Gå til innhold
Arkivverket
Per Otto Egeberg Asak

Normalisering av fornavn

Recommended Posts

Per Otto Egeberg Asak

Dette emnet må vel ha vært oppe i digitalarkivet før.

Jeg tar det opp her for normalisering av fornavn er forskjellig behandlet i bygdebøkene, som vi nå har mange av.

Til dømes:Mannsnavn Peder blir normalisert til Per, Gunder blir normalisert til Gunnar eller Gunner, Hågen blir normalisert til Håkon eller Håken, Sigurd til Sjur osv

Kvinnenavn Karen normalisert til Kari, Birgitte til Berte, Sigri til Siri osv.

Noen navn som Ragndid, som praktisk talt er godt ut av bruk, har blitt normalisert til Ragnfrid. Andre navn som er brukt i middelalderen som f.eks Ogmund har blitt nomalisert til Oddmund, men det må da være feil. Jeg kan godta Rangndid blir til Ragnfrid.

Av de nevnte mannsnavna er det greitt å normalisere navn som Hågen og Gunder. Ser ingen grunn til at de navna ikke skal fornorskes. Peder er værre, for det kan ha stått for Peter eller Per. Sjøl om de har samme opphav så har de gjennom tiden blitt forskjellige fornavn. Det har også Peder blitt, men i Norge har denne formen vært en fordanskning av Per evt Peter. At det blir to muligheter gjør at jeg ikke kan normalisere Peder. Da må jeg vite at folket kalte han for Per.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Her er du inne på eit gammalt tema, ja. Og eg kjem med min same gamle påstand, nemleg at personnamnet er eit munnleg fenomen som ulike skrivarar skriftfesta på ulike måtar. I dag er vi nøye på det, og blir sure viss skrivaren skriv Grete i staden for Grethe, td, men slik har det så avgjort ikkje vore i mesteparten av den tida vi har kjelder for.

 

For eksempel Gunder, som du nemner: Eg veit ikkje om nokon i våre bygder som har kalla seg det om dei sjølve skulle fortelje kva dei heitte. Dei har sannsynlegvis sagt Gunnar i ei eller anna form, gjerne Gunnja. I dag blir namnet skrive Gunnar, og for meg er det naturleg at vi skriftfester dei gamle variantane slik og.

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Hans Andersen

Det er for det meste bygdbokforfattere som tukler og generaliserer fornavn. Jon/Joen blir fort John selv om kirkeboka sier noe annet. Halfour blir Halvor og Laurs blir Lars...Rangdi blir Ranghild....så er det også Gønner, Gonnor , Marj   ... Navnene er jo mer moderne i dag men er det ikke historisk interessant å se når disse endret seg i kildene da? Har mang flere eksempler.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sigbjørn Sandsmark

Her er du inne på eit gammalt tema, ja. Og eg kjem med min same gamle påstand, nemleg at personnamnet er eit munnleg fenomen som ulike skrivarar skriftfesta på ulike måtar. I dag er vi nøye på det, og blir sure viss skrivaren skriv Grete i staden for Grethe, td, men slik har det så avgjort ikkje vore i mesteparten av den tida vi har kjelder for.

 

For eksempel Gunder, som du nemner: Eg veit ikkje om nokon i våre bygder som har kalla seg det om dei sjølve skulle fortelje kva dei heitte. Dei har sannsynlegvis sagt Gunnar i ei eller anna form, gjerne Gunnja. I dag blir namnet skrive Gunnar, og for meg er det naturleg at vi skriftfester dei gamle variantane slik og.

Du kan jo "Google" Gunder Visland,han lever og kaller seg Gunder.Der er sikkert mange fler.

 

God sommer !

