Gå til innhold
Arkivverket
Anfinn Bernaas

Elizabeth Reinseth gift 1887 i USA med Andrew Christian Olson (Nordskog)

Recommended Posts

Anfinn Bernaas

I slektsboka "The Stener Olson Family Saga" (Faye Olson Jones, 2006) fylgjer ein utvandringa og seinare lagnad til Steinar Olsson Nordskog (f. 31. mai 1830 i Kviteseid-død 22. oktober 1910, gravlagd på Jackson Lake Cemetery, Amboy, Blue Earth Co., Minnesota) og Kari Andersdotter Måremsrud (f. 10. mars 1836 i Atrå i Tinn-død 20. januar 1908, gravlagd på Jackson Lake Cemetery, Amboy, Blue Earth County i Minnesota). Han utvandra i 1860, ho i 1857. Steinar skrivne namneform i USA var Stener Olson, Kari blei skriven Carrie og Caroline Olson. Dei blei gifte 1861-1862 i USA og slo seg etterkvart ned som farmarar i Faribault County heilt sør i Minnesota. Dei fekk sju born.

 

Det er ektefellen til sonen Andrew Cristian Olson (f. 1865 i Amboy, Blue Earth County, Minnesota-død 1914 i Buffalo Center, Winnebago County, Iowa) eg undrast på. Ho er i slektsboka kalla Elizabeth Reinseth f. 12. mars 1866: "She had come from a prosperous family in Kristiansand, a city situated on the northwestern coast of Norway." Namnet Reinset og "northwestern coast" peikar mot Kristiansund-området, eller Nordmøre, altså neppe Kristiansand. Elizabeth hadde innvandra til USA i 1884 "at the invitation of her aunt Marit". Andrew Olson møtte i fylgje boka Elizabeth i Nord-Dakota, der han da var busett i Nelson County i den austre delen av staten. Elizabeth tente i huset til ein ikkje namngjeven senator i same området.

 

10. desember 1887 gifte dei seg, truleg i same området i Nord-Dakota. Dei blei ikkje lenge der. I 1889 hadde dei slått seg ned i nærleiken av Ledyard, heilt nord i Iowa, og ikkje langt frå der Andrew hadde vokse opp. Men dei enda opp i Buffalo Center i Winnebago County i Iowa. Ho døydde 27. februar 1936 i Buffalo Center, Winnebago County, Iowa.

 

Kven var Elizabeth Reinseth som ho går under blant etterkomarane? Eg finn henne ikkje blant utvandrarar frå Kristiansund, heller ikkje frå Trondheim. Truleg er Elizabeth ei amerikanisering av eit meir norskklingande namn og Reinset peikar nok mot opphavet hennar, utan at det treng å vera skrive slik i kjeldene. Men fødselsdato 12. mars 1866, om det er rett, og utvandring i 1884, er jo minst eit par små leietrådar. Likevel har eg førebels gjeve opp. Kanskje finst andre som ser noko som eg ikkje ser?

Endret av Anfinn Bernaas

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Finner gårdsnavnet Reinseth i Ulvund skoledistrikt i Stangvik i 1865.

 

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche
Ann-Mary Engum

Elizabeth Olson

 

Birth:  1866 Death:  1936 trans.gif   Burial:
Olena Mound Cemetery
Buffalo Center
Winnebago County
Iowa, USA
Plot: Blk 22 Sec.5  
Edit Virtual Cemetery info [?]  
Created by: Sandra
Record added: Aug 18, 2012
Find A Grave Memorial# 95553163

http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=olson&GSiman=1&GScid=95725&GRid=95553163&

 

 

Oscar Severen Olson

Iowa, County Marriages, 1838-1934

birth:
1890
Blue Earth Co., Minn
marriage:
26 June 1913
Buffalo Center, Buffalo Township, Winnebago, Iowa, United States
father:
Andrew Christian Olson
mother:
Elizabeth Reinseth
spouse:
Bessie Jane Johnston
other:
Matthew Lynn Johnston, Nellie Wordworth

 

 

 

I Census 1900 står Elisabeth med fødselsår mars 1868.

