Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

C(K)arl Josefson Hagen (1895-1981) og Signe Marie Aasen (1906-1979) - vigsel i Oslo? - so på Noresund i Krødsherad? - biografiske opplysningar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Karl Josefson Hagen var fødd utanfor ekteskap i Bjertneseiget i Krødsherad 23.2.1895.  Foreldri var arbeidar Josef Olson Holme frå Hønefoss og jenta Anna Guttormsdotter frå Bjertneseiget.  Eg meiner det står at faren var svensk

 

Kildeinformasjon: Buskerud fylke, Krødsherad, Ministerialbok nr. 6 (1889-1899), Fødte og døpte 1895, side 34.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1182&idx_id=1182&uid=ny&idx_side=-38
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051101011144.jpg

 

Karl, som sidan skal ha skrive seg Carl med "C", voks opp som fosterbarn i Hagen under Bjertnes, men flytte truleg i ung alder til Christiania (Oslo)?

 

I alle fall gifte han seg, dato og stad ukjende, men openbart ETTER 1936 og truleg i Oslo, med:

 

Signe Marie Thomasdotter Aasen, fødd i Hafslo i Sogn 31.7.1906.  Signe flytte i ung alder til Oslo der ho var diakonisse og sjukepleiar før ho gifte seg med Karl/Carl.

 

Sidan flytte parfolket til Noresund i Krødsherad der Signe døydde 18.9.1979.  Carl Hagen døydde same staden 12.1.1981, d.v.s. eg veit ikkje sikkert at dei døydde på Noresund, men dei BUDDE i alle fall der!  Dei fekk ingen born.

 

Spørsmåli mine:

 

** Er det mogeleg å finna VIGSLI til Karl/Carl Hagen og Signe Marie Aasen - kan henda gjennom Aftenposten?

 

** Kanskje det finst dødsannonser for Carl/Karl og/eller Signe Hagen som fortel oss KVAR dei døydde?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Jeg finner ikke Signe i adressebøkene for Oslo på 1930-40 tallet. Hun er omtalt i Norske sykepleiere som er utgitt 1960:

 

Signe Aasen, avd.søster, Hokksund Pleiehjem, Hokksund. F. 31-7-1906 i Hafslo, Sogn. Framh.skole, husmorsk. Sykepleieutd.: Lovisenberg sykehus, Oslo 1928-31. Off. godkj. sykepl. Praksis som sykepleier: Rikshospitalet, Diakonhjemmet, Gaustad sykehus, Namsos sykehus. Hokksund pleiehjem fra 10-1-1957.

 

Søster Ranveig er forøvrig ikke omtalt i bøkene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for spennande og interessant innlegg!

 

Det høyrest ut som om Signe vigde so å seia heile livet til sjukepleien, og det kan kanskje tenkjast at ho framleis var ugift då ho i 1957 vart tilsett ved Hokksund pleieheim?  Og kanskje òg i 1960 då nemnde bok vart utgjevi!?

 

Kan bygdeboki for Krødsherad ha opplkysningar om denne vigsli?  Både Signe og Carl levde framleis medan Andreas Mørch arbeidde med kryllingboki på 1970-talet!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og lever i voni...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i dag vore i kontakt med kyrkjekontoret i Krødsherad, og der får eg opplyst, kjelde dødsfallsprotokollane, at:

 

Carl Hagen og Signe Marie Aasen skal vera vigde i 1959.

 

Vigsli fann ikkje stad i Krødsherad, men sidan Signe på den tidi hadde arbeidet sitt - og bustaden sin - på Hokksund i Øvre Eiker, er det vel ikkje so urimeleg at dei kan ha gift seg der?

 

Kanskje finst denne vigsli nemnd i Norsk lysingsblad?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Solveig for eit spennande og interessant innlegg!

 

Eg visste ikkje at Carl Hagen hadde vore gift før, og dette er detaljar som eg gjerne vil ta med i manuskriptet mitt!  Men er det mogeleg å finna ut noko meir om denne Harriet Hoel, fødd i Christiania 8.5.1912, som han gifte seg med første gongen?  Eg finn ho ikkje i gravferdsregisteret hjå DIS-Noreg...  Kanskje fekk dei born?

 

Elles har eg i mellomtidi hatt kontakt med kyrkjekontoret i Øvre Eiker, men dei kunne ikkje finna vigsli til Carl og Signe i 1959, so då er det vel eit spørsmål om dei kanskje gifte seg hjå sorenskrivaren på Hokksund?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til løysing av denne utfordringi!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Legger bare inn dåpen til Ellen Harriet Sofie Hoel

 

SAO, Rikshospitalet prestekontor Kirkebøker, F/L0014: Ministerialbok nr. 14, 1909-1912, s. 319
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20050830031053

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for eit spennande innlegg!

