Gå til innhold
Arkivverket

Henning Johan Aksdal frå Fjelberg (1899-1970) - lærar i Solvorn i Sogn - bygdebokoppslag i Fjelberg eller Hareid?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg kavar med å skriva ein biografi om denne mannen som var lærar i Solvorn i Hafslo i om lag 10 år (1950-talet) og sidan på Ål i Hallingdal:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Henning Johan Gjertson Aksdal, opphavleg frå Aksdal øvre i Fjelberg, var f. i Fjelberg 9.4.1899 og gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans?)

 

     med Hanna Maria Andrina Martinsdotter Sulebust frå Sulebust i Hareid, Ulstein, f. i Hareid 3.10.1898.

Henning Aksdal tok lærarskulen

 

##### (om utdanning og bustader før 1951?)

 

Henning og Hanna flytte i

 

##### (kva år? - 1951??)

 

til Solvorn.  Hanna var handarbeidslærar, medan Henning var lærar ved skulen i Solvorn fram til 1961.

Henning og Hanna Aksdal flytte i 1961 til Ål i Hallingdal der dei heldt fram som lærarar til dei som pensjonistar i

 

##### (kva år?)

 

busette seg i Volda.  Henning d. i Volda 15.7.1970, medan Hanna Aksdal d. same staden 17.1.1980.

Henning og Hanna fekk ikkje born i lag, men adopterte ein gut:

 1. Geir Mardon Leonard Aksdal, f. i Kristiansund 9.11.1947, d. i Oslo 10.6.2010.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Er det mogeleg å finna ut noko meir om denne læraren og kona hans?  Carsten Schanche finn ikkje noko om han i lærarbiografiane sine, men kva med bygdebøkene frå Fjelberg, eventuelt frå Hareid på Sunnmøre?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aksdal øvre, gnr. 219 i Kvinnherad er omtala på s. 399-403 i bd. 5 av Kvinnherad bygdebok.

   Kvinnherad Band 5. Allmennsoga, gards- og ættesoga : Eid og Fjelberg
   sokner. - Kvinnherad : Kommunen, 1992. - 479 s., [1] bl.

 

"Gjert Isaksson Årvik, 1851-1918 frå Fusa g m Kristi Torgilsdotter, 1856-1906, kjøpte bruket av Knut Eriksson i 1885. Ho var sjukepleiar. Dei hadde desse barna:

a. Mathilde Kristine, 1886-1913, b. Isak Torvald Martin, 1887-. c. Kristine, 1889 - , d.Gerhard Kristian Olai, 1892-1911, e. Sven Torgils Johan, 1894 - , f. Amanda Lorentse, 2897-1913, g. Henning Johan, 1899 - , lærar"

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Eli for nytt innlegg!

 

Då er altso bygdeboki for Fjelberg (Kvinnherad) undersøkt, men utan at fleire opplysningar ligg føre...

 

Då er det eit spørsmål om bygdeboki for Hareid kan hjelpa...?

 

Eller kvar kan ein søkja etter fleire detaljar?  Eg veit ikkje kvar og står heilt fast...!

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.