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Olaf Larsen

Man ser jo også i f.eks. folketellingene hvilket mangfold det var av fornavn. Jeg bruker konskvent det opprinnelig skrevne navnet, fordi jeg  har sett endel eksempler som ikke stemmer med teoriene om 'normalisering'. Det er ikke uvanlig å se f.eks. Christen/Christian, eller Erlend/Ellend/Elling om hverandre, og da tolker jeg det som forskjellige navn. Det herlige med det game digitalarkivet var at du kunne søke på en enkelt forbokstav, og så få opp en liste med navn. Da så man forskjeller fra bygd til bygd, men også at mange av de normaliserte navnene ble brukt parallellt med andre eldre varianter. Vi har jo dessverre ikke noen muntlig overlevering av navnene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Så klart det er mange som heiter Gunder rundt i landet i dag! Eg refererte til "våre bygder" - og eg snakkar om tida før oss, før namnelovene og før folk flest skreiv namna sine oftare enn eit par gonger i året - om dei kunne skrive. Og det er ikkje kyrkjeboka som er fasiten.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Olaf - du skriv "det opprinnelig skrevne navnet" - men kva kjelde skal du referere til då, når eit namn er blitt skrive på 6-8 ulike måtar i ulike dokument, og kanskje 2-3 ulike måtar i same dokument? Vi i vår tid er gjerne vane med å tenkje at det som blir skrive ved dåpen er rett, men i tidlegare tider var ikkje alltid namnet nemnt ved dåpen ein gong - sjå td her http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11423&idx_id=11423&uid=ny&idx_side=-14her vil du finne mange born utan namn.

 

Du skriv også "vi har dessverre ikke noen muntlig overlevering av navnene" - det stemmer ikkje. Uttalen av namn har endra seg minimalt gjennom hundreåra, og når vi veit korleis folk fødde i 1880 uttala namna, veit vi stort sett og korleis dei som var fødde i 1680 sa dei.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sigbjørn Sandsmark

Så klart det er mange som heiter Gunder rundt i landet i dag! Eg refererte til "våre bygder" - og eg snakkar om tida før oss, før namnelovene og før folk flest skreiv namna sine oftare enn eit par gonger i året - om dei kunne skrive. Og det er ikkje kyrkjeboka som er fasiten.

Og diakekten her var Sybjen ;-)for Sigbjørn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per Otto Egeberg Asak

Til Olaf Larsen: Jeg har opplevd at Halvor skrives på 3 forskjellige måter, og det er samme mann: Haffuor, Hoffuer og Halffuor. Tror du at denne mannen har tre forskjellige navn? En indikator var at sønnene skreiv seg Halfuorsen og Halfforsen. Hvis jeg skulle bruke alle disse navneformene ville det bli en fullstendig uoversiktig slektshistorie. Jeg tok ikke dette eksemplet med i begynnelsen. Men siden mange innlegg var kritiske til bygdebokforfatterenes normalisering, så tok jeg dette eksemplet med. Jeg mener likevel noen former for normaliseing kan gå for langt. Men en form for normalisering må til, ellers vil framstillingen bli for rotete og uoversiktlig.

Endret av Per Otto Egeberg Asak

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Vi kan sikkert lage ein konkurranse her om kven som finn og dokumenterer flest skrivemåtar av namnet til éin og same person. 6-7 skal eg greie utan noko særleg leiting.  Folk som heiter Sjur/Sivert/Sigurd, Sisilie eller Elisabet er gode kandidatar.   Kanskje det ligg ein tråd her om dette frå før også...

 

Så kan vi ta opp spørsmålet om kva som er det "rette" namnet på kvar av desse personane.... - dersom nokon orkar.

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

- og mitt svar er at det ikkje fanst noko "rett" namn i tidlegare tider. Dei største problema tykkjer eg at eg har sett når ein får bygdeboka skriven av ein person som ikkje har lokal tilknyting, og derfor vel feil normalisert form - eller når forfattaren har eit svært sterkt prinsipp å gå etter, som td Joleik i Soga um Jølst, som nærmast skapte si eiga rettskriving og brukte namneformer som verkar svært framande for mange av lesarane.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per Otto Egeberg Asak

Siden Ivar S Ertesvåg er kommet på banen. Enig vi kan ikke med sikkerhet finne det rette navnet, særlig i tilfelle ovenfor.

En ting jeg tror du veit en del om, er om det middelalderske navnet Ragndid ennå kan normalisers? Kåre Lunden "moderniserte" navnet til Ragnfrid. En gang kom jeg over ei bygdebok (husker ikke hvilke) som normaliserte Ogmund til Oddmund?? Men det er vel å gå for langt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg oppfattar ikkje Ragndid som eit separat namn, men som ein av fleire skrivemåtar på det som vi i dag skriv Randi. Ragnfrid ville eg i alle fall ikkje ha blanda inn.

 

Eg vel ei hovudform i slektsprogrammet mitt, og registrerer andre variantar dersom dei skil seg tydeleg ut. Randi/Randie/Rangdi vil eg ikkje registrere som ulike variantar, men finn eg derimot personen skriven som Ragnilde, vil eg registrere varianten Ragnhild.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Siden Ivar S Ertesvåg er kommet på banen. Enig vi kan ikke med sikkerhet finne det rette navnet, særlig i tilfelle ovenfor.

