Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Nils Sjøthun - paktar på Sjøtun i Hafslo kring 1760 - kven var han og kvar vart det av han og døtrene Cecilia og Mari?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ei gåte har dette vore for meg i mange år, og eg har vel meir eller mindre gjeve opp nokon gong å finna eit svar.

 

MEN, voni døyr sist, og eg vil gjerne freista leggja dette problemet fram for Brukarforum:

 

Premierløytnant Fredrik Fraas døydde på Sjøtun i 1757 og let etter seg enkja og fleire små born.  Då er det at denne karen dukkar opp på garden:

 

NILS SJØTHUN som ned si ukjende kone får to born, medan han bur på Sjøtun som paktar:

 

 1. Cecilia Nilsdotter, døypt i Hafslo 21.2.1761 - fadrane hennar var: Lars Sørenson, Søren Sjøthun, Fru Fraas, Sophie Elvethun og Mette Prestegaard

 

 2. Mari Nilsdotter, døypt i Hafslo 26.9.1762 - fadrane hennar var: Lars Sørenson, Halvor Elvethun, Fru Fraas, Anna Havnen og Thore Torbjørnsdotter

 

Det er ikkje noko tyder på at nokon av desse var i slekt med Nils Sjøthun.

 

Men so skjer det noko merkeleg:  Nils er IKKJE nemnd i Ekstraskattmanntalet frå hausten 1762, og ikkje finn eg fleire born i Hafslo som kan høva inn i denne huslyden.  Og sist, men ikkje minst; ingen av dei to døtrene synest vera konfirmerte, vigde eller avlidne i Hafslo!  Difor trur eg at dei må vera flytte frå Hafslo kort etter Mari vart døypt, men

 

* KVAR kan dei ha gjort av seg?

 

* og KVEN var dei?

 

Dei kan godt ha vore frå eitt av naboprestegjeldi til Hafslo, og kan henda flytte dei attende dit...  Hadde me berre finne til dømes konfirmasjonen til ei eller båe døtrer...?

 

Ei kjempestor takksemd følgjer med alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for interessant innlegg!

 

Nei, det er nok ikkje denne Cecilia.  Eg finn denne fødsli på FamilySearch:

 

Name Cicilia Nilsen

Gender Female

Christening Date 19 Apr 1764

Christening Place , ASKVOLL, SOGN OG FJORDANE, NORWAY

Father's Name Nils Waeren

 

og ser me på fødestaden, so ser me det er same gard i Askvoll som der huslyden budde i 1801...

 

Men, med slike utfordringar lyt ein nok freista det sim finst av mogeleg løysingar, og eg vonar framleis på eit "blinkskòt" ein eller annan stad...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Tandsether

I Leikanger bygdebok under garden Halland (s. 201) er denne familien nevnt:

 

Nils Eiriksen Sjøtun (  -  )

gift (1) 1773 med enke Magdeli Olsdtr. Halland f. Husabø (1731-1775)

 

a. Eirik (1774-1844), gift 1804 med Kari Rasmusdtr. Husabø (1776-1844), pakterfolk på Halland til 1821, seinere bruker på Husabø, 8 barn

 

Nils gift (2) 1776 med Gjertrud Endresdtr. Holen (1740-1814)

 

b. Endre (1776-1815), ugift

c. Ingemar (1777-1853), gift 1806 med Helga Ellingsdtr. Kvåle, Sogndal (1776-1841), nevnt under Halland i bygdeboka, 5 barn

d. Elling (1780-1789)

e. Elling (1782-1782)

 

Kan denne Nils Eriksen Sjøtun være den samme som Nils Sjøtun bosatt i Hafslo omkring 1760? I 1801 står det at Nils var gift for 3. gang, han var derfor enkemann da han giftet seg i Leikanger 1773 med Magdeli. Han var 66 år 1801, og ble begravet fra Halland 22.11.1804.

 

Sjøtun fins også i Balestrand, men i følge Laberg var Sjøtun underbruk til Fjærestad og Bale, og det nevnes ingen brukere før omkring 1780.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Her er giftermålet i 1773 - venstre side, 5. innførsel ovenfra:

Sogn og Fjordane fylke, Leikanger, Ministerialbok nr. A 4 (1770-1791), Ekteviede 1774, side 153. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11567&idx_id=11567&uid=ny&idx_side=-158
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511630122.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje og Grethe for nye spennande og interessante innlegg!

 

Eg ser på den nemnde Nils Erikson på Leikanger som eit godt alternativ, men lat oss sjå litt på kva førekomster me har av Nils Erikson på den tidi:

 

På Leikanger finn me desse vigslene:

 

* 9.2.1763 Nils Erikson Husebøe og Martha Anfindsdotter Grindedal

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Leikanger, Ministerialbok nr. A 3 (1756-1770), Kronologisk liste 1763, side 77.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11566&idx_id=11566&uid=ny&idx_side=-76
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511620613.jpg

 

* 4.1.1768 Nils Erikson Hamre og enkja Unni Eriksdotter Fjørestad

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Leikanger, Ministerialbok nr. A 3 (1756-1770), Kronologisk liste 1768, side 148.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11566&idx_id=11566&uid=ny&idx_side=-147
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511620684.jpg

 

Den første av desse er nemnd i bygdeboki for Leikanger på side 135 - han var fødd 1713 og døydde 1773.  Han kan det med andre ord IKKJE vera!

 

Hin Nils Erikson er nemnd i bygdeboki for Leikanger på side 106 som fødd i 1736 og gift med Unni - dei busette seg på Fjærestad i Balestrand, men i bygdeboki for Balestrand står det at Unni døydde alt i 1769, og at Nils etter dette "kom frå garden" att!  Det er nok denne siste som i 1773 gifte seg att med Magdeli Olsdotter!

 

Eg ser heller ingen andre Nils Erikson gifte i Sogn som kan høva som Nils på Sjøtun i Hafslo, men diverre har me mangelfulle vigselslister fleire stader, mellom anna i Luster mellom 1759 og 1761!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Tandsether

Etter å ha studert bygdeboka for Balestrand i går etter at innlegget ble sendt, så har jeg kommet til det samme. Nils Eriksen Sjøtun var ikke fra Hafslo, men fra indre Hamre i Leikanger. Da Sjøtun ble brukt under Fjærestad så er det Sjøtun i Balestrand som Nils Eriksen på Halland har navnet sitt fra.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Etter mykje fundering trur eg at eg har løyst dette problemet på eigi hand:

 

Ein Nils Aamundson (1718-1776) frå Årdal flytte i ung alder til Luster og gifte seg her 11.11.1754 med Eli Pedersdotter frå Kroken indre i Luster (1727-1820).  Denne Nils fekk i 1753 bygsel på eitt av bruki i Kroken indre i Luster der ei faster hans då sat som enkje, men då bruket i 1759 skifte eigar, laut Nils og Eli flytta derifrå att.  So er dei borte frå bygdi nokre år til dei kring 1763 dukkar opp som husmannsfolk i Dulsviki under Lingjerde i Luster.  Mor hans Nils heitte Cecilia, medan mor hennar Eli heitte Mari!  Elles må Cecilia fødd på Sjøtun i 1761 vera avlidi kort etter fødsli, for i 1764 får Nils og Eli ei ny dotter med dette namnet - i Luster.  Lagnaden til Mari er førebels ukjend...  Ho vart ikkje konfirmert korkje i Luster eller i Hafslo!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.