Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Odin Martin Pedersen - gravlagd 1957 på Udland i Haugesund - kven var han?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Gravferdsregisteret frå DIS-Noreg syner ein:

 

Odin Martin Pedersen, fødd 1.12.1866, som døydde 16.5.1957 og som 24.5.1957 vart gravlagd på Udland kyrkjegard i Haugesund.

 

Eg mistenker denne karen for å vera identisk med:

 

Odin Andreas Martin Pedersen, fødd i Vågan 1.2.1866 og i 1910 busett i Mo i Rana under namnet Odin Martin Pedersen.

 

"Min" Odin var gift med Albertine Karoline (Anfindsdotter), fødd i Vågan 6.6.1865, men ho ser eg ikkje noko meir til.

 

Er det nokon med lokal kunnskap i Haugesund s0om kan fortelja meg kven denne Odin Martin Pedersen på Udland kyrkjegard kan vera?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten og Sven for spennande og nyttige innlegg om Odin Pedersen!

 

Då må det med andre ord vera "vår" Odin som ligg gravlagd i Haugesund, og problemet er forsovidt løyst, men det hadde vore kjekt å fått med detaljar om kona hans ogso..., d.v.s. kona til Odin, Albertine...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Johan Arthur Hansen

Kan sjekke dødsannonsen hans en dag. Det er jeg som har tatt bildene på denne kirkegården og ser at det mangler bilde på Odins grav.

Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Johan Arthur Hansen

Det står om denne familien i Norges bebyggelse - Nord Rogaland. Se vedlegg! Mvh. Johan Arthur Hansen


 

post-208-0-51364400-1448904979_thumb.jpg

Endret av Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Johan Arthur for nye spennande innlegg!

 

Det var interessant å sjå at huset hadde vore i same ætti si eige sidan 1917, men var det foreldri hans eller foreldri hennar som hadde vore inne i biletet?  Kanskje finn ein svaret ved å undersøkja panteregisteret?

 

Dødsannonsa vil sjølvsagt òg vera av stor interesse!

 

Ein ny stor takk for hjelpi med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Johan Arthur Hansen

Her er dødsannonsen til Odin uten at det kom nye opplysninger fram der! Mvh. Johan Arthur Hansen

post-208-0-71107100-1449223969_thumb.jpg

Endret av Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ein sein, men like hjarteleg takk til Johan Arthur for siste meldingi frå desember!

 

Eg ønskjer å oppnå kontakt med etterkomarar av denne ætti, og eg lurer på om Johan Arthur (eller andre) kan finna ei DØDSANNONSE for:

 

Oskar Albert PEDERSEN som døydde i Haugesund 25.1.1990

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i dag oppdaga at Odin Andreas Martin Pedersen må vera flytt til Haugesund i 1917.  Dotteri:

 

* Aslaug Karoline Pedersen var fødd i Nord-Rana 16.12.1903

 

Ved dåpen hennar har presten skrive ein merknad «Haugesund 1917», og ho vart konfirmert i Haugesund i 1918.  Då er faren oppgjeven vera «vegvoktar»

 

Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Haugesund i Haugesund, Ministerialbok nr. A 9 (1914-1929), Konfirmerte 1918, side 62.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1770&idx_id=1770&uid=ny&idx_side=-63
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050901060302.jpg

 

Me veit at Odin Pedersen døydde i Skåre 16.5.1957 og ligg gravlagd på Utland kyrkjegard i Haugesund, men kva med kona hans?

 

Albertine Karoline Pedersen (fødd Anfindsdotter), fødd i Vågan 6.6.1865, er truleg òg avliden i Haugesund/Skåre, men kva dato??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Unni Lauvås

Kom over dødsfallet til datteren Aslaug Karoline

 

Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Skåre i Haugesund, Ministerialbok nr. A 10 (1909-1935), Døde og begravede 1918, side 269. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1771&idx_id=1771&uid=ny&idx_side=-262
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050901060783.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Unni for interessant melding!

