Jump to content
Arkivverket

Peder Hansson (1814-1898) og Kari Jensdotter (1810-1889) på Mjelva i Grytten - huslyden deira - kvar vart det av dei mange borni?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for nye spennande og nyttige innlegg!

 

Det var interessant å sjå at Gunnhild alt i 1891 var å finna i Ålesund, medan dei to eldste døtrene var gifte, ei i Bergen og ei i Grytten.  Det at dei to yngste borni i 1891 var pleieborn i Grytten, kan tyda på, som eg før har antyda, at det kan ha gått litt «utforbakke» med denne huslyden på Åndalsnes.  Kanskje finn me òrsaki om me finn dødsfallet til Hans Hage...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjingi av denne huslyden!  Eg er imponert over kva de finn!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for eit spennande og interessant innlegg!

 

Eg ser at Gunnhild er kalla «enke» då ho flytta, om det var i 1886 eller i 1889 er vel ikkje godt å seia, men Hans Hage må etter dette vera avliden ein gong på 1880-talet.  Kvar kan dødsfallet hans vera innført...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med oppklaring av denne utfordringi!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
  • 4 months later...
Lars E. Øyane

Eg tillet meg i kveld å henta fram att dette utfordrande emnet som har lege urøyrt sidan oktober i fjor.  Bygdebokprosjektet for Luster kommune er i avslutningsfasen, og denne utfordringi er ei av ei handfull, som eg oppfattar som særleg viktig for heile bygdebokprosjektet å finna ei løysing på, og som det samstundes burde vera mogeleg å gjera noko med(!?).  Eg har ei kjensle av at eg har leitt «overalt» etter dødsfallet til Hans Hansson Hage i og kring Åndalsnes i og kring 1887, samt lagnaden til Hans Pederson Mjelva i Amerika, men utan hell.

 

Dei kan då vel ikkje berre «forsvinna» utan å setja spor etter seg?

 

Her er siste versjon av manuskriptet mitt (jmf. ogso manuskriptet i innlegg #22 på føregåande side!):

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Hansson Mjelva, frå Leri i Luster, vart døypt i Luster 6.5.1814 og gifte seg i Luster 20.6.1837 med Kari Jensdotter, søster av den føregåande brukaren og likeins frå Hovland under Sørheim i Luster.  Ho vart døypt i Luster 11.11.1810.  Peder og Kari flytte i 1838 til Kinserdalen og var gardbrukarar her fram til 1844.

Peder og Kari flytte kring 1844 til garden Mjelva i Grytten der dei sidan vart buande levetidi ut.  Kari d. som kårkone på Mjelva 6.1.1889, medan Peder d. som kårenkjemann same staden 11.7.1898.  Dei fekk visstnok ni born i lag:

a. Gunnhild Pedersdotter, f. i Luster 12.9.1837, flytte med foreldri til Grytten i 1844 og d. som enkje på Åndalsnes 8.9.1916.  Gunnhild gifte seg i Grytten 18.12.1860 med Hans Hansson Hage frå Grøtøyri, Nes i Grytten, f. på Tande i Lesja 29.5.1830.  Han d.

 

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – skal vera avliden i 1887!?)

 

 

     Hans Hage var gardbrukar og landhandlar på Åndalsnes i Grytten, men som enkje flytte Gunnhild til Ålesund der ho var butikkdame.  Dei fekk ti born i lag.

b. Hans Pederson, f. i Hafslo 29.9.1839, flytte òg til Grytten med foreldri og fekk i 1860 flytteattest til Kristiansund, men utvandra i 1865

 

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka året – 1865: «militær reist til Amerika»)

 

 

     ¤¤¤¤¤ (what became of Hans Mjelva in America?)

 

 

c. Christi, kjend som Christine Pedersdotter, f. i Hafslo 27.2.1841, flytte likeins med foreldri i 1844 til Grytten og d. som enkje under eit opphald på Paradis i Fana 2.5.1929.  Christine gifte seg i Grytten 22.12.1868 med Lars Hanius Iverson frå Ålesund, kjend som Lars Iversen.  Han var f. i Ålesund 22.2.1841 og d. nær Florø 19.12.1900 då han fekk hjarteslag på skipet han førte.  Lars var dampskipsførar, og han og Christine budde i Ålesund levetidi ut.  Dei fekk seks born i lag.

d. Ingeborg Marie Pedersdotter, f. i Hafslo 17.11.1842, flytte i 1844 med foreldri til Grytten og sidan vidare til Bergen der ho d. 29.10.1894.  Ingeborg Marie Hansen gifte seg i Bergen 27.3.1881 med enkjemannen Torger Nilsson, opphavleg frå Sandal i Gloppen, i Bergen kjend som Torger Sandal.  Torger var f. i Gloppen 26.12.1828 og d. i Årstad, Bergen 3.9.1914.  Han gifte seg første gongen i Bergen 6.11.1853 med Eli, kljend som Elen Olsdotter frå Mølmesdal i Lavik, f. i Lavik 4.11.1824.  Ho d. i Bergen 20.1.1878.  Torger Sandal var handelsmann og sidan hotelleigar i Bergen der han budde levetidi ut.  Han fekk i alt sju born; av dei var to frå andre ekteskapet med Ingeborg Marie.

