Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Antonette Tøgine frå Hafslo (1898-1978) og son hennar, Anton - fødd kring 1916 - bortadoptert!? - skikkeleg utfordring!!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet tek utgangspunkt i følgjande sak frå Arkivforum: http://forum.arkivverket.no/topic/190920-anton-fr%C3%A5-solvorn-f%C3%B8dd-kring-1916-hamna-i-oslo-kven-var-han/?p=1669410

 

Antonette Tøgine Albertsdotter Andersson, fødd i Bergen 11.5.1898, budde frå 1909 i Solvorn sokn i Hafslo, gifte seg i Solvorn 18.6.1919 med Josva Esekiel Johannessen, og dei busette seg i Høyanger, men flytte kring 1935 til Oslo.

 

Det vert mellom etterkomarane fortalt at Antonetta i ung alder, truleg kring 1916, fekk ein son som visstnok heitte Anton.  Denne Anton vart "bortsett" og voks ikkje opp med mor si, men hamna sidan òg i Oslo der han skal ha vore sjukebilarbeidar eller kolportør.  Han hadde kontakt med mor si kort før mori døydde i 1978, men ingen kjenner etternamnet hans eller lagnaden hans elles.

 

Anton vart ikkje døypt i Hafslo, og eg kan heller ikkje sjå at han voks opp på barneheimen på Syrstrondi!

 

Eg har i kveld vore i kontakt med eit barnebarn av Antonette som fortel følgjande:

 

Etter at Antonette i 1919 gifte seg med Josva Esekiel Johannessen, og dei flytte til Høyanger, var mannen so slem med vesle Anton, at Antonette måtte redda guten og fekk han adoptert bort!

 

Sidan Anton ikkje er døypt i Hafslo, er det mogeleg at han vart døypt i Lærdal, eller kanskje i Bergen!?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne Anton!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.