg tilbake til ei vigsle i Hornindal i 1745, mellom Knut Pederson Kroken og Marte Ellingdtr Lødemel.

 

3. Abelone Pederdtr inngjekk ekteskap med Lars Mortenson Årevik i 1744; då er ho kalla Abelone Pederdtr Sigdestad. Etter at han vart død, gifte ho seg med Tomas Olsson Flatraket, då under namnet Abelone Årevik. Etter alder ved død i 1754 skal ho vere fødd ca 1708.

 

4. Brite Pederdtr gifter seg i Davik 1740 - brudgommen er kalla Sakarias Myklebust, men vi veit frå andre opplysningar at det er snakk om Sakarias Markvardson Isane, og brura er kalla Brite Pederdtr, utan gardsnamn. Etter alder ved død skal ho vere fødd omlag 1713.

 

5. Tora Pederdtr gifter seg med Anders Ellingson Hammar i 1745, og er då kalla Tora Pederdtr Myklebust. Ho døydde ca 1756, men er ikkje innført i kyrkjeboka, så eg har ingen alder på henne.

 

6. Anne Pederdtr gifter seg med Ola Jonson Hunvik i 1747, og er då kalla Anne Pederdtr Myklebust.

 

Far deira må heite Peder, og mor Guni Pederdtr. At ho blir kalla Hunvik i 1755 vil eg tru er fordi ho bur hos Anne, men eg er ikkje sikker.

 

Har nokon vore borti denne syskenflokken, og kan fortelje meg meir om opphavet deira?

 

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×