 

Dødsfallet til Aslaug på Fagerheim i Skåre synest stadfesta at huslyden må ha butt der.  Eg bladde sjølv kjapt igjennom denne kyrkjeboki, men fann ikkje dødsfallet til mori Albertine innan utgongen av 1935...

 

Dette vert meir og meir spennande...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi frå sist vinter.

 

Her er «status» pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Odin Andreas Martin Pedersen, f. i Vågan 1.2.1866, d. i Skåre ved Haugesund 16.5.1957.  Odin gifte seg i Valberg, Borge 12.12.1887 med Albertine Karoline Anfindsdotter frå Nakken under Smedvik i Vågan, f. i Vågan 6.6.1865.  Ho d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – Haugesund??)

 

     Odin og Albertine var ei tid plassfolk på Kortnes i Valberg, Borge og gardbrukarar på Storø i Valberg, Borge, men flytte kring 1896 attende til Olsnes i Vågan der Odin var murarbeidar til dei kring 1900 flytte til Narvik og kring 1902 vidare til Mo i Rana.  Odin er nemnd som steinarbeidar og gråsteinsmurar og var visstnok òg ei tid jarnbanearbeidar i Støren til han og Albertine i 1917 busette seg på Fagerheim i Skåre ved Haugesund der Odin skal ha vore vegvoktar. 

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka om dette stemmer?)

 

     Dei fekk ti born i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka talet på born? – inkl.:

            * Anfelt 16.6.1888 Valberg, Borge – ind.b. Biskopsjord – d. 25.2.1966 Balsfjord – kone Leonora d. 6.1.1976

            * Torvald 16.6.1888 Valberg, Borge (tvilling) – d. 30.7.1888

            * Torvald Antonus 17.4.1890 Valberg, Borge – hdb. Kortnes

            * Trygve Marius 15.8.1891 Valberg, Borge – gdb. Storø

            * Olaf Johan 1.6.1894 Valberg, Borge – gdb. Storø

            * Kristoffer Andreas 3.10.1896 Vaagan – murarb. Olsnes – d. Herøy 3.12.1973 – gift med Selma d. Ulstein 1.12.1986

            * Rolf 9.11.1898 Vaagan

            * Oskar Albert 8.11.1901 Narvik – d. 25.1.1990 – gravlagd med far sin Udland, Haugesund!

            * Aslaug Karoline 16.12.1903 Nord-Rana – sten- og jordarb.b. Fagerheim – mrk. ”Haugesund 1917” – konf. Haugesund 1918  - d. Fagerheim, Skåre 12.9.1923 – far vegvoktar

            * Knut Hanselius Bang 13.11.1906 Nord-Rana – steinarb.b. Toranæs)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg reknar vel med at eg har finne alle borni i denne huslyden (ti stk), men eg er særleg oppteken av:

 

** Dato og stad for dødsfallet til Albertine Karoline - rimelegvis mellom 1935 og 1957?

 

** Yrkesnemningi til Odin Martin Pedersen i Skåre - vegvoktar?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

 

PS: Eg vil freista eit spørsmål i Arkivforum til Statsarivet i Stavanger for å få fram dødsmeldingi til Odin Pedersen...  Kanskje den inneheld spennande opplysningar...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Johan Arthur Hansen

Da Odin fylte 90 år sto det dette i Haugesunds Avis 31.1.1956 Mvh. Johan Arthur Hansen

post-208-0-48472800-1464001485_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Johan Arthur for interessant innlegg!  Av nemnde artikkel kjem det jo tydeleg fram at Odin var gardbrukar og steinarbeidar, so om han ei tid var vegvoktar, kan ikkje det ha vore so lenge...

 

Eg ventar frmleis på svar frå Statsarkivet i Stavanger med omsyn til dødsmeldingi til Odin, men eg har helt tilfeldig oppdaga at Odin og Albertine hadde eit barn i tillegg til dei forannemnde:

 

* Lyder, fødd i Borge 14.8.1886: https://media.digitalarkivet.no/view/6651/158

 

Odin hadde òg eit barn med ei anna kvinne fødd kort tid før i Borge...

