Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Vigsel i Bodø kort før 1910? - Johan Lind Henriksen


Recommended Posts

Johan Lind Henriksen, fødd i Sørfold 21.6.1862, dampskipsmaskinist i Bodø, vart enkjemann då første kona Kristine døydde i Bodø 7.11.1904.

 

Som FT1910 for Bodø syner (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036895005717), var Johan då attgift med Anna Sofie Arntzen, fødd i Bodin 14.6.1874.  Ho skal òg ha vore enkje då dei gifte seg.

 

Eg har blatt igjennom vigde i Bodø og Bodin 1904-1910, men finn ikkje vigsli til Johan og Anna Sofie.  Er eg blind, eller gifte dei seg kan henda ein annan stad?

 

Johan Lind Henriksen døydde forresten i Bodø 14.3.1930 og var då "gift".  Er det mogeleg å finna dato og stad for dødsfallet til andre kona Anna Sofie?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Nummer 2 i 1910:

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Bodø, Ministerialbok nr. 801A12 (1900-1916), Borgerlig viede 1909-1912, side 113.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2825&idx_id=2825&uid=ny&idx_side=-117
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050330011088.jpg

Endret av Sven Hjortland

Hjarteleg takk til Sven for kjapt og godt svar!  Eg burde sjølvsagt ha tenkt i borgarleg retning...

 

Men hovudsaki er at vigsli er finni, og samstundes ser eg at Anna Sofie ikkje hadde vore gift før.

 

Men dødfallet hennar vert nok verre å finna...

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.