Gå til innhold
Arkivverket

Mikkel Mikkelson Due x 2 - sokneprestar i Sogndal 1569-1600 og 1600-1610 - kvar kjem denne ætti ifrå?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

53 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Innlegg #23:

 

Eg har no fått tilgjenge til Studentmatrikkelen frå København for 1550-1565 og finn der ein spennande kandidat til Mikkel Mikkelson Due d.e.:

 

* Michael Michaelis studerede i København 1559 (side 37) - P.T.7.R.3.B.

 

Denne Mikkel er truleg fødd tidleg på 1540-talet og kunne godt høva med «vår» Mikkel...!

 

Perioden 1565-1601 ser ut til å mangla, so eg finn ikkje Mikkel Mikkelson Due d.y....

 

So kven var denne studenten??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

 

Den eldste studentmatrikkelen for universitetet i København har gått tapt. Den første bevarte, som startar i 1611, er merka som nr. 2. Ein viss H. Friis-Petersen ferdigstilte i 1942 eit så vidt eg veit utrykt manuskript med ein "matrikkel" bygd på andre tilgjengelege kjelder, og det er på side 37 i dette manuskriptet vi finn Michael Michaelis som student i 1559. Ein kopi er tilgjengeleg på medlemssidene til Norsk Slektshistorisk Forening, men av ein eller annan grunn ser det ut til at siste del av manuskriptets del 1 har falle ut. Derav lakunen 1656-1601. 

 

Friis-Petersens kjelde er i dette tilfellet ei rekneskapsbok over støtte til fattige studentar, som han har publisert i ein artikkel i (Dansk) Personalhistorisk tidsskrift, 7. rekke, 3. band (derav referansen ovanfor). Eldre utgåver av PHT er fritt tilgjengelege på tidsskrift.dk. 

 

Sonen er nok identisk med den "Michael Columbanus [=Due] Norwegus" som i 1590 er student ved universitetet i Rostock. Sjå Ludvig Daae: Matrikler over nordiske Studerende ved fremmede Universiteter (1885), s.  105. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #27:

 

Hjarteleg takk til Lars for siste innlegg!

 

Jau, det må vel vera Mikkel Mikkelson Due d.y. som studerte i Roctock, men kan ogso Mikkel Mikkelson Due d.e. ha studert same stad?

 

Eg har forresten motteke ein kommentar om at DUE-namnet kan ha bibelsk opphav!  Er det nokon som har noki meining om dette?

 

Ein ny kjempetakk for alle gode forslag!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #29:

 

Hjarteleg takk til Leif for siste innlegget!

 

Boki til Per Tang kjenner eg til - eg har vel eit eksemplar ståande i bokhylla heime, men eg hugsar frå år attende, då eg freista forska på denne ættti, at det var heller «tunne» opplysningar som kom fram i dei prenta kjeldene...  Eg var soleis ikkje i stand til å finna noko samband mellom Maren Staalesdotter og John Staal, og Staale-namnet er svært uvanleg i Sogn!

 

FT1701 for Sogndal syner på Loftesnes ein oppsitjar Anders Nilsson på 50 år med ein son Staale på 12.  Denne Staale Andersson døydde på Barsnes i Sogndal 1747: https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000127300

 

FT1701 for Sogndal syner på Kvåle ein oppsitjar Peder Staaleson på 39 år.  Han hadde ein halvbror Anders Pederson Sogndalsfjæren som det vart halde skifte etter i 1720: https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000997195

 

Kanskje nokon har fleire detaljar å komma med her?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 25.12.2021 den 15.27, Lars E. Øyane skrev:

Eg har forresten motteke ein kommentar om at DUE-namnet kan ha bibelsk opphav!  Er det nokon som har noki meining om dette?

Wikipedia sier om Jonas:

Jonas er et mannsnavn avledet av det greskenavnet Ionas, som kommer fra det hebraiskenavnet Jonah og det hebraiske ordet jona, som betyr «due». Det er mye brukt i Skandinavia. Skrivemåten på islandsk er Jónas. Jonas er et oppkallingsnavn etter profeten Jona, nevnt i Det gamle testamente i Andre kongebok og i Jonas bok.
 

