Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Peder Johannesson Rudsvik på Kaupanger (1855-19 ) og lagnaden hans - heng saman med døtrene Anna Hille eller Elsa Jordalen?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Peder Johannesson Rudsvik, omskriven i bygdeboki for Kaupanger sokn i Sogndal (band I, side 456), var fødd i Årdal 14.9.1855, men gifte seg i Hafslo 23.4.1878 med Johanna Pedersdotter Urnes, fødd i Hafslo 29.1.1855.  Dette parfolket busette seg på Rudsvik i Kaupanger sokn i Sogndal der Johanna døydde 4.4.1912.  Kva som sidan skjedde med Peder Rudsvik, er eit mysterium,  Han døydde IKKJE på Kaupanger.

 

Det var ti born i denne huslyden, tre av dei døydde unge og ugifte i Sogndal, medan fem av dei andre utvandra til Amerika.

 

Eg trur at lagnaden til Peder har samanhang med dei to døtrene som vart att i Noreg:

 

* Anna Pedersdotter Rudsvik, fødd i Sogndal 1.4.1886, døydde 12.10.1972 og ligg gravlagd på Opheim kyrkjegard på Vosestrand.  Ho gifte seg, dato og stad ukjende, med ein John Hille, og dei skal ha butt i ytre Sogn, kan henda i Gulen, men elles veit me ikkje noko om denne mannen i det heile!  Dei skal ha hatt minst to born i lag, men Anna hadde ei dotter før ekteskapet, Elen Marie, fødd på Kaupanger i 1911.  Ho gifte seg i 1953 med ein Bernhard Andreas Tollefson Furenes, fødd på Fure i Askvoll 1907.

 

* Elsa Pedersdotter Rudsvik, fødd i Sogndal 10.7.1890, døydde 29.3.1974 og ligg òg gravlagd på Opheim kyrkjegard på Vossestrand.  Ho gifte seg på Kaupanger 5.4.1915 med Erling Iverson Jordalen, fødd i Vik 17.3.1887.  Han døydde 8.11.1981 og ligg òg gravlagd på Opheim, Vossestrand.  Dei fekk fire born i lag.

 

Eg trur at Peder Rudsvik som enkjemann må vera innflytt hjå ei av desse døtrene, men hjå kven av dei?

 

Og nøyaktig kvar kan Anna og John Hille ha butt?  Eg er sjølvsagt òg interessert i nærare detaljar om John Hille!?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for spennande og interessante innlegg!

 

Eg er svært godt nøgd med at du har finne vigsli til Anna Rudsvik og identifisert mann hennar.  Det ser tydeleg ut som namnet var HELLE og ikkje HILLE.

 

Neste problem vert då å finna ut kva som skjedde med far hennar, Peder Rudsvik.  Eg ser av vigsli frå 1929 at Peder då var avliden (merkt med ein kross framfor namnet hans).  Eg har blatt igjennom klokkarboki for Opheim sokn på Vossestrand, men denne går diverre ikkje lenger enn til 1918, og der er han ikkje...

 

Nok ein stor takk for hjelpi med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.