Gå til innhold
Arkivverket
Per Nistad

Helge Reinertsen Holsen, Førde/Fjaler

Recommended Posts

Per Nistad

Jon Helgesson Holsen kom til Njøsen (Nysna) i Gaular kring 1750. I Gaularsoga b.II s. 644, står det at han var fødd kring 1724, men i Bygdebok for Førde, b1 s.180, står det at han var fødd i 1729. Faren, Helje Holsen, er truleg den same som Helje Reinertsen som fekk dottera Sidsela i 1724. Han er nemnd som Helge Holsen i 1727, då med sonen Jon, som truleg er død før 1729. Eg tolkar det slik i protokollen at det er Jon nr. 2 som vert døypt i 1729  Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 2 (1728-1748), Kronologisk liste 1729, side 15.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11403&idx_id=11403&uid=ny&idx_side=-15

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070227240505.jpg

 

I sorenskriver Steen sine skrifter om Førde i gamle dagar, http://www.fylkesarkiv.no/sites/default/files/Steen_Forde_Bind_4komplett.pdf

side 46, står det at "Rognald Erdal, som også er stamfar til brukerne i Njøsentune ( 1. Rognald Olsen Erdal, 2. Reinert Rognaldsen Erdal, Igelkjønn, 3. Helgje Reinetsen Erdal, Igelkjøn, Holsen, 4. Jo Helgjesen Holsen, Njøsen og 5. Johanes Jonsen Njøsen g.m. Olina Olsdatter Mo. De kjøpte nr. 58 i 1702 for 466 rdlr.)" 

 

I boka om Erdalsslekta http://www.nb.no/nbsok/nb/244442acf6f14c0cc81c26c7374b3d29.nbdigital?lang=no#61står det på side 58 at dei har grunn til å tru at Helje Reinertsen kom frå Igeltjønn.

 

Men i Fjalersoga er Helge ikkje nemnd som barn  av Reinert Rognalsson Erdal, som var brukar på Igeltjønn

 

Er det nokon som kjenner til meir om opphavet til Helje Reinertsen Holsen, som budde på bruk 12, Nigarden  på Holsen i 1720-åra?

 

Helsing Per Nistad

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Eg veit ikkje om det hjelp deg noko meir enn dei opplysningane som du har funne i BB Førde, men her er i alle fall dåpen til Helge Holsens søn Joen i 1729

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 2 (1728-1748), Kronologisk liste 1729, side 15.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11403&idx_id=11403&uid=ny&idx_side=-15

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070227240505.jpg

 

Beklager, eg var litt rask der, den hadde du allereie funne.

 

mvh Egil

Endret av Egil Russøy - Førde

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per Nistad

Eg veit ikkje om det hjelp deg noko meir enn dei opplysningane som du har funne i BB Førde, men her er i alle fall dåpen til Helge Holsens søn Joen i 1729

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 2 (1728-1748), Kronologisk liste 1729, side 15.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11403&idx_id=11403&uid=ny&idx_side=-15

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070227240505.jpg

 

Beklager, eg var litt rask der, den hadde du allereie funne.

 

mvh Egil

Takk likevel, men det er Helge Reinertsen Holsen sitt opphav eg leitar etter. Det var forresten O Tjønneland som hadde skrive om etterkommarane til Rognald Olsen Erdal i avskrifta av sorenskrivar Steen sine skrifter om Førde. 

I boka om Erdalsslekta står det vidare på s. 58: "Vi vil aldri so lite gå tilbake til Rognald Olsen frå 1657.Son hans, Johannes, fekk bruket i 1664. Det må ikkje ha vore nærare arvingar til garden i 1782 når ein slektning av Johannes kom frå Njøsen det året."

 

I bygdeboka for Førde finn eg ikkje noko om dette slektskapet, det står berre at Johannes Jonsson kjøpe bruket på auksjon i 1782.

 

Så eg leitar framleis etter andre kjelder som viser at Helge Reinertsen Holsen var son til Reinert Rognaldsson på Igeltjønn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

1701-manntalet er nok blant kjeldene for det som står om borna til Reinert i Fjalersoga. Ingen Helge/Helje er nemnd her:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/206/pc00000000618156

(Om teljinga: http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=info&db=26 )

 

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Om nokon er flinke til å tyde gammal skrift, så ligg skiftet etter kona til Reinert, Gjertrud Henriksdtr. her:

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Lenet tinglag, Skifteprotokoll A 4b , 1730-1732, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Fol. 191-378. Register på kort.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24188/30/

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Den einaste Helje Reinertsen som eg finn i Gaular/Førde/Fjaler og nærliggande prestegjeld i 1701 er ein 11 år gamal gut i "Førde ved sjøen". Faren er Reinert Olsen, bst same stad.

 

"Ved Sjøen" var ein plass under garden Skei i Førde.

 

Eg skal sjekke kva BB Førde har å seie om denne Helje Reinertsen.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Dessverre ikkje så mykje opplysningar i BB Førde om Reinert Olsen "ved Sjøen"

 

Reinert Olsen f. kr. 1656, død 1741, kona ukjend.

Av borna deira veit vi om:

Helge f. kr. 1690

Peder f.kr. 1695

Anders f.kr. 1698

Østen f. kr. 1707, d. 1741 etter eit års tid sengelægje, etter å ha brote foten av. gift med Eli Ellefsdtr Bruland.

 

Ein del namnelikskap med borna i den andre Reinertsenfamilien, men ellers lite opplysningar.

 

Det ser ut til at sonen Østen har fortsatt å bu "ved Sjøen", for kona hans står oppført der med eit ekteskap nr. 2, med sonen Anders Østensen frå første ekteskap.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.