Gå til innhold
Arkivverket

George Carlson (1834-1896) og Johanna Olsdotter (1832-1874) - misjonærektepar i Transvaal, Sør-Afrika - lagnaden til borni deira?

Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i mange år strevd med å få på plass biografien for denne huslyden der dei fleste opplysigane truleg må søkjast i Transvaal-provinsen i Sør-Afrika.  Emnet er forresten ei oppfølgjing av følgjande tema frå 2011: http://forum.arkivverket.no/topic/172593-georg-fredrik-carlsen-og-hustru-johanne-f-fedt/?hl=%2Bgeorg+%2Bcarlson#entry1475674

Manuskriptet mitt ser pr. i dag slik ut:

~~~~~~~~~~~~~~~~~

Sjur Jensson Solvorn, frå Skophammar under Kroken, var f. 3.9.1822 og d. som jekteskipper frå Solvorn ?.10.1856, truleg undervegs einkvanstad, men uvisst kvar.  Sjur gifte seg 21.11.1854 med Johanna Olsdotter frå Kårstoveplassen under Fet.  Ho var f. 22.6.1832.  Johanna arbeidde som jordmor, medan Sjur var strandsitjar og jekteskipper.  Parfolket budde på ein plass i Solvornstrondi frå kring 1854, og me trur det var denne plassen dei då tok over.  Her budde nok Johanna fram mot 1860.

Johanna Olsdotter gifte seg 18.3.1860 att i Bergen med Georg Fredrik Carlson frå Thorshaug sag i Aker.  Han var son av arbeidar Carl Fredrik Simonson på Thorshaug sag, opphavleg frå Tøyen, og kona Anna Margrethe Ingebrigtsdotter frå Strømmen i Hurum og f. i Aker 20.2.1834.  Georg var opphavleg mursvein, men same året utvandra han og Johanna til Sør-Afrika der dei vart knytte til misjonsprest Schreuder på misjonsstasjonen Komati ved Lake Chrissee i Transvaal, Georg som misjonær (”missionary”) og Johanna som jordmor (”midwife”).  Georg, i Sør-Afrika kjend som George Carlson, var frå 1871 tilknytt den engelske misjonsstasjonen i Derby, Transvaal der Johanna d. ?.9.1874.  George Carlson gifte seg 30.1.1877 att i Durban, Natal med Eliza Sarah Davenport frå Birmingham, Warwickshire, England.  Ho var dotter av presten George Davenport i Birmingham, Warwickshire, opphavleg frå Ashby De La Zouch, Leicestershire, England, og kona Eliza Patience Robinson frå Kidderminster, Worcestershire, England og f. i Wolverhampton, Staffordshire, England ?.12.1835.  Ho vart døypt i St. Mary’s kyrkja I Wolverhampton 11.1.1836.  George heldt fram som misjonær (”missionary”), medan Eliza hadde arbeid som guvernante (”governess”).  George og Eliza busette seg på misjonsstasjonen Ehniozana nær Piet Retief i Transvaal der George d. 8.8.1896.  Som enkje flytte Eliza Carlson i 1897 attende til England og busette seg etter kvart i Hampstead, Middlesex der ho d. 23.6.1904.  Sjur og Johanna fekk ei dotter i lag, medan Johanna fekk seks born i andre ekteskapet sitt med George Carlson:

##### (exact birthdates for the children born in Transvaal?)

a. Anna Sophie, kjend som Sophie Skophammer, f. i Hafslo 28.5.1856, flytte med mor si til Transvaal, Sør-Afrika og miste livet då SS Drummond Castle forliste nær Ouessant utanfor Brest i Frankrike 16.6.1896.  Sophie gifte seg kring 1880, dato og stad ukjende,

     ##### (date and place of their marriage?)

     med Harold Stephens frå Grove House, Finchley, Middlesex, England.  Han var son av fabrikkeigar Henry Stephens i Finchley, opphavleg frå Holborn, og andre kona Anne Reilly, likeins frå Holborn, og  f. i Finchley, Middlesex, England 25.7.1847.  Han miate òg livet då SS Drummond Castle forliste nær Ouessant utanfor Brest I Franktike 16.6.1896.  Harold Stephens var sakførar (“lawyer”), og han og Sophie budde i Pretoria, Transvaal, Sør-Afrika og sidan i Johannesburg, Sør-Afrika.  Dei fekk fire born i lag.

b. Magdalena, kjend som Lina Carlson, f. i Komati, Transvaal kring 1862, levde framleis i 1882, men lagnaden hennar er elles ukjend.

     ##### (biography?)

c. Margaret Carlson, tvilling, i Komati, Transvaal kring 1865, var sjukleg og d. i Ehniozana, Transvaal ?.6.1883.

d. Frederica Louisa, kjend som Louisa Carlson, likeins tvilling, var f. i Komati, Transvaal kring 1865 og gifte seg i misjonskyrkja i Enhlozana, Transvaal 3.2.1890 med Alexander Betts Struben Austin, men me manglar førebels fleire opplysningar om lagnaden deira.

     ##### (biography?)

e. Emelia Carlson, f. i Komati, Transvaal kring 1868, levde framleis i 1882, men den seinare lagnaden hennar er ukjend.

     ##### (biography?)

f. Johanna, kjend som Hannah Carlson, f. i Komati, Transvaal kring 1870, levde òg i 1882, men den seinare lagnaden hennar er likeins ukjend.

     ##### (biography?)

g. Fritzof Carlson, f. i Derby, Transvaal kring 1873, gjekk på skule i Natal, men d. 25.9.1895 og ligg gravlagd i Heidelberg, Transvaal.

