Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Hjelp til tyding av skifte Hafslo 1694, please

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Det vart 10.9.1694 halde skifte i Solvorn i Hafslo etter Ole Thomasson Solvorn;

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24134/185/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081120690185.jpg

 

Skiftet byrjar heilt nedst på venstre side i venstre spalte:

 

1694 dens 10de September blef holden

.......... efter Ole Thomessen udj Solfuoren.  Nær

[værende] Enchen Rachel Balzersdatter saa

[velsom] dend sl.Mands Halfsøster Brite Haralds

[datter] .... Gunnille Thomesdatter

 

so vert det vanskeleg å tyda vidare.

Det kan sjå ut som det står noko om [Thomes?] Bjørnethun og Elj Bjørnethun samt Hans Joensens børn??

 

Går me til høgre spalte på vesntre side om lag 10-12 linjer ned, finn me noko om

 

til Deeling 2-3-6 Rdl

heraf Enchen tilkommer den halfue Deel 1-1-11 Rdl

og Arfuingerne 1-1-11 Rdl

ittem Gangklæderne 3-5-2 Rdl

tilsammen (til Arfuingerne) 5-0-13 Rdl

 

Deeles mellom 2 Fuldsøstrer og 1 Halfsøster

 

So kjem noko om at den eine søsterlodden skal deeles i trende parter

mellom Thomes Hans og (Elj?) med 0-4-1 Rdl på hver

 

Går me so heilt til høgre - høgre spalte, vert ervingane opprekna på ny ved utloddingi:

 

Thomes Biørnethun

Elj Biørnethun

Hans Joensens børn

Brite Haldorsdatter

Karen Monsdatter

Anne Monsdatter

Jacob Olsen

 

Her ser det ut som om ogso den andre fullsøsterlodden er delt i tre.

 

Kjerna til det heile er truleg innleiingi i første spalte, men er det mogeleg å tyda det som står der?

 

Og, kor store lutar får kvar av ervingane i siste spalte tildelt?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips i tydingi av dette gamle skiftet!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Her skulle du hatt av dei nye, flotte avfotograferte bøkene - dette gamle "mølet" er neimen ikkje lett å tolke.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aase for spennande innlegg!

 

Dersom det finst betre bilete av desse skifteprotokollsidene nokon stad - kvar kan me i so fall finna dei?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg veit ikkje om dei finst, men det burde dei gjere. På dei gamle bileta veit du ikkje alltid om det er ein strek frå skrivaren eller om det er eit rusk på filmen. Spør arkivet!

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne utfordringi og vonar at ein eller annan  er viljug til å hjelpa meg tyda dette skiftet, særleg innleiingi....

 

Eg har undersøkt om det finst betre bilete av dette skiftet, men det gjer det IKKJE, so me er nok nøydde til å jobba med den føreliggjande versjonen.

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.