Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Kirkebok for Hafslo etter 1866 til ca 1930.


Recommended Posts

Takk skal du ha for svaret. Hadde håpet noen hadde startet med å skriva av kirkeboken frem til 1925/30.

Da regner jeg med at kirkeboken ligger hos presten.

Har kommet over en person jeg kjente som ble gift med navnet Bjørn Anton, men på gravsteinen står det Bjarne Anton.

Og Bjarne var navnet som ble benyttet. Skulle likt å se hva han var innført med i dåpen.

 

Mvh

Terje

Som bygdebokskrivar for Luster (med Hafslo) har det ogso for meg vore eit problem at kyrkjebøkene for Hafslo med fødde etter kring 1908 ikkje ligg ute på nettet, men om du sender meg ein e-post med denne spesielle saki, kan eg kanskje hjelpa deg?

Terje!

 

Eg har motteke meldingi di og har identifisert huslyden som omskriven i bygdebøkene våre under gnr. 154 Sterri på dette viset:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

 4. Bjarne Anton Monsson Sterri, f. 2.7.1921,

Bjarne Sterri gjekk i skreddarlære hjå broren Otto i Sogndal, men flytte i 1945 til Oslo og i 1946 til Lørenskog.  Han gifte seg i Lørenskog 6.4.1946 med Kari Elisabeth Karlsdotter Fredriksen, f. i Lørenskog 25.3.1928.  Bjarne arbeidde ei tid som skreddar, men var frå 1956 verksmeister, medan Kari ei tid var butikkdame.  Dei vart buande i Lørenskog til dei i 1959 flytte til Ski.  Bjarne d. på Ski 3.2.1989, medan Kari Sterri d. i Lørenskog 23.8.1993.  Dei fekk ein son i lag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har aldri høyrt at denne mannen heitte Bjørn, og i telefonsamtale i dag med ei brordotter hans i Hafslo får eg vita at Bjarne aldri heitte noko anna enn Bjarne, so meiningi her går ut på at vigselsprotokollen må ha feilskrive namnet hans!

 

MEN, for å vera 100% sikker, ville eg teke kontakt med Statsarkivet i Bergen som sit med originalprotokollen for Hafslo sokn, fødde i 1921.

Takk for svaret.

 

Det var godt å høre at navnet var Bjarne Anton. Må ta en prat med Statsarkivet i morgen og gjøre de oppmerksom på feilen i Lørenskog kirke.

 

De var foreldre til min gode kamerat på Lørenskog .

 

Det du skriver her fant ikke jeg i bygdeboken som ligger på Bokhylla.no.

 

Tusen takk for oppklaringen.

 

Mvh

Terje

 

 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.