Lizzie Olson
United States Census, 1900

Name Lizzie Olson Event Type Census Event Year 1900 Event Place Buffalo & Lincoln Townships Buffalo Center town, Winnebago, Iowa, United States Gender Female Age 32 Marital Status Married Race White Race (Original) W Relationship to Head of Household Wife Relationship to Head of Household (Original) Wife Number of Living Children 5 Years Married 12 Birth Date Mar 1868 Birthplace Norway Marriage Year (Estimated) 1888 Immigration Year 1884 Father's Birthplace Norway Mother's Birthplace Norway Mother of how many children 7 Household Role Gender Age Birthplace

 

A C Olson

Head M 35 Minn

 

Lizzie Olson

Wife F 32 Norway

 

Clara Olson

Daughter F 12 Dak Oscar Olson Son M 11 Minn

 

Anton Olson

Son M 7 Iowa

 

Thea Olson

Daughter F 4 Ia

 

Stanly Olson

Son M 1 Ia

 

John Danielson

Hired man M 22 Norway

 

Harlvor Olson

Brother M 26 Minn

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9LY-XLD

 

A L Olson

Iowa, County Marriages, 1838-1934

birth:
1893
marriage:
3 July 1918
Hardin, Iowa, United States
father:
A C Olson
mother:
Elizabeth Reinseth
spouse:
Vera B Woodworth
other:
M R Woodworth, Nora Blow

 

 

 

128 1884 Mai 29 Elisabeth Olsdatter Ulvund K 17 1867 Ug Pige Stangvik Nordmøre Minnesota Ja Amerikalinjen fglass.gif

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIKRUT&gardpostnr=1127&personpostnr=1127#nedre

 

 

 

Om samme familie:

Tittel: Bind 3/side 249 Levik – Bukta

http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?start=0&t=118061&topic_view=flat&sid=089bcb207ded898ee4c4fba0760c9f07

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anfinn Bernaas

Finner gårdsnavnet Reinseth i Ulvund skoledistrikt i Stangvik i 1865.

 

Og eg ser at garden i notidig skriftform står som Rennset på kart og i matrikkelutkastet av 1950. 

Endret av Anfinn Bernaas

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Dåpen til Elisabeth f 5 mars 1866.

 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Stangvik i Stangvik, Ministerialbok nr. 592A05 (1865-1878), Fødte og døpte 1866, side 7.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6446&idx_id=6446&uid=ny&idx_side=-7

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070326640123.jpg

 

 

Søsken:

 

Olsen

Norway, Baptisms, 1634-1927

 

birth:

20 April 1857

STANGVIK, MORE OG ROMSDAL, NORWAY

 

death:

20 April 1857

 

father:

Ole Jenssen

 

mother:

Bridt Pedersdr

 

 

Ole Olsen

Norway, Baptisms, 1634-1927

 

birth:

16 May 1858

 

christening:

30 May 1858

STANGVIK, MORE OG ROMSDAL, NORWAY

 

father:

Ole Jensen

 

mother:

Bridt Pedersdr

 

 

Peder f 10 feb 1870:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Stangvik i Stangvik, Ministerialbok nr. 592A05 (1865-1878), Fødte og døpte 1870, side 31.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6446&idx_id=6446&uid=ny&idx_side=-31

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070326640147.jpg

 

 

Sivert Olsen

Norway, Baptisms, 1634-1927

 

birth:

10 June 1872

 

christening:

28 July 1872

SUNNDAL, MORE OG ROMSDAL, NORWAY

 

father:

Ole Jensen

 

mother:

Brith Pedersdr

 

 

Marit Olsen

Norway, Baptisms, 1634-1927

 

birth:

20 August 1874

 

christening:

1 November 1874

SUNNDAL, MORE OG ROMSDAL, NORWAY

 

father:

Ole Jensen

 

mother:

Brit Pedersdr

 

 

Jens Jensen

Norway, Baptisms, 1634-1927

 

birth:

15 February 1876

 

christening:

16 April 1876

Sunndal, Møre og Romsdal, Norway

 

residence:

1876

Møre og Romsdal, Norway

 

father:

Ole Jensen

 

mother:

Brit Pedersdr

 

  • Tellingsår: 1865
  • Kommune: Stangvik
  • Kommunenummer: 1564
  • Navn på bosted: Ulvund
Antall personer registrert på bostedet: 13. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.

Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet

 

Asmund Pedersen Husfader g Gaardb. og Selveier 1828 Stangviks Prgj.

 

Anne Thoresdatter hans Kone g 1827 Stangviks Prgj.

 

Peder Asmundsen deres Søn ug 1859 Stangviks Prgj.

 

Thore Asmundsen deres Søn ug 1863 Stangviks Prgj.

 

Synnøv Asmundsdatter deres Datter ug 1857 Stangviks Prgj.

 

Peder Asmundsen hans Fader e Føderaadsmand 1799 Stangviks Prgj.

 

Jens Hansen ug Tjenestekarl 1846 Stangviks Prgj.

 

Gjertru Christensdatter ug Tjenestepige 1846 Tingvolds Prgj.

 

Ildri Larsdatter ug Tjenestepige 1847 Stangviks Prgj.

 

Anne Larsdatter ug Tjenestepige 1810 Stangviks Prgj.

 

Ole Jensen Inderst g Sømand 1835 Stangviks Prgj.

 

Bridt Pedersdatter hans Kone g 1833 Stangviks Prgj.

 

Ole Olsen deres Søn ug 1864 Stangviks Prgj.

 

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1564&kenr=004&bnr=0035&lnr=000

 

 

Samme emigrant som Carsten fant:

 

Emigranter fra Kristiansund 1882-1930

459 1887 Aug. 25 Ole O. Reinseth Ulvund M 1864 1864 U Arbeider Stangvik Nordmøre Washington Ja Hvide Stjernelinjen Udv.till.pr.tlf fglass.gif

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIKRUT&gardpostnr=2392&merk=2392#ovre

 

 

Her reiser broren Peder:

 

254 1890 Aug. 20 Peder Olsen Ulvund Reinseth M 1870 1870 U Arbeider Sunndal Nordmøre Washington Terr Ja Dominionlinjen Rodeseddel

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIKRUT&gardpostnr=3640&merk=3640#ovre

 

 

Foreldrenes VIELSE:

 

 

Ole Jenssen

Norway, Marriages, 1660-1926

 

marriage:

12 November 1863

Stangvik, More Og Romsdal, Norway

 

spouse:

Bridt Pedersdr

 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Stangvik i Stangvik, Ministerialbok nr. 592A04 (1849-1867), Ekteviede 1864, side 328.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2294&idx_id=2294&uid=ny&idx_side=-191

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050614041099.jpg

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anfinn Bernaas

 

 

Denne Elisabeth Olsdotter Ulvund kan det jo vera. Ho er fødd i mars 1866, men den 5., ikkje den 12. Så dersom fødselsdato 12. mars 1866 er korrekt, har me eit problem. 12. mars 1866 er oppgjeve frå Amerika.

 

Eg ser at ei Guraae Ingebrigtsdatter er døypt i Stangvik 21. mai 1866. Ho er faktisk fødd den 12. mars som skal vera datoen som gjeld. Men frå Guraae til Elizabeth er kanskje vel kreativt sjølv til amerikanisering å vera. 

 

Denne siste Guraa(e) er konfirmert 30. oktober 1881, og foreldra er Ingebrigt Pedersen Gjerstad og hustru Ane Johnsdatter. Dei var nemnde husmannsfolk på Gjerstad ved dåpen i 1866, "inderster" ved konfirmasjonen til dottera i 1881. Guraa bur ved konfirmasjonen på Lien i Stangvik.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anfinn Bernaas