 

Eg ser at foreldri budde på Tromøya ved Arendal i 1912, men dette må vel vera faren si utvandring til Amerika frå Oslo i 1927: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000628935

 

og her er same mann på Lande i Tune 1910, mellombels heime frå Lolland i Danmark(!): https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036354001757

 

og same stad i 1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037011002352

 

Her er vel mori i Aker i 1900 med fødestad Tromøya: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036372028345

 

og i 1900 på Mærdø på Tromøya: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037198001788

 

Gravi til mori som døydde 1962: http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=3349888

 

Kanskje kan Harriet følgjast gjennom mori?  Dødsannonse?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har motteke ei melding i Arkivforum frå Statsarkivet i Kristiansand om at Martha Hoel døydde i 1962 utan å etterlata seg born.  Dette tyder altso at Carl Hagen og første kona Harriet var barnlause, og truleg var Carl enkjemann då han i 1959 gifte seg att med Signe Marie Aasen!

 

Spørsmåli som då står òpne, er altso...

 

** Date og stad for vigsli til Carl Hagen og Signe Marie Aasen?

 

** Dato og stad for dødsfallet til Harriet Hagen?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan bringa løysing på desse utfordringane!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Fra Aftenposten 5. november 1946

harriet hagen.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for eit kjempeflott innlegg!

 

Då er dødsfallet til Harriet Hagen «på plass», men om me skal tolka dødsstaden hennar som Noresund eller Drammen er eg litt i stuss på...  Kva meiner du, Sven, eller andre?

 

Nok ein kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordringi!  Då er det berre denne vigsli til Carl og Signe Marie som er so vanskeleg...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp
På 26.11.2015 den 23.52, Lars E. Øyane skrev:

Kan bygdeboki for Krødsherad ha opplkysningar om denne vigsli?  Både Signe og Carl levde framleis medan Andreas Mørch arbeidde med kryllingboki på 1970-talet!

 

Bygdeboka for Krødsherad gir dessverre ikke noen flere opplysninger om vielsen:

 

59821c8cd2213_Skjermbilde2017-08-02kl_20_36_53.png.944104a5eee9f2be6d34be48b392b0cc.png

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for siste innlegget med utdrag frå bygdeboki for Krødsherad!

 

Diverre var det ikkje mykje å henta der om vigsli til Carl og Signe Marie frå 1959, men det KUNNE jo ha stått noko...

 

Det skal tydeleg ikkje vera so enkelt å finna denne vigsli, men kanskje Norsk Lysingsblad kan hjelpa oss?  Eg trur elles at sorenskrivarkontoret på Hokksund er den mest sannsynlege vigselsstaden...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand for å løysa denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ragnhild K. Brænd

Ingen treff i Norsk lysingsblad, men første halvår av 1959 er ennå ikke skannet av Nasjonalbiblioteket.

 

Mvh Ragnhild Brænd

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

?????

 

Arbeiderbladet 28.04.1955:

Ranveig Aasen.png

 

Gravminner i Norge: http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=4256529

Ser ut til at avdøde bodde i Nesbygda og hun har vel samme fødselsdato som søsteren til Signe Marie, jf. f.t. 1910:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036724002385

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ragnhild og Grethe for nye spennande innlegg!

 

Som du, Grethe, òg har oppdaga, var det søsteri til Signe som fekk denne merksemdi frå Kongen i 1959, og bustaden var Nesbygda ved Svelvik..

 

Elles kan det sjå ut som om at vigsli til Carl og Signe må ha finne stad i første halvår 1959...  Er denne skanningsprosesssen av Norsk Lysingsblad ein pågåande aktivitet?  Kanskje vil resten av 1959 òg dukka opp i næraste framtid?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å løysa denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ragnhild K. Brænd

Jeg har tidligere vært i kontakt med Nasjonalbiblioteket ang. dette. Svaret var at "De holder på med å digitalisere alle norske aviser, men vi tar de ikke i rekkefølge verken etter tittel, eller kronologisk, men etter plassering i magasin. Derfor blir det en del huller  i en god del titler, der årene før og etter er digitalisert, men disse vil tettes etter hvert".

Det finnes dessverre ingen oversikt over "hullene".

Mvh Ragnhild Brænd

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.