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no fått svar frå Statsarkivet i Stavanger med opplysningar frå dødsmeldingi for Odin Pedersen.  Diverre var det ikkje mykje dei fann, men eg attgjev delar av svaret her:

 

~~~~~~~~~~~

 

«Vi har funnet dødsfallsprotokollen med nedtegnelse for dødsfallet til Odin Martin Pedersen f. 01.02.1876, d. 16.05.1957. I henvendelsen oppgav du fødselsår 1866, regner med at det var feil og at vi har funnet rett person.

I følge dødsfallsprotokollen ble han født i Balsfjord. Da han døde i Skåre var han pensjonist og enkemann. Det er listet opp seks arvinger: 1) Oskar Pedersen, Skaare. 2) Knut Pedersen, U.S.A. 3) Anfeldt Pedersen, Tromsø, 4) Rolf Pedersen, Mosjøen. 5) Trygve Pedersen, Aalesund. 6) Kristoffer Pedersen, Fosnavaag. Alle myndige.

Under merknader er det skrevet: "Ikkje arv. Er ikkje likna paa mange aar". Det er dessverre ikke ført inn noe mer i dødsfallsprotokollen, ingen opplysninger om dødsårsak eller om Albertine.

Opplysningene er hentet fra arkivet etter Karmsund tingrett, dødsmeldinger 1957, L0051, H-2-8.»

 

~~~~~~~~~~~

 

Då kan me slutta at Odin ikkje hadde fleire born enn dei me alt kjenner til, men dødsfallet hennar Albertine manglar altso framleis...

 

Eg takkar på ny for all hjelp med å finna ut av lagnaden til Albertine Pedersen!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

     * Anfelt 16.6.1888 Valberg, Borge – ind.b. Biskopsjord – d. 25.2.1966 Balsfjord – kone Leonora d. 6.1.1976. Nevnt i 1957.


            * Torvald 16.6.1888 Valberg, Borge (tvilling) – d. 30.7.1888


            * Torvald Antonus 17.4.1890 Valberg, Borge – hdb. Kortnes


            * Trygve Marius 15.8.1891 Valberg, Borge – gdb. Storø. Nevnt i 1957.


            * Olaf Johan 1.6.1894 Valberg, Borge – gdb. Storø


            * Kristoffer Andreas 3.10.1896 Vaagan – murarb. Olsnes – d. Herøy 3.12.1973 – gift med Selma d. Ulstein 1.12.1986. Nevnt i 1957.


            * Rolf 9.11.1898 Vaagan - Nevnt i 1957.


            * Oskar Albert 8.11.1901 Narvik – d. 25.1.1990 – gravlagd med far sin Udland, Haugesund! Nevnt i 1957.


            * Aslaug Karoline 16.12.1903 Nord-Rana – sten- og jordarb.b. Fagerheim – mrk. ”Haugesund 1917” – konf. Haugesund 1918  - d. Fagerheim, Skåre 12.9.1923 – far vegvoktar


            * Knut Hanselius Bang 13.11.1906 Nord-Rana – steinarb.b. Toranæs) Nevnt i 1957.


 


Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for eit «oppsamlande» innlegg om denne huslyden!

 

Eg har elles i dag hatt kontakt med ein etterkomar etter Anfelt Pedersen, og han hevder at Albertine Karoline skal vera avlidi i Haugesund (eller Skåre) 15.3.1923.  Eg har sjølvsagt sett etter, men kan ikkje finna noko sliokt dødsfall.  Han sa forresten òg at Albertine var gravlagd i lag med Odin og son deira, men at gravi var sletta for uttallige år sidan...

 

Underleg sak dette...; kvar kan Albertine vera??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og innspel!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne saki, som eg berre er meir og meir forundra over!