Imponerande innsats frå Ann-Mary Engum og Carsten Schanche. Elizabeth Reinseth er høgst truleg identisk med Elisabet Olsdotter Ålvund ("Elisabeth Olsdatter Ulvund") fødd 5. mars 1866 på Ålvund i Stangvik. Foreldra er "Ole Jenssen Ulvund", mora er "Brith Pedersdatter Ulvund". Ved giftarmålet deira 12. november 1863 i Stangvik går det fram at han er frå Levik (no Løvik) i Stangvik, ho frå Ålvund i Stangvik. Før dei gifter seg har dei tydelegvis fått born to ganger, men med kvarandre. Det fyrste bornet skal vera fødd 20. april 1857 i Stangvik, død same dag. Eg har ikkje klart å finne dette bornet. Da born nummer to, "Ole Olsen", er fødd 16. mai 1858 i Stangvik og blir døypt 30. mai 1858 same stad, blir det notert at det er begges andre "leiermål". Mellom anna Knut Olsson Reinset er fadder. Sonen døyr 15. desember 1861 3 1/2 år gamal av difteri.

 

Men så gifter foreldra seg som nemnt i 1863.

 

Ein ny "Ole Olsen" blir fødd på Ålvund 21. februar 1864, døypt 3. april 1864 i Stangvik. Denne sonen blir konfirmert 12. oktober 1879 i Stangvik som "Ole Olsen Rendseth". Foreldra er no "Strandsiddere paa Sunndalsøren". Guten er truleg i teneste på Rennset. 25. august 1887 emigrerer "Ole O. Reinseth Ulvund" frå utreisehamn Kristiansund til Washington.

 

Ei dotter, "Elisabeth Olsd. Ulvund" fødd 5. mars 1866 på Ålvund, blir døypt 27. april 1866 i Stangvik. Knut Olsson Reinset og Lisbet Ingebrigtsdotter Reinset er blant fadderane. Ho blir konfirmert 30. oktober 1881 i Stangvik som "Elisabeth Olsdatter Ulvund". Foreldra er "Inderster paa Sunndalsøren". Elisabeth er truleg i teneste på Ålvund, mor hennar kjem dessutan derifrå. 29. mai 1884 emigrerer "Elisabeth Olsdtr. Ulvund" fødd 1867 (eit avvik frå fødselsåret som skal vera 1866) frå utreisehamn Kristiansund til Minnesota.

 

Sonen "Peder Olsen" blir fødd på Ålvund 10 februar 1870. Han blir døypt 17. april 1870 i Stangvik. 20. august 1890 emigrerer "Peder Olsen Ulvund Reinseth" frå utreisehamn Kristiansund til "Washington Terr."

 

Sonen "Sivert" fødd 10. juni 1872 i Sunndal, døypt 28. juli 1872 same stad. Blant fadderane er "Marit Knutdtr. Renset". Faren er "Strandsidder Ole Jenssen Ulvund".

 

Dottera Marit fødd 20. august 1874 i Sunndal, døypt 1. november 1874 same stad. Ingen fadderar frå Reinset/Rennset denne gongen. Faren er "Strandsidder Ole Jensen".

 

Sonen Jens fødd 15. februar 1876 i Sunndal, døypt 16. april 1876 same stad. Ingen fadderar frå Reinset/Rennset. Faren er "Strands., Fisker Ole Jensen".

 

Oppsettet over tyder på nært slektskap mellom Ålvund og Rennset/Reinset. Det let seg nok dokumentere med tilgjengelege kjelder, men eg går ikkje vidare på det no. Men dei USA-utvandra borna har tydelegvis budd både på Ålvund og Reinset/Rennset. Det er faktisk berre Elisabeth som ikkje har "Reinseth" skriftleg knytt til seg ved konfirmasjon og emigrasjon. Men Reinset-ane var der som fadderar da ho blei døypt. Ho kan også ha vore i teneste på Reinset/Rennset den siste tida før ho emigrerte. I alle høve er det tydeleg at ho har bruka Reinseth i USA. Jamvel i vigselattesten til sonen hennar, Oscar, er ho namngjeven som Elizabeth Reinseth.

 

Da er det berre "aunt Marit" igjen: Elizabeth hadde innvandra til USA i 1884 "at the invitation of her aunt Marit". Ho er nok også frå Stangvik, og må helst vera syster til "Ole Jensen" frå Levik/Løvik eller til "Brith Pedersdatter" frå Ålvund, begge fødde på 1830-talet. Hadde eg funne henne reknar eg oppgåva som 100 prosent løyst.

Endret av Anfinn Bernaas

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.