Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Historie bog om de norske konger (1731)


Recommended Posts

I eit skifte frå Remma i Vefsn 1731 ser eg blant anna

1 Historie bog om de norske konger (fol. 604 a, heilt til høgre: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24838/287/ )

Kva for ei bok kan det ha vore?

Snorre var ikkje utgitt på den tida. Og Holberg skreiv vel ikkje om norske kongar ...

 

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/199446-historie-bog-om-de-norske-konger-1731/
Del på andre sider

Holberg skrev ihvertfall om det danske kongedømmets historie, jf. for eksempel

* Dannemarks Riges Historie : deelt udi 3 Tomer. T. 1

* Dannemarks Riges Historie : deelt udi 3 Tomer. T. 2

* Dannemarks Riges Historie : deelt udi 3 Tomer. T. 3 : Med et tilstrækkeligt Register over alle III Tomer

 

Årstallene blir vel feil, og bøkene omhandler så langt jeg kan se ikke de norske kongene forut for dansketiden. Men spennende at Holberg skrev disse verkene. Dette var nytt for meg. Stod ikke på pensum på historie grunnfag ... :-)

 

DTH

 

 

For øvrig er Holbergs samlede verker under publisering i «tekstkritisk og kommentert utgave» her:

 

http://holbergsskrifter.no/holberg-public/view?docId=adm/main.xml&lang.set=no

 

Dette er en imponerende satsning.

Danmarks og Norges beskrivelse og første bindet av  Danmarks rikes historie las eg frå perm til perm i ungdomsåra. Holberg skriv godt og engasjerande, han.

Takk for tipset om Holberg-sida!

 

Men spørsmålet om kven som før 1730 kan ha skrive om norske kongar, det står att ...

 

Endret av Knut Skorpen

I eit skifte frå Remma i Vefsn 1731 ser eg blant anna

1 Historie bog om de norske konger (fol. 604 a, heilt til høgre: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24838/287/ )

Kva for ei bok kan det ha vore?

Snorre var ikkje utgitt på den tida.

 

Vel - det fanst norske bønder som las gammalnorsk.....

 

Men det finst iallfall eit par alternativ:

 

Peder Claussøn (Friis) omsette (delar av?) Heimskringa til dansk.

 "Snorre Sturlesøns Norske Kongers Chronica" utg. av O.Worm, Kjøpenhamn 1633.

https://nbl.snl.no/Peder_Clauss%C3%B8n_Friis

 

 

Jonas Ramus: "Norriges Kongers Historie", Kjøpenhamn 1719

https://nbl.snl.no/Jonas_Ramus

 

Jostein Fet ("Lesande bønder", 1995) har funne begge titlane i skifte på Sunnmøre.

Takk for interessante svar! Ville gjetta på at det var Rasmus si bok han hadde, men Snorre er eit alternativ. 
Ein ekstra takk tipset om Fets «Lesande bønder» http://www.nb.no/nbsok/nb/ad93266ee7a17daa50ab5fe044c562cd?index=1#0. Eg hadde eit minne om at det skulle finnast ei slik bok, og eg søkte faktisk etter «Lesende bønder» på bokhylla.no, men fekk ingen treff. Så nært, men akk så fjernt ...

 

Endret av Knut Skorpen

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.