Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Mikkel Mikkelson Due x 2 - sokneprestar i Sogndal 1569-1600 og 1600-1610 - kvar kjem denne ætti ifrå?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet frå 2007 (http://forum.arkivverket.no/topic/131355-45899-mikkel-mikkelson-due-15001600-ein-eller-to-prestar-i-sogndal-kjelder/?hl=%2Bmikkel+%2Bsogndal), som me vel aldri fekk noki løysing på.

 

Her kjem opningsinnlegget mitt frå den gongen på ny:

 

~~~~~~~~~~

 

Fleire ættesoger syner to generasjonar av prestar i Sogndal i Sogn:

 

Mikkel Mikkelson Due d.e., fødd kring 1548, død 1600 som sokneprest til Sogndal. Han var gift med Mari Staalesdotter ''av Kvaale-ætti''.  Minst ein son:

 

Mikkel Mikkelson Due d.y., fødd kring 1568, død 1610 som sokneprest til Sogndal. Han var gift med Metta Jensdotter Holst, fødd kring 1565, død i Sogndal kring 1616.  Desse igjen skal ha vore foreldri til:

 

Guri Mikkelsdotter Due, som gifte seg med Morten Larsson på Amla i Sogndal.  Store delar av folket i indre Sogn kan føre ætti si attende til denne huslyden!  MEN, kva er kjeldene for desse opplysningane?  Eg tykkjer det er meir enn ''påfallande'' at far og son er fødde OG døydde so nær kvarandre i tid.  Er det ikkje meir sannsynleg at det berre var EIN Mikkel Mikkelson Due og at han var gift to gonger, først med Mari Staalesdotter og DERETTER med Metta Jensdotter Holst?

 

Eit anna spørsmål som har oppteke meg i mange år, er følgjande:

 

Kvar kom denne presten Mikkel Due ifrå?  Er han ein etterkomar etter ''Fru'' Johanna Andersdotter til Asdal på Jylland?

 

Eg tek gjerne imot synspunkt kring denne huslyden og kva kjelder me har å lita på...?

 

~~~~~~~~~~

 

I det gamle emnet frå 2007 kom det fram ein del spennande synspunkt og kommentarar.  Mellom anna syner det gamle epitafiet i Stedje-kyrkja at Mikkel den eldre hadde elleve born, men det vart aldri påvist at Mikkel den eldre nokon gong hadde vore student, noko som kan ha samanhang med at studentlistene frå København manglar for 1500-talet...

 

Elles er det som før nemnt svært mange indresogningar og andre som ætter ned frå denne huslyden, og det hadde vore skikkeleg moro å fått klarlagt opphavet deira.

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grete Singstad

MEN, kva er kjeldene for desse opplysningane?

 

Opplysningene ser ut til å stamme fra Lampe (1895), se #2. Lampe er kjent for mange feil og han tar åpenbart feil her. MMD d.e. kan ikke være født 1548. I 1600 hadde han vært sogneprest i 31 år, siden 1569. Alderen for å bli ordinert var 25 år og trolig var han en del år eldre enn dette i 1569.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Grete for innleggi frå siste veke!

 

Eg har dei siste dagane drøfta denne huslyden med ein kjenning, som ønskjer å vera anonym, men han har ein del synspunkt som eg berre kan stilla meg 100% attom:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det som kommer fram om Mikkel Mikkelson Due er lang fra hva jeg har kommet fram til.

Jeg har ikke funnet annet enn sekunderkilder og har derfor brukt boken Stedje kyrkje : Sogndal : 100 år : 1867-1967
som var publisert i 1969, fordi det er den siste og sannsynligvis mest oppdaterte sekundærkilden:

Her skrivers at det på den lange innskriften på gravminnet etter Mikkel Mikkelson Due skal hete:

“Michel Michelsen Due var Sogneprest i 31 år og døde 15 august 1600.
Den 10. samme måned døde hans hustru Maren Staalesdatter omkring 33 år gammel.
De havde 11 børn sammen, hvoraf en del var døde.”

Lampe har ikke skrevet noe om alderen på Maren Staalesdatter eller at hun født ca. 1567.

Dersom Maren Staalesdatter var 33 år i 1600 er riktig, kan hun ikke være mor til Mikkel Mikkelson Due d.y., som skal være født ca.1568.
Jeg mente derfor først at Mikkel Mikkelson Due d.e. har vært gift to ganger og første konen er ukjent.

Etter å ha trukket denne konklusjonen begynte jeg å fundere over hvem som har satt opp gravminne.
Da slo det meg at det sannsynligvis ikke var Mikkel Mikkelson Due d.y,
for han ville ha tatt med sin mor, Mikkel Mikkelson Due d.e.'s første kone.