 

Eg er framleis på leiting etter dødsfallet til Albertine Karoline Anfindsdotter, kona til Odin Martin Pedersen.  Han døydde som enkjemann i Haugesund 16.5.1957 og skal ifølgje ein etterkomar etter sonen Alfelt vera gravlagd i same grav som kona si:

 

Albertine var fødd i Vågan 6.6.1865 og skal ifølgje vedkommande etterkomar vera avlidi i Haugesund (eller Skåre) 15.3.1923, men kvifor finn me ho ikkje i kyrkjebøkene?  Har eg ikkje leitt på «rette» staden?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips når det gjeld dette dødsfallet og lever i voni om at ogso det etter kvart vil komma på plass...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ein tilleggskommentar:

 

Som det går fram av innlegg #13 ovanfor, skal dotteri Aslaug Karoline, fødd i Nord-Rana 16.12.1903, vera avlidi på Fagerheim i Skåre 12.9.1923, berre eit halvt år etter mori, men heller ikkje dette dødsfallet kan eg sjå i kyrkjebøkene no i kveld!

 

Er eg vorten blind, eller...?  Kanskje dei to dødsfalli står i same boki, men i kva for ei???

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp
9 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Som det går fram av innlegg #13 ovanfor, skal dotteri Aslaug Karoline, fødd i Nord-Rana 16.12.1903, vera avlidi på Fagerheim i Skåre 12.9.1923, berre eit halvt år etter mori, men heller ikkje dette dødsfallet kan eg sjå i kyrkjebøkene no i kveld!

 

Hun står oppført som nr. 26 i 1918https://media.digitalarkivet.no/view/1771/262

 

Jeg har funnet dødsfallet i dødsfallsprotokollene for Torvestad lensmannskontor og Karmsund sorenskriveri:

Torvestad: https://media.digitalarkivet.no/view/51924/86

Karmsund: https://media.digitalarkivet.no/view/62715/27

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for siste innlegget!

 

Då var altso dødsfallet til dotteri ført på feil side i kyrkjeboki.  Ikkje so merkeleg eg ikkje fann det.  Men likevel er det underleg at dødsfallet til mori Albertine Karoline ikkje er å sjå...

 

MEN, eg ser av båe dødsmeldingane til Aslaug Karoline frå september 1923 at einaste erving var faren Odin.  Detter prover vel då at mori Albertine Karoline var avlidi FØR september 1923, so 15.3.1923 kan godt vera dødsdatoen hennar, men KVAR er so dette dødsfallet innført??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjing av denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp
På 22.5.2016 den 19.11, Lars E. Øyane skrev:

Odin og Albertine var ei tid plassfolk på Kortnes i Valberg, Borge og gardbrukarar på Storø i Valberg, Borge, men flytte kring 1896 attende til Olsnes i Vågan der Odin var murarbeidar til dei kring 1900 flytte til Narvik og kring 1902 vidare til Mo i Rana.  Odin er nemnd som steinarbeidar og gråsteinsmurar og var visstnok òg ei tid jarnbanearbeidar i Støren til han og Albertine i 1917 busette seg på Fagerheim i Skåre ved Haugesund der Odin skal ha vore vegvoktar. 

 

På veien mot løsningen, kan vi jo ta med at Odin ble kalt fisker og husmand i FT1891. Ved den tellingen finner vi også den første sønnen, Lyder, f. 1886: https://media.digitalarkivet.no/view/53176/4348?indexing=

 

Lyder ble konfirmert i Meløy sokn i Rødøy 1901 (nr. 30): https://media.digitalarkivet.no/view/2607/81

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for siste innlegget.

 

Det var godt å få på plass ogso denne eldste sonen i huslyden.  Han må forresten vera avliden i ganske ung alder...

 

So er eg framleis svært spent på om nokon greier å finna ut av dette med dødsfallet til mori Albertine Karoline, og eg takkar igjen for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.