e. Jens Pederson, f. i Grytten 31.3.1845, d. ugift på Mjelva 8.5.1863.

f. Arne Pederson, f. i Grytten 17.6.1847, utvandra i 1869 til Amerika, men kom attende og d. som gardbrukar på Mjelva 6.11.1922.  Han gifte seg i Grytten 9.9.1880 med lensmannsdotteri Laura Birkeland Andreasdotter Landmark frå Åg i Grytten, f. i Vanylven 27.8.1837.  Ho d. som enkje på Mjelva 23.2.1929.  Arne og Laura tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Mjelva i Grytten, men Arne er òg skriven vognmann same stad.  Dei var barnlause.

g. Peder Pederson, f. i Grytten 11.4.1849, d. som strandsitjar på Åndalsnes i Grytten 6.8.1908.  Peder Mjelva gifte seg i Grytten 6.7.1876 med Sørina Asbjørnsdotter frå Ormeim i Grytten, ei sonedotter av gardbrukar Elling Asbjørnson på Ormeim i Grytten (1779-1854), opphavleg gardbrukarson frå Opheim i Hafslo.  Sørina var f. i Grytten 19.5.1846 og d. som kone på Åndalsnes 9.4.1908.  Peder og Sørina Mjelva var strandsitjarar på Åndalsnes i Grytten og fekk fire born i lag.

h. Andreas Pederson, f. i Grytten 9.6.1852, d. som slaktarmeister i Ålesund 3.3.1914.  Andreas Mjelva gifte seg første gongen i Ålesund 19.9.1882 med Josefine Olivia Karoline, kjend som Olivia Olsdotter Olsen frå Ålesund, f. i Ålesund 20.6.1855.  Ho d. i Ålesund 5.5.1900.  Andreas gifte seg so att i Ålesund 5.1.1902 med Petrine Iversdotter Flokenes frå Florø i Kinn, f. i Kinn 27.7.1866.  Ho d. som enkje i Ålesund 16.3.1945.  Andreas Mjelva var slaktarmeister og budde i Ålesund levetidi ut.  Han fekk i alt femten born, tolv frå første ekteskapet og tre frå det andre.

i. Karen Severine, kjend som Severina Pedersdotter, f. i Grytten 3.12.1858, gifte seg i Grytten 20.5.1890 med Andreas Johanson Brevik frå Brevik i Grytten, f. i Grytten 29.6.1866.  Andreas var skomakar, og han og Severina budde først mellom anna på Nes i Grytten, men utvandra til Amerika i 1900.  Under namni Andrew og Severina Brevik finn me parfolket att i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der Andrew var arbeidar og sidan skomakar («laborer and shoemaker») til dei i 1920-åri busette seg i Los Angeles, Los Angeles Co., Cal.  Ogso der livnærte Andrew seg som skomakar («shoemaker»).  Andrew d. i Los Angeles, Cal. 17.7.1940, medan Severina Brevik d. same staden 27.3.1947.  Dei fekk sju born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og lever i voni...

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for nye spennande innlegg!

 

Særleg var det interessant å sjå at Hans Pederson Mjelva ogso fekk ei dotter Caroline i 1864 før han «forsvann» til Amerika.  I innlegg #19 på føregåande side er det nemnt ein son Carl som Hans fekk alt i 1861.

 

Me finn att Caroline og mor hennar i 1865 busette hjå broren Ole Rolfson og foreldri deira på Vasengseter i Surnadal:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1560&kenr=013&bnr=0007&lnr=000

 

Og der bur dei ogso i 1875, garden då kalla Vaseng øvre:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1566&kenr=007&bnr=0005&lnr=00

 

So då nyttar det nok lite å leita etter Hans Pederson Mjelva gjennom dotteri i Surnadal...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne kjempeutfordringi!

Link to post
Share on other sites
Lars Waaltorp

Da tror jeg at jeg endelig fant dødsfallet til Hans Hansen Hage. Av alle steder ser det ut til at han døde på sykehus i Kristiania. Ved begravelsen i Oslo domkirke står det at han var født i "Lesje" i 1830 (nr.  63): https://media.digitalarkivet.no/view/5416/45

 

Dødsfallsprotokollen (nr. 3045): https://media.digitalarkivet.no/view/25428/325?indexing=

 

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg vert berre meir og meir mållaus over alt du, Lars W., greier å finna!  Hjarteleg takk for endå eit fantastisk og imponerande innlegg!

 

Soleis er dødsfallet til Hans Hansson Hage endeleg «på plass», og einaste attståande utfordringi av dette emnet er:

 

** Lagnaden til Hans Pederson Mjelva i Amerika!?

 

Men er den mogeleg å finna?  Eg vonar i det lengste på ei positiv melding og takkar endå ein gong for framifrå bistand til komplettering av denne utfordrande biografien!

  • Like 1
Link to post
Share on other sites
  • 3 years later...

Hei!

Jeg søkte litt på familien, og fant spørsmålet ditt om barna til Peder Hansson gift med Kari Jensdotter.

Du nevner sønnen Andreas Pederson. Det tror jeg er Andreas Pedersen Mjelva som dro fra Åndalsnes og ble den første slaktermesteren i Ålesund. 
Vennlig hilsen Tove Honningdal

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.