Jeg kommer til at muligheten er stor for at det var Mikkel Mikkelson Due d.e.
som fikk satt opp gravminnet over sin sønn Mikkel Mikkelson Due d.y.
som var gift med Maren Staalesdatter da de var like gamle.

Er det siste riktig, var Mikkel Mikkelson Due d.e.'s andre ekteskap med Mette Jensdotter Holst, og hans første kone er ukjent.
Jeg vet at Mette bodde på Sand (Bahus) i Sogndal i 1611 og da var enke etter sognepresten Michael Michelson Due.
Det jeg ikke vet er om denne avdøde Due var d.e eller d.y.
 
Biskop Koldings kopibok 1608-1615 v/Egil Øvrebø:
Her er utdragene hvor Michel Michelsen, sokneprest i Sogndal (Stedje) nevnes 16, 100, 106, 107, 126, 127
Michel Michelsen er her ikke nevnt som d.e eller d.y.
 
Det som også gjør denne saken vanskelig, er at jeg ikke klarer å finne at det tilsettes en ny sogneprest i Sogndal i 1600.
Dette tyder på at Due d.e bare forsetter i kallet.

Det skulle vært fint om noen vet mer om denne Maren Staalesdatter og når hun ble født.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Elles spekulerer eg på om denne Peder Due kan vera ein son av Mikkel Mikkelson Due ("den eldre"): http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1644181.html

 

Hovudproblemet som er nemnt i tittelen til dette emnet, kvar kjem denne ætti ifrå, står framleis uløyst.  Skal det for alltid verta uløyst??

 

Eg vonar at kanskje andre har synspunkt kring desse folki og takkar på ny so mykje for alle innspel!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

“Michel Michelsen Due var Sogneprest i 31 år og døde 15 august 1600.
Den 10. samme måned døde hans hustru Maren Staalesdatter omkring 33 år gammel.
De havde 11 børn sammen, hvoraf en del var døde.”

 

Her står det at Maren døde omkring 33 år gammel etter å ha født 11 barn. Det bør vel bety at Maren må ha vært bare unge jenta da hun giftet seg med Michel Michelsen Due. Det tar noen år å føde 11 barn før fylte (ca) 33 år. Det kan også hypotetisk sett ha vært tvillinger blant barna. Ektemannen sies å ha vært sokneprest i 31 år, og siden alderen var 25 år for å bli ordinert, var vel Michel Michelsen i alle fall i 50-årene da han døde (se også #3).  

 

Eller har jeg tolket feil?  :huh:

 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt utfordrande innlegg!

 

Nei, du har nok tolka dette gravminnet på same måte som både den anonyme bidragsytaren og meg sjølv.  eg har i dag finne ut følgjande:

 

På side 17 i det nemnte heftet om Stedje kyrkje står det følgjande:

 

"I forhallen har det hange to store epitafer, og i sakristiet eit målarstykke frå 17. hundreåret av ein prest og huslyden hans. Etter Christie var der og ei tretavle med ei lang innskrift, der det heiter at Michel Michelsen Due var sogneprest i 31 år og "døde 15. august 1600. Den 10. samme måned døde hans hustru Maren Staalesdatter omkring 33 år gammel. De havde 11 Børn sammen, hvoraf endel var døde".
 
Det er altso ei avskrift etter Christie (Wilhelm Frimann Koren Christie?) som reiste rundt i Sogn og noterte ned om "oldsaker" først på 1800-talet. Han stifta Bergens Museum i 1825, og er me heldige, finst nokre av desse "relikviane" framleis i samlingane til Bergen Museum?

 

Den Mikkel Due som døydde i 1600, kan altso IKKJE ha vore gift med den Metta Jensdotter Holst som i 1611 sat att som enkje etter sokneprest Mikkel Due, og dette MÅ vera forklaringi på at Lampe har "gått ut ifrå" at det MÅ ha vore to Mikkel Mikkelson Due, ein etter him, som var sokneprestar i Sogndal!

 

Nye synspunkt er hjarteleg velkomne!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Eli Randmo

Jo Rune Ugulen sin artikkel "Gamle Stedje kyrkje i Sogndal, dei forsvunne epitafia der, og ei løysing på eit genealogisk spørsmål" i Norsk slektshistorisk tidsskrift bind XL (2005-2006) s. 260-264 er interessant i denne samanhengen.

 

Ugulen har transkribert skildringa av Stedje kyrkje i seksjonen "Om Præstegjældets Kirken" i ein kopi av Kallsbok for Sogndal prestegjeld som finnst ved Statsarkivet i Bergen. Ugulen opplyser at denne seksejonen er skriven i første halvdel av 1800-talet.

