Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Dina Sofie Wittrup = ?

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

I 1774 er det skifte etter Claudia Katharina (Fischer) Wittrup i Gloppen. Som arvingar er opplista døtrene Katrine, Karen, Ingeborg og Elsebe. Far deira var Hans David Pederson Wittrup.

 

Skiftet er langt og innhaldsrikt, men dessverre med uklår skrift slik at det er krevjande å lese. Eg har derfor på ingen måte greidd å kome gjennom det.

 

Men som alltid går eg til slutten for å sjå at opplistinga av arvingar stemmer med innleiinga, og då får eg ei overrasking: Heilt til sist i opplistinga, kjem "Datteren Dina Sophie".

 

Eg har googla dette paret, og finn så langt ingen som har meir enn dei fyrste 4 arvingane.

 

Kven er denne mystiske Dina Sophie - eller er det eg som les heilt feil?

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Berit Knudsen

Dina ser ut til å være nevnt flere steder, Dina Sophia Rasmusdatter, datter av Claudia Chatharina Fischer. Synes navnet til Dina står ofte på sidene 409b og 410a.

 

Jeg synes det er litt rart at de andre døtrene står oppført som Wittrop/wittrup mens Dina stå oppført med Rasmusdatter.

Endret av Berit Knudsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Linda Wathne

Noen slektstrær har en sønn Rasmus født og død 1735 på dette paret. Noen sjanse for at Claudia Fischer har vært gift før med en Rasmus og at Dina er hans datter, og gutten som døde oppkalt etter første ektemann?

 

Mvh

Linda

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

I denne tråden vert det nemnt at Claudia Cathrine Fischer, som var dotter til soknepresten i Jølster, fekk born med ein av prestedrengane før ho vart gift med ein underoffiser i Nordfjord. Kanskje Dina Sofie er dette bornet som Claudia Cathrine hadde før ekteskapet?

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Takk for gode innspel. Sonen Rasmus fødd og død i 1735 er reell, han står i kyrkjeboka, men eg tok han ikkje med i farten. Dette må eg studere nærare - er ho ei Rasmusdatter, er denne nok berre Claudia sitt barn. Er det nokon som har svært gode skjermar og auge og greier å lese meir av skiftet for å sjå etter henne, er eg takksam for leitehjelp.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg ser at denne personen blir introdusert nede i venstre spalte på side 409b. Ei pige ved namn Sophie Rasmusdtr, busett i Bergen, påberopar seg å vere dotter til avdøde. Seinare kjem det fram at det fulle namnet er Dina Sophie, og at ho er døypt i Ålhus kyrkje for 55-56 år sidan.

 

Eg slit som sagt med å lese denne svake skrifta, men eg får inntrykk av at dette er reinaste såpe-operaen. Dina har sett dødsfallet kunngjort i bergenske adressekontors adviser, og gjer krav på arv - eg meiner å sjå at dei andre arvingane protesterer, men ho fører fleire Fischer-vitne i Bergen og blir godkjend som arving.

 

Eg kan ikkje sjå at det nokon stad er fortalt kven som er far hennar.

 

Her kan vere ein muleg kandidat i Bergen, føresett at ho har gifta seg.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Kyrkjebøkene i Jølster i Fischer si tid er ikkje særleg bra. Kva kan vi lese av innføringa nesten nederst på høgre side her - dette må då vere endå eit barn av Claudia, her er i alle fall ikkje nokon Rasmus innblanda så vidt eg kan sjå? http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11522&idx_id=11522&uid=ny&idx_side=-92

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Berit Knudsen

Jeg leser det som: 8. august (1723?) Mil..ri?. Par Jeremias korporal af Mochelbust og hans qvinde. Susc?(står etter de fleste foreldre navn). Min datter Claudia  Catharina Fischer. Fid: Jon Iacobsen Mochelbust. Anders Erichstad sin qvinde. Carl?  ...tter sin datter og

 

Så langt er det omtrent hva jeg tror at det står. Kan dette bety at Susc bety den som bar barnet og dermed at Claudia var gudmor, og Fid = vanlig faddere =  Til sist het presten Fischer ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Presten var Rasmus Fischer ja, ein forholdsvis udugeleg prest visstnok. Og då forstår eg at Claudia ikkje er mor her, berre fadder - eg trudde i fyrste omgang der sto "hans kvinde, altså min datter" - men det er nok ikkje slik; barnemora er hans kvinde, utan namn.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Endeleg - etter å ha virra rundt i kyrkjeboka og lurt på kva presten tulla med, forsto eg systemet: Han har ført handlingane alfabetisk etter namnet på hovudpersonen! Så her er Dina, og faren er Rasmus Rasmusson Fonn, prestedreng. http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11522&idx_id=11522&uid=ny&idx_side=-50

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Dermed avsluttar eg leitinga. Dina er kalla Pige ein stad i skiftet, ein annan stad Fruentimmer. Om ho har etterkomarar eller ikkje kan eg ikkje fastså for sikkert, men det er heller ikkje så nøye med - det viktige var å få identifisert henne.

 

Takk for god hjelp!

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grete Singstad

Kan dette bety at Susc betyr den som bar barnet og dermed at Claudia var gudmor, og Fid = vanlig faddere

 

Berit, du har helt rett. Anbefaler denne ordlista: Latinske og juridiske fagudtryk - (PDF). Veldig kjekk :-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.