Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Dødsmeldingar eller skifte Grytten (Rauma) 1889-1922?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Er det mogeleg å finna dødsmeldingar eventuelt skifte(registreringar) etter desse personane som alle skal vera avlidne i Grytten (Rauma) prestegjeld:

 

* Kari Jensdotter Mjelva, døydde 6.1.1889

 

* Peder Hansson Mjelva, døydde 11.7.1898

 

* Gunnhild Pedersdotter Hage, døydde 8.9.1916

 

* Arne Pederson Mjelva, døydde 6.11.1922

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
josteinmolde

Vi seier oss leie for ikkje å ha svara før no!

 

For det første er det dessverre slik at alle skifteprotokollar, dødsmeldingar og anna materiale for Romsdal sorenskriveri i perioden 1860-1904 er gått tapt i brann.

 

For det andre har vi undersøkt skifteprotokollane for 1914-1919 og 1921-1923, utan å finna noko om dei to som fall innafor denne perioden.

 

Vennleg helsing

Jostein Molde

Statsarkivet i Trondheim

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg takkar på det hjartelegaste for innlegget til Jostein frå november 2015 og seier meg lei for seint svar!  Eg har i mellomtidi freista finna ut av denne huslyden på andre vis etter at meldingi kom om at alt skiftematerialet for Romsdalen 1860-1904 gjekk tapt ved ein brann.

 

Eg har ikkje hatt særleg mykje hell med meg, men ville gjerne få uttrykka undring over at DØDSMELDINGANE for 1916 og 1922 ogso synest vera borte?

 

* Gunnhild Pedersdotter Hage, f. Mjelva, døydde på Åndalsnes 8.9.1916

 

* Arne Pederson Mjelva, døydde på Mjelva i Grytten 6.11.1922

 

Er det mogeleg å gjera ein dobbeltsjekk for å sjå om desse dødsmeldingane verkeleg er borte?  Dei KAN innehalda svært verdifulle opplysningar om denne huslyden som eg saknar for å gjera bygdeboki vår ferdig!

 

Eg takkar igjen so mykje for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kristian Hunskaar (Arkivverket)
1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Er det mogeleg å gjera ein dobbeltsjekk for å sjå om desse dødsmeldingane verkeleg er borte?  Dei KAN innehalda svært verdifulle opplysningar om denne huslyden som eg saknar for å gjera bygdeboki vår ferdig!

 

Dødsfallsmeldinger for arkivet Rauma lensmannskontor er skanna og finnes i Digitalarkivet. Dette arkivet inneholder også dødsfallsprotokoller som Rauma lensmannskontor overtok etter Romsdal lensmannskontor. Det ser ikke ut til at det finnes dødsfallsprotokoller før 1938 (følgelig er protokollene ikke fritt tilgjengelige). Du kan klikke deg videre fra kildeinformasjonen til arkivkatalogen i Arkivportalen, som synes å bekrefte at ytterligere dødsfallsprotokoller ikke er bevart.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kristian for interessant og avklarande svar!

 

Då forstår eg kvifor Jostein svarte som han gjorde i 2015, og det er lite me kan gjera med å finna svar på dei spørsmåli som står att å løysa når det gjeld denne huslyden med mindre andre kjelder kan finnast...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.