 

Eg siterer frå Ugulen sin transkripsjon av epitafiet eller tavla om Mikkel Mikkelsen Due d.e.:

"...Her ligger begraven hæderlig og vellærd Mand Michel Michelsen, den ældste, som var udi 31 Aar Sognepræst herudi Stedje Præstegjæld og døde Anno 1600 den 15de August med sin sal. Hustrue Maren Staalesdatter, som og døde d. 10de Aug. efter at de havde levet tilsammen i 33 Aar og midlertid aflede 11 børn tilsammen, af hvilke en Part her og hviler. Gud give dennem alle en glædelig Opstandelse!..."

 

Dette er ei anna tolking av innskrifta enn den ein finn i Lars Uglum sitt hefte om Stedje kyrkje frå 1967. Men det seier ikkje noko om opphavet til Mikkel Mikkelson Due.

 

 

Med helsing Eli Randmo

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Eli for eit interessant innlegg!

 

Her er det tydeleg ei anna tolking av gravtavla etter Mikkel Due, og då lyt ein spørja seg:  Kvar har Jo Rune Ugulen teksten sin ifrå?  Finst originalen framleis ein eller annan stad?

 

Dette vert jo riktig spennande...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Eg veit ikkje om det er verken interessant eller relevant, og eg har heller ikkje noko grunnlag for å gå god for innhaldet, men eg fann desse opplysningane i boka «Lærdal og Borgund – bygd og ætter»

 

Om prestar etter reformasjonen:

"8. Hans Nilsson Arctander: Om han Segjer Lampe at det kann vera tvilsomt om han i det heile har vore i Lærdal. Men om det kann me segja at det ingen tvil er i so måte. Han var gift med Mette Jensdtr Holst, futedotter. Ho var enkja etter presten Mikkel Mikkelson Due d.y. i Songdal. Ho døydde i 1616 og hadde frå fyrste ekteskapet to døtre, Gurid og Maren. Skiftet etter Metta vart halde på prestegarden i Lærdal. Arctander var fødd i Nordland og døydde i Lærdal i 1623. Han var då attgift med ei Karen Nilsdtr."

 

Mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Eli Randmo

Jo Rune Ugulen skriv om dette i innleiinga i artikkelen.

 

"For nokre år sidan bad Statsarkivet i Bergen i eit brev til sokneprestane i Hordaland og Sogn og Fjordane, om å få tisendt dei såkalla kallsbøkene frå prestekontora rundt om. Mellom dei som kom  inn, var Kaldsbog for Sogndals sogneprestembede. Prestekontora fekk velja sjølve om dei ville behalda originalbøkene, eller om dei ville nøya seg med ein kopi. I tilfellet Sogndal, ynskja prestekontoret å få tilbake originalen, noko som også skjedde. Ein fotokopi av kallsboka finnest ved Statsarkivet i Bergen, og det er den en har nytta i samband med denne artikkelen.

 

I kallsboka er det ein seksjon som har namnet "Om Præstegjældets Kirker". Denne seksjonen er skriven i første helvta av 1800-talet .... Transkripsjonen er ordrett, men lett normalisert med omsyn til store og små bokstavar."

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil og Eli for nye spennande innlegg!

 

Eg har i dag fått ei melding frå Jo Rune Ugulen som mellom anna skriv følgjande:

 

~~~~~~~~~~

 

Kjelda er som følgjer:

 
SAB, Kallsbok for Sogndal sokneprestembete (kopi), s. 13–16.
 
Transkripsjonen min er ikkje ei tolking, så den er rett og klar slik den står. Dei var gifte i 33 år, og det står ikkje noko om alderen på kona. Ho var neppe frå Sogndal heller – det er det ingen som helst haldepunkt for.
 
Og når det gjeld spekulasjonane om kor vidt dei to Mikkel Due er ein mann, kan du nok slå det frå deg. Det er dei ikkje, slik det også går fram av den nemnte artikkelen. Epitafiet over foreldra er sett opp av sonen:
 
In perpetuam & sempiternam memoriam parentum suorum carissimorum, hanc tabulam fieri fecit. Filius möestissimus Michaelides Columbanus junior pastor.
 
Til evig og uforgjengelig minne om sine kjære foreldre, har den sørgende sønn Mikkel Due den yngre, prest, latt gjøre denne tavlen.

 
Tydelegare vert det ikkje :)

 

~~~~~~~~~~

 

So då skulle konklusjonen på dette spørsmålet vera klar; det var to generasjonar Mikkel Due som prestar i Sogndal!

 

MEN, kvar dei kom ifrå, er framleis ei gåte...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.