Gå til innhold
Arkivverket
Morten Sylte

Tingbok 1726, Sunnmøre, ang. Ole Pofvelsen Sylte

Recommended Posts

Morten Sylte

Håper på tydehjelp til ei sak (med dom) for tingretten i Vanylven skibreite som involverar Ole Paulsen Sylte. Ein av naboane hans - Christen Monsen er også involvert (kan det vere at eg leser at Christen har fått byksel på eit stykke jord og Ole ikkje er heilt enig??).

 

Side 144a, ca midt på sida.

 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunnmøre sorenskriveri, Tingbok , 1725-1729, oppb: Statsarkivet i Trondheim.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/31110/145/

 

Og skulle nokon sjå seg i syn med det so er han også nemnd i ei sak som byrjar nederst på side 143b, då utan patronymet Paulsen/Pofvelsen og berre kalla Ole Sylte. Denne saka sluttar der den ovanfor startar. Dette er ein sak som er sopass stor at eg ikkje utan vidare vil be nokon fulltyde den, men innholdet og namna i saka hadde vore svært kjærkome å få vite!

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Spørs om du vert skuffa her.....

 

I den første saka har "Olle Sylte" stemnt "Anders Berche og Johans Viddernes" fordi dei ikkje har halde vedlike eit gjerde.  Anders og Johans har lovleg forfall og saka vert utsett til neste ting.

 

I den andre saka har "Olle Pofvelsen Sylte" stemnt "sin Naboe paa dito gaard, Nemblig Christenn Mogesen formedelst hans schal

bruge Et Fierings Laug af Citantens Brug, som hans effter Bøxsel til Kommer med Videre."

 

Christen møtte ikkje for retten, trass i at han var lovleg stemnd. Saka utsett til neste ting, der Christen må møte.

 

 

Du må altså bla deg bakover til hausttinget same året for å sjå korleis det går og kva argument og prov som vert framførte.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Takk for hjelpa, Ivar.

 

På ingen måte skuffa, heller takknemlig for hjelpa du kjem med! Og eg fikk vite det eg var ute etter.

 

Saka for høsttinget vart omfattande og etter det eg kan forstå også utsett til neste tinget for domsavseiing då. Men som sagt har eg fått greie på det eg var ute etter - det at Ole faktisk budde på garden Sylte - og då er eg nøygd!

 

For referanse legg eg inn lenke til saka på neste tinget (sjå side 177a). Merk at side 177b er svært uklar, men at ei ny skanning av denne sida er lagt inn ved neste omblading. Takk til Ivar som påpeika dette!

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunnmøre sorenskriveri, Tingbok , 1725-1729, oppb: Statsarkivet i Trondheim.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/31110/178/

 

Om nokon ser seg i syn med å lage eit samandrag av saka so vert eg svært takknemlig for det!

 

mvh

Morten

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Ja.. eg tenkte kanskje du var ute etter meir enn at Ole var brukar.  Men om han var det - på rett - kjem vel an på utfallet av saka.

 

Kortversjonen er at Ole viste til sitt bygselbrev, og Kristen til sitt - og at saka vart utsett til neste ting.

 

Det kan vere ein hake ved dette....  Neste ting skulle verte vårtinget 1727. Men det er ikkje ført inn noko vårting for Vanylven i 1727 i denne protokollen. Av ein eller annan grunn er tinga på indre og søre Sunnmøre forseinka (1 månads opphald) og rekkefølgja er ulik den vanlege.   Det kan hende dei kort og godt sløyfa tinget - i så fall finn du saka att på sommartinget (fol. 230b). Eller så har ein fullmektig hatt tinget, og ført det inn i sin eigen protokoll - som i så fall har gått tapt (fullmektig Jørgen Hansen Høegh førte tingseta "sine" i eigen protokoll 1711-1720; men eg har ikkje sett noko tilsvarande for 1720-talet).

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Vel,

 

vårtinget 1727 for Vanylven sin del kan eg kanskje tenke meg grunnen til ikkje vart gjennomført. Det har seg nemlig slik at "eitkvart" har skjedd på fjorden i området mellom Slagnes, Årsheim, Fiskå og Vidnes. Iallefall kan eg direkte vise til 15 skifter etter personar som har omkome "efter en ulyksalig hendelse paa siøen" våren 1727. Av desse 15 var det også mange som enten var lagrettsmenn eller hadde vore det. Også den eine parten i denne saka - Ole Paulsen - var blandt dei omkomne. Trulig var det enno fleire som omkom berre at ein ikkje har halde skifter etter dei.

 

Når so mange då døyr so har ein vel heller vore oppteken av å ta vare på dei etterletne istaden for å halde ting. Det kunne ein no altids ta att seinare.

 

Men uansett, takk for svaret ditt. Trur nok denne saka fikk sin ende sidan Ole døyr. Men Christen levde vidare og det kan no vere at han ville avslutte saka. Om det då vart han og enka etter Ole - Sylvi Arnesdatter - som gjorde opp eller om det vart utsett til etter at ho vart gift med neste mannen sin - Jon Olsen Reite frå Dalsfjorden - gjenstår å sjå. Eg vil forsøke å "tyde meg gjennom" og sjå om eg finn det ut :-)

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×