En ting jeg tror du veit en del om, er om det middelalderske navnet Ragndid ennå kan normalisers? Kåre Lunden "moderniserte" navnet til Ragnfrid. En gang kom jeg over ei bygdebok (husker ikke hvilke) som normaliserte Ogmund til Oddmund?? Men det er vel å gå for langt.

 

Om Ragndid veit eg faktisk ikkje noko....   Men eg les at fleire norske og svenske forskarar vert refererte på at det er ei form av Ragnfrid. Om dei har granska dette - eller nokon berre har trudd noko og så vorte referert av dei andre, veit eg ikkje. 

Elles er vel ikkje ordet "modernisering" det rette når ein fører ei namneform attende til ei gammalnorsk form.

 

Ogmund og Oddmund er to ulike namn. Men det ser ut til at begge finst i forma "Ommund" (som i tillegg kan vere ei form av eit tredje namn, Åmund)

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg er vel mellom dei som "synder" når det gjeld dette med normalisering av namn.  Eg har følgjande syn på saki:

 

* Frå den tidi der folk sjølv vart skriveføre og sjølv skreiv namni sine, bør ein respektera dei namneformene dei nytta.  I det store og heile er dette tilfelle frå siste del av 1800-talet.

 

* For namn eldre enn siste del av 1800-talet nyttar eg normaliserte former for alle førenamn, og eg nyttar den formi som var vanleg kring midten av 1800-talet, d.v.s. i den seinare del av den språklege "dansketidi".  Ei orsak til dette er omsynet til dei titusenvis av amerikanarar som ættar frå Luster og som ønskjer å spora slekti attende.  For dei er mange av dei "moderne" namneformene heilt ukjende og kan berre bidra til ekstra forvirring!  Det er i dag truleg over 300000 amerikanarar som på eitt elles anna vis ættar frå Luster kommune, som i dag har vel 5000 innbyggjarar!

 

Men ein lyt vera varsam med normaliseringi, og siste eksempel nemnd av Ivar er eit godt døme.  Ein skal dessutan vera merksam på at enkelte namn kan ha ulike normaliseringsformer frå ein landsdel til hin, jau sogar innan same fylke og ogso innan same kommune!

 

I Hafslo prestegjeld har me til dømes formene Aanund, Aamund, Amund og Augund, stundom òg skrivne Onund, Omund og Ougund, medan Aanund og Augund er so å seia ikkje-eksisterande i andre delar av Luster kommune!  Amund er hjå meg stort sett ei "moderne" form av Aamund.  Eg har sett døme på at desse eigentleg ulike namni (bortsett ifrå Aamund-Amund) vert normaliserte til "Oddmund" (sjå til dømes Leikanger bygdebok).

 

I indre Sogn har me eit anna namn med mange ulike former, Jorunn, som i Sogn ofte vart skrive Gjørond eller Gjøraand med eller utan d.  Dette namnet har eg normalisert til Gjørond, men eg veit at andre landsdelar har Gjørand og Gjørund som namneformer, dels på personar av hankjønn og dels skrive utan G.

 

Elles vil eg nytta høvet til å ta eit oppgjer med namn som børjar på Gj eller J, etterfølgt av ein vokal.  Det finst mange sokalla "ekspertutsegner" for at stadnamn som tradisjonelt vart skrivne med Gj, skal skrivast med Hj, til dømes gardsnamn som Gjelle og Gjerseggi.  Kan henda har gamalnorske språkstudier "avgjort" at desse namni skal skrivast med Hj, men kvifor vert då personnamn med tilsvarande Gj nesten alltid skrive med Gj, som til dømes Gjert og Gjertrud?  Ulogisk, spør de meg!!

 

Og kvifor er ein so oppteken av å finna attende til gamalnorske namneformer for so å nytta dei oppatt i dag?  Me har i Luster døme på namn som er endra etter feiltolkingar, og der folk i moderne tid har teke til å nytta den feiltolka formi av namnet - eit godt døme er gardsnamnet Rønnei, som i "fornorskingsbølgja" sist på 1800-talet vart endra til Røneid!  Om namnet mitt hadde lede tilsvarande lagnad, skulle eg i dag ha heitt Eid og ikkje Øyane!!