~~~~~~~~~~~~~~~~~

Eg veit ikkje om det i det heile let seg gjera finna fleire detaljar om denne huslyden, men eg tek med òpne armar imot alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

Jeg leser at ekteparet drev misjonsarbeid i Sor-Afrika. Jeg er nok ikke til stor hjelp her, men leser Piet Retief i Transvaal (og regner med at misjonsarbeide her, var Swazi-befolkningen. Den sistnevnte personen fodt i Derby i Transvaal, lurer jeg noe paa (kan det vaere snakk om Derby i Durban-omraadet i Natal?), samt at de ogsaa bodde i Natal med misjonsarbeide med Zulu-befolkningen?

Jeg har ikke hort om Derby i Transvaal, i denne tidsperioden (muligheten er der selvsagt, men maa i saa tilfelle kun vaere et lite sted).

Det var mye med liten skrift her (fikk ikke med meg saa mye), men dog et spennende emne.

Mvh

Ole Petter Eriksen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ole Petter for interessant innlegg!

Eg har aldri vore i Sør-Afrika, og då er det ikkje alltid so lett å setja seg inn i dei geografiske tilhøvi.  Eg set difor pris på kommentarar om dei geografiske avgrensingane.

Elles er det eit generelt "problem" at mange av desse misjonsstasjonane vart omskrivne berre med norske eller engelske namn utan nærare presisering, som om "alle veit" kvar dei var, og det til tross for at dei som regel berre var som mindre "øyer" i landskapet.

Eg set forresten pris på at FamilySearch etter kvart tek til å leggja ut sør-afrikanske kjelder på nettet, men diverre har Transvaal-området framleis dårleg dekning.  Eg ønskjer meg tilgjenge til kyrkjebøker for misjonsstasjonane der borni til misjonærane er innskrivne i form av til dømes dåpsforretningar!  Dette må jo eksistera?

Eg takkar igjen for alle gode tips om denne huslyden!

Hei igjen

Jeg leser at Transvaal-omraadet, har daarlig dekning paa FamilySearch. Jeg har ikke greie paa "FS", men  jeg leste at familien flyttet til Johannesburg, samt at Heidelberg ble nevnt. Transvaal-provinsen er i dag oppdelt i flere provinser. Baade Johannesburg og Heidelberg ligger i provinsen Gauteng (tidligere Transvaal). 

Mvh

Ole Petter Eriksen

Endret av Ole Petter Eriksen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.