Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Christi Pedersdotter Urnes, fødd i Hafslo 1824 - konfirmert 1840 - forsvinn - lagnaden hennar? - ei skikkeleg utfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har i mange år vore på leiting etter denne jenta, men ho er og vert borte!

 

Christi Pedersdotter Urnes, fødd i Hafslo 15.5.1824 som sfjerde barn, med eldste dotter av husmann Peder Olson (1788-1833) og kona Elisabeth Ambjørnsdotter (1793-1857), husmannsfolk på husmannsplassen «Pladsen» under Urnes.

 

Christi vart konfirmert i Hafslo i 1840, men det er siste livsteiknet me har etter ho!

 

Dei tre eldre brørne hennar, Hans, Ambjørn og Peder utvandra alle til Amerika, Hans i 1847, Ambjørn i 1856 og Peder i 1849 - alle var dei gifte før dei fór!

 

Den eitt år yngre søsteri Ingeborg flytte i ung alder til Stord der ho vart gift i 1852 med Johannes Iverson frå Gurvin i Sogndal.  Dei vart buande på Stord levetidi ut.

 

Neste søster Britha (1827) flytte visstnok med Ingeborg til Stord, men vart sidan tenestejente i Bergen der ho døydde ugift på St. Jørgens hospital i 1890.

 

Yngste broren Sjur (1829) utvandra i 1857 ugift til Amerika og døydde der barnlaus då hestespannet hans sprang vekk i 1876.

 

Yngste søsteri Kari var fødd og døydde i 1830.

 

Kvar kan det so ha vorte av Christi??  Var ho kan henda òg på Stord?  Eller i Bergen?  Eller i Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Hvorfor står det et kryss ved navnet til Christi ved konfirmasjonen? Og er ikke navnet hennes svakt understreket?

 

Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Ministerialbok nr. A 6 (1835-1851), Konfirmerte 1841, side 17. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11458&idx_id=11458&uid=ny&idx_side=-18
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070507660387.jpg

 

Det står vel svake kryss ved noen av konfirmantene nedover på samme side også...?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for eit utfordande og spennande innlegg!

 

Eg har vel aldri tenkt på desse krossane som soknepresten har sett ved nokre få namn i denne konfirmantlista, so eg har no sett på ein del av dei «avkrossa» personane.

 

Men, diverre, eg finn ikkje nokon «fellesnemnar» på dei; nokre utvandra, nokre vart gifte i Hafslo, men ingen av dei hadde nokon «spesiell» lagnad...   So eg har ikkje noki logisk forklaring på krossane...

 

So utfordringi med Christi er framleis like aktuell, og eg lever i voni om at ein eller annan kan komma på sporet etter noko...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Etter at huslyden til Ingeborg Pedersdotter (Urnes) gift Iversen på Stord no etter kvart tek til å nærma seg «komplettering», vil eg gjerne få henta fram att dette emnet som framleis står heilt utan løysing!

 

Christi var søster til nemnde Ingeborg.  Ingeborg var det einaste av søskeni til Christi som ikkje utvandra til Amerika, so kanskje ogso Chrisdti kan ha hamna på Stord, med mindre ho òg utvandra til Amerika utan å melda ifrå...?

 

Eg står heilt utan spor etter Christi, og det ville vera som å oppleva julenissen i levande live om nokon greier finna ut meir om lagnaden hennar!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og vonar at tidi for «gullkorn» ikkje enno er forbi...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg tillet meg i kveld å henta fram att dette utfordrande emnet som har lege urøyrt sidan det vart drøfta i oktober i fjor.  Bygdebokprosjektet for Luster kommune er i avslutningsfasen, og denne utfordringi er ei av ei handfull emne, som eg oppfattar som særleg viktig for heile bygdebokprosjektet å finna ei løysing på, og som det samstundes burde vera mogeleg å gjera noko med.  Eg har ei kjensle av at eg har leitt «overalt» etter lagnaden til denne Christi Pedersdotter, men altso utan hell.  Ein eller annan stad må ho jo ha gjort av seg....!?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og lever i voni...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×