Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Kvar skjedde denne vigsli i eller kring 1906?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Følgjande spørsmål vart for kort tid sidan stilt i Arkivforum til Statsarkivet i Bergen:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Jensson Indrevær, fødd i Solund 16.5.1883 og

Kristine Nilsdotter Kjæregaard, fødd i Herdla 1.9.1882

 

skal ha gift seg i (eller kring) 1906.

 

Her er dei i FT1910 på Indrevær i Solund: http://digitalarkive...f01036711000121

 

Eg finn ikkje vigsli deira i Herdla, ikkje i Bergen, ikkje i Solund sokn i Solund.

 

I kva sokn ligg Indrevær?

 

* Er det mogeleg å finna ein nøyaktig dato og stad for denne vigsli?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Statsarkivet greidde ikkje å finna svaret.  Kanskje einkvan i Brukarforum greier det?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Berit Knudsen

Indrevær ligger i Solund.

 

Har du funnet dåpen til barna ?

 

Jeg har ikke funnet barnas konfirmasjon i Solund.

Endret av Berit Knudsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carl Johan Lindberg

Særleg om dei vart borgarleg gift så kanskje slike opplysingar kan tenkjast å ha vorte nemnd då barna deira vart døypt?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Berit for nytt interessant innlegg!

 

Eg lurer på om problemet kan ha samanhang med manglande kyrkje- eller klokkarbøker for Solund, men desto meir forundra vart eg over at ikkje statsarkivet i Bergen greidde å løysa dette problemet.  Dei pleier jo alltid vera godt "up-to-date" når det gjeld kjeldene for Hordaland og Sogn og Fjordane!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Kan det være Kristine som flytter fra Herdla/har attest til Bergen i 1906?

Hordaland fylke, Herdla i Herdla, Ministerialbok nr. A 5 (1905-1918), Utflyttede 1905-1917, side 238. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2132&idx_id=2132&idx_listetype=uf&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-2
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050809010521.jpg

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Dette er vel giftermålet (nr. 63):

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. D 5 (1904-1919), Ekteviede 1906, side 37.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=314&idx_id=314&uid=ny&idx_side=-39
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050513010652.jpg

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carl Johan og Grethe for nye spennande innlegg!

 

Det må vera bruri som i 1906 fekk flytteattest frå Herdla til Bergen, og då er spørsmålet:  Eg har ikkje finne dei gifte i Bergen, men kanskje gifte dei seg ein eller annan stad NÆR Bergen?  Fana?  Hamre?  Laksevåg?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Berit Knudsen

Altså reiste Kristine til Bergen i april 1906, og allerede i januar 1907 fødte hun en sønn.

Da kan det se ut som at hun allerede var gravid, kanskje uten hun visste det selv enda. Eller så ble hun gravid like etter hun kom til Bergen,  og sønnen ble født litt for tidlig.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Inge!  Du fann vigsli, og det i sjølvaste Krosskyrkja i Bergen!

 

Og no ser eg kvifor eg ikkje fann ho; mannen skreiv seg Hardbakke i staden for Indrevær!

 

Hjarteleg takk ogso til Berit og Grethe for nye kommenterande innlegg!

 

Men hovudsaki er:  Problemet er løyst, og eg er kjempenøgd!  Nok ein kjempestor takk for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

2458942 Jens  Indrevær  1701  1908  0508  1986  m  Hvil i fred  Vis Husøy Solund

 

 

3301823 Olav  Indrevær    1920    1943      m        1940-1945 Reist i takksemd av bygdefolket  Vis Minnesmerker Solund

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.