Vh Jarleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En vill teori om opphavet til Mikkel Mikkelsen Due.

 

Due er ikke brukt som navn i disse gamle diplomene, kun Mikkel Mikkelsen.

 

Det var en Michel Jonssønn i Bergen fra tidlig 1500 tall og utover. (pastor electus i Domkirken) Kan det være noe slektskap her ?

 

 Michel] Michel Jonssønn, 1553 pastor electus (sogneprest?) til Domkirken. Han stod i særlig gunst hos Geble Pederssønn, som i 1552 hadde holdt bryllup for ham. I 1565 døde hans første hustru Maritte; året etter giftet han seg med en 16 år gammel pike Kristine Davidsdatter fra Shetland. Ved lensherren Christoffer Valkendorfs bestemmelse ble hans inntekter som sogneprest betydelig forøket (N.R.R. I s. 631 f.). 1569 fikk han St. Jacobi prebende (N.R.R. I s. 633), og de kommunale myndigheter ble pålagt å skaffe en passende eiendom til prestegård da han var uten embetsbolig og hadde ingen formue til å kjøpe et hus. M. J. var et virksomt og innflytelsesrikt medlem av domkapitlet (jfr. 27/6-1569), – i det hele en av de mest fremtredende geistlige i stiftet i denne tid. Han må være død før november 1573.

 

 

  • Jon Røg var den siste katolske og første lutherske sogneprest i Leikanger; han nevnes første gang 1522. Etter Reformasjonen fortsatte han i kallet til omkring 1560, da han tok avskjed mot å få beholde St. Jacobs prebende. Michel Jonssønn fikk ved kongebrev 26. juli 1569 nevnte prebende. (N.R.R. I s. 633, jfr. Db. s. 150.)
Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #33:

 

Hjarteleg takk til Jarleif og Ivar for nye spennande innlegg!

 

Epitafiet etter Mikkel Mikkelson DUE d.e. lyder som før nemnt slik:

 

"...Her ligger begraven hæderlig og vellærd Mand Michel Michelsen, den ældste, som var udi 31 Aar Sognepræst herudi Stedje Præstegjæld og døde Anno 1600 den 15de August med sin sal. Hustrue Maren Staalesdatter, som og døde d. 10de Aug. efter at de havde levet tilsammen i 33 Aar og midlertid aflede 11 børn tilsammen, af hvilke en Part her og hviler. Gud give dennem alle en glædelig Opstandelse!..."

 

som er ei sterk antyding om at Mikkel d.e. ikkje sjølv nytta namnet DUE og at det først var sonen som tok DUE-namnet då han studerte i Rostock («Michael Columbanus Norwegus»)!  Eller finst det originale kjelder som gjev Mikkel d.e. ættenamnet DUE?

 

Mikkel Johnson, som Ivar nemner i føregåande innlegg, gifte seg tydeleg første gongen i 1552(!), so då vert vel han i yngste laget til å vera far til «vår» Mikkel Mikkelson!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #34:

 

Eg har hatt ny kontakt med Jo Rune Ugulen om denne ætti, og han meiner ganske bestemt at det berre er ein «vill spekulasjon» at Maren Staalesdotter har vore av den sokalla Kvålsætti.  Uansett veit me altfor lite om Kvålsætti til å kunna seia noko meir om dette!

 

Eg trur at både Mikkel Mikkelson Due d.e. og kona Maren Staalesdotter har vore danske og at Mikkel var ferdig utdanna prest og gift før han i 1569 vart tilsett som sokneprest til Sogndal.  Når det gjeld opphavet hans, vil eg nok ein gong få leggja fram følgjande teori:

 

Johanna Andersdotter til Asdal og mannen hennar Bonde Jensson Due fekk mellom anna ein son Mikkel Bondeson Due «til Torp», som døydde etter 1455.

 

Denne Mikkel hadde dotteri Else Mikkelsdotter Due «til Torp», som døydde i 1510, gift med Anders Nilsson Munk «til Brusgaard».

 

Dei fekk sonen Mikkel Andersson Due «til Sostrup», fødd kring 1473...  Sistnemnde skal vera avliden før 1515, men me veit vel ikkje noko meir om huslyden hans??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.