Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anders Lasseson Sjøthun (1854-1917) sjømann i Hafslo - utvandra 1885 - bigamist i North Dakota?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Anders Lasseson Sjøthun, fødd i Jostedalen 13.2.1854, gifte seg i Hafslo 19.7.1878 med Kari Johannesdotter Mandsverk, fødd i Hafslo 25.1.1851.  Anders var sjømann og husmann i Hamni under Sjøtun, og han og Kari fekk fem born før Anders i 1885 utvandra åleine til Amerika!  Kari dreiv plassen vidare, men vart sidan sjuk og flytte til Gulen der ho døydde 3.10.1944.  So vidt eg veit, vart dei aldri skilde!  Dei fire sønene deira var:

 

* Johan, fødd i Hafslo 24.4.1876, utvandra i 1894

 

* Lars, fødd i Hafslo 16.10.1878, utvandra i ?1899/1900?

 

* Karl, fødd i Hafslo 26.5.1881, utvandra i 1899

 

* Samuel, fødd i Hafslo 20.1.1884, utvandra i 1903

 

~~~~~~~~~~~~

 

FT1900 for Helendale township, Richland Co., ND syner denne huslyden:

 

Anderson, Andrew  Apr. 1855  Nor  Nor  Nor  married 22 yrs  farmer  emigrated 1885

Anderson, Fredrike  May 1855  Nor  Nor  Nor  married 22 yrs  wife  3 children, 3 living (no emigration year)

Anderson, John  Apr. 1877  Nor  Nor  Nor  single  son  emigrated 1894

Anderson, Lewis  Oct. 1878  Nor  Nor  Nor  single  son  emigrated 1894

 

~~~~~~~~~~~~

 

Her ser me heilt tydeleg Anders og dei to eldste sønene, men kven var Fredrike??

 

~~~~~~~~~~~~~

 

FT1910 for Helendale township, Richland Co., ND syner denne huslyden:

 

Anderson, Andrew L.  55  Nor  Can!  Nor  widowed  farmer  emigrated 1885

Anderson, Carl  28  Nor  Can!  Nor  single  son  emigrated 1895

Anderson, Samuel  26  Nor  Can!  Nor  single  son  emigrated 1893

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Her ser me heilt tydeleg Anders og dei to yngste sønene. men kvar var Fredrike?

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Anders "Andrew" Anderson døydde i 1917 og ligg gravlagd, åleine, på kyrkjegarden ved Helendale Lutheran church.

 

Dødsdatoen hans har eg ikkje finne; han må vera avliden ein annan stad og bragt attende for å gravleggjast...

 

Konkrete spørsmål:

 

** Kven var Fredrike som i 1900 var "kona" til Anders - og kvar vart det av ho?

 

** Kva vart det av Anders sjølv - dato og stad for dødsfallet hans?

 

** Ifølgje slekti forsvann Carl Anderson i ung alder, og siste gongen eg har finne han nemnd er i WW1 draft record frå 1918 då Carl Anderson var gat,marbeidar i Clifford, Traill Co., ND - kva skjedde med han?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Problemet med Fredrikke er at vi kun har fornavn og det hender også at for eksempel fødselsåret kan være et år feil. Og damen jo også ha dobbelt fornavn og bare bruke Fredrikke. 

 

Jeg har gjort et søk i FS i New York Passenger Lists 1820-1891, og her dukker det opp stk Fredrikke, født 1855 i Norge, som immigrerte i 1883:

 

Fredrikke Olsen: https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:QVSJ-G89D

 

Fredrikke Staalesen: https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:QVSJ-JG3Y

 

Dette vil jeg kanskje anta er Fredrikke Olsen, som utvandret fra Kristiania i 1883:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000990920

 

Jeg vil anta at dette er Fredrikke Staalesen, bosatt i Egersund, og utvandret fra Kristiansand:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000261043

 

Ser ut som som Fredrikke Staalesen utvandret samme dag som flere andre Staalesen - 17.05.1883:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/sok/3?f%5B%5D=10&k%5B%5D=1001&fornavn=&etternavn=staal*&kjonn=&bosted=&fodestad=&fodselsdato=&fodselsaar=&alder=&stilling_stand=&familiestilling=&utreisedato=&reisemal=&ankomstdato=&linje=&skip=&agent=&pass=&nytt_yrke=&aarsak=&utreisehavn=&ekspdato=&kontraktdato=&herred=&fogderi=&prgjeld=

 

 

 

 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for tapre freistnader på å identifisera Fredrike.

 

Det vert nok ikkje lett å finna denne jenta, men ein stad lyt ein jo starta.  Eg har sett litt på alle med namnet Fredrike, anten som einaste førenamn eller i ein kombinasjon med andre namn, frå nabobygdene i Sogn, men eg finn ikkje nokon som eg tykkjer høver noko særleg!

 

Når den godaste Andrew i 1910 oppgjev at han er enkjemann, kan jo det tyda på at anten hadde Fredrike flytt ifrå han, eller ho var verkeleg avlidi.  Men eg finn ikkje noki Fredrike gravlagd ved Helendale!  Kanskje hadde dødsattesten eller ein nekrolog etter Andrew vore til hjelp, om me kunne finna noko slikt...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og tankar kring denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.