 

Eg trur me kan "krangla" levetidi ut om kva form som er "rett", og eg må seia eg har viktigare ting å bruka tidi mi på enn slike debattar om, etter mitt syn, uvesentlege detaljar...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Håvard Moe

Eg vel ei hovudform i slektsprogrammet mitt, og registrerer andre variantar dersom dei skil seg tydeleg ut. Randi/Randie/Rangdi vil eg ikkje registrere som ulike variantar, men finn eg derimot personen skriven som Ragnilde, vil eg registrere varianten Ragnhild.

 

Eg gjer det same - vel ei hovudform. Dette gjer at eg kan sortere greit, og finne folk ved søk. Når namneforma variere såpass mykje som ho kan gjere mellom kjeldene, eller jamnvel i same kjelde, er det i mitt syn ikkje noko som er meir rett enn noko anna. I tillegg registrerer eg namneforma frå kjeldene i notatfelt for dei enkelte hendingane som vert registrert.

 

Det same gjeld for øvrig gardsnamn, der eg brukar det offisielt godkjende namnet frå Statens kartverk som "normert form", men noterer kva som står i kjeldene i tillegg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Arne-Sten Christiansen

Er det noen som har tanker om hva en person som nevnes både som Gres, Grees og Greger kan ha brukt om seg selv når vedkommende ble født på Sæter gård (Nordstrand i daværende Aker, nå Oslo) i første halvdel av 1700. I innførsel ved dåp er han skrevet Gres. Barna heter til "etternavn" Gregersen og Gregersdatter.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torodd Kinn

Er det noen som har tanker om hva en person som nevnes både som Gres, Grees og Greger kan ha brukt om seg selv når vedkommende ble født på Sæter gård (Nordstrand i daværende Aker, nå Oslo) i første halvdel av 1700. I innførsel ved dåp er han skrevet Gres. Barna heter til "etternavn" Gregersen og Gregersdatter.

Eg veit det ikkje, men eg vil rekne det som svært sannsynleg at han og andre brukte den forma som ligg lengst bort frå det "normale", dvs. noko slikt som "Gres". Dersom uttalen var "Greger(s)" eller "Gregorius", er det vanskeleg å forstå at nokon skulle finne på å skrive "Gres".

 

tk

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torodd Kinn

 

Elles vil eg nytta høvet til å ta eit oppgjer med namn som børjar på Gj eller J, etterfølgt av ein vokal.  Det finst mange sokalla "ekspertutsegner" for at stadnamn som tradisjonelt vart skrivne med Gj, skal skrivast med Hj, til dømes gardsnamn som Gjelle og Gjerseggi.  Kan henda har gamalnorske språkstudier "avgjort" at desse namni skal skrivast med Hj, men kvifor vert då personnamn med tilsvarande Gj nesten alltid skrive med Gj, som til dømes Gjert og Gjertrud?  Ulogisk, spør de meg!!

Nei, det er ikkje ulogisk. Så langt ein kjenner etymologien, skal uttalt "j" skrivast "G(j)" dersom det har vore ein "g" der historisk, og om det har vore ein "h" der, skal det skrivast "Hj-".

 

"Hjelle", som finst mange stadar, kjem av norrønt "hjelli", dativ av "hjallr", som betyr 'avsats'.

"Gjelle" f.eks. på Voss kjem av "Gellin", som truleg heng saman med verbet "gjalle" (med uttalt "g" i norrønt" og har "-in" frå "vin" 'eng'.

 

tk

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per Otto Egeberg Asak

Til Arne-Sten Christiansen: I Skifteprotokoller har jeg sett at det er blitt brukt forkortninger: f.eks Johs for Johannes, som jeg ut fra kildene veit er samme person. Så kanskje "Gres" er en forkortelse for Gregorius. Men har ikke sett "Gres" noen sted sjøl.

Endret av Per Otto Egeberg Asak

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Erik Lie

formen gres for gregers og lignende har vært i bruk i søre Osen i trysil, Hedmark. der en part av gården østenheden ble kalt gresgar'n etter gregers persen raatikainen

Endret av erik harmen falch

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Håvard Moe

Eg har sett døme på "Greis" som førenamn m.a. frå sist på 1600- og utover på 1700-talet i Orkdal.

 

Ingen av desse har eg sett nokon stad nemnt med andre former (Gregers, Gregorius etc), så her er namneform ved registrering klar.

Endret av Håvard Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.