Gå til innhold
Arkivverket

Ordbruk i norsk bygdebok - kva tyder ordet "forliu"?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i kveld motteke eit spørsmål frå Amerika om ordbruken i ei norsk bygdebok, og då eg er sterkt i tvil om kva dette eigentleg tyder, legg eg det ut her:

 

"Ei gamal forliu på andre sida av elva"

 

Det vert ikkje sagt noko om kva del av landet denne boki er frå, men kanskje er det nokon som dreg jensel på uttrykket "forliu"?  Kan det vera ei fôrløe?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Frasen gjev eitt treff hos Nasjonalbiblioteket, og det er i Bygdabok for Dovre : gnr. 57-75. 4 : Frå Langdalen til Dovreskogen bygdeallmenning gnr. 57-75. Denne boka er ikkje digitalt tilgjengeleg. Liu er brukt om løe i andre bøker, så det er heilt sikkert snakk om ei fôrløe. Som her i Bygdebok for Lesja 3:

 

post-77-0-59189800-1447991023_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gunnar for ny kommentar!

 

Eg har nettopp fått eit nyutt spørsmål frå same amerikanar som òg gjeld bygdeboki for Dovre:

 

"Han såg også at Bøllog la ein høytapp i skreppa til Peders"

 

Og eg som trudde at sognamålet var noko heilt spesielt...

 

Eg tek gjerne imot ei forklaring på denne siste linja...  Kva er ein høytapp?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar og Vibeke for nye interessante innlegg!

 

Me ser ofte døme på at gode gamle svenske ord og uttrykk kan ha likskap med dialektuttrykk i Noreg.  Eg har delt denne kunnskapen med kjelda mi i Amerika, som tykte dette vel måtte vera meint som ein "spøk"...

 

Uansett, vedkommande har fått svar på tydingi, so då er i alle fall dette problemet løyst!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.