Gå til innhold
Arkivverket

Kari Jonasdotter, fødd i Hafslo 1752 - var det ho som i 1780-åri budde på Stendal i Solund (Gulen)?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Lærar Jonas Petterson i Solvorn (1692-1764) og kona Ingeborg Rasmusdotter (1729-1794) budde i Solvornstrondi i Hafslo og fekk seks born i lag.  Tre av dei døydde ganske unge, medan sonen Rasmus Jonasson (1759-1803) tok over heimen i Solvornstrondi etter foreldri sine.

 

Dotteri Anna Jonasdotter (1757-1843) flytte i ung alder til Gulen der ho i 1781 gifte seg med Anders Torstenson (1760-1840); dei vart plassfolk under Lihaug i Gulen og fekk (minst) fem born i lag.

 

Men kva skjedde med dotteri Kari Jonasdotter, døypt i Hafslo 16.4.1752?

 

Alt tyder på at Kari, liksom Anna, i svært ung alder flytte til ytre Sogn for å tena, og ein spennande «kandidat» dukkar opp i Solund (Gulen) i 1784:

 

24.4.1784 døypt «uægte» Jonas av mor Kari Jonasdotter Steendal og «gift mand» Jacob Monsson Steendal

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 13 (1776-1787), Kronologisk liste 1784, side 86.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11444&idx_id=11444&uid=ny&idx_side=-86
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070228330408.jpg

 

Og i same kyrkjeboki i 1787:

 

16.5.1787 gravlagd den «besvangrede» Kari Jonasdotter Steendalen, 36 år gamal

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 13 (1776-1787), Kronologisk liste 1787, side 133.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11444&idx_id=11444&uid=ny&idx_side=-133
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070228330458.jpg

 

Namnekombinasjonen Kari Jonasdotter er svært sjelden i Sogn, og når me veit at Anna Jonasdotter budde på Lihaug i Gulen, er eg ganske so overtydd om at denne Kari må vera den sakna søsteri hennar!?  Alderen ligg jo òg svært nær...

 

Kva skjedde so med sonen Jonas Jacobson?

 

I 1801 finn me han hjå far sin på Stendal i Solund (Gulen): http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058391002418

 

Og her er vigsli hans i Solund (Gulen) 9.7.1804 med Martha Nilsdotter Tangenes:

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 16 (1798-1808), Trolovede 1804, side 120-121.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11448&idx_id=11448&uid=ny&idx_side=-43
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070305340164.jpg

 

Ifølgje FamilySearch fekk dette parfolket i alt elleve born som visstnok alle var fødde på Stendal i Solund!

 

Spørsmålet er:

 

* Har eg finne den «rette» Kari Jonasdotter??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no sett litt nærare på bygdeboki for Solund og garden Stendal og slår fast følgjande:

 

* Kari Jonasdotter er nemnd som mor til Jonas, men bokskrivaren har ikkje noko om opphavet hennar, so ho har nok ikkje vore derifrå bygdi...

 

* Jonas budde på Stendal levetidi ut og d. der som kårmann 4.7.1831.  Det gjekk «ut» med denne huslyden, og dei flytte frå garden på same tid!

 

* Martha Nilsdotter, som vart døypt frå Tangenes 14.11.1784, kan bokskrivaren ikkje finna noko dødsfall på, so eg har blatt igjennom dødslistene for Gulen til eg kom fram til ei som eg vil tru må vera «vår» Martha; husmannskone Martha Nilsdotter Tangenes, døydde 12.10.1857, 73 år gamal!

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 21 (1848-1858), Døde og begravede kvinner 1857, side 313.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8391&idx_id=8391&uid=ny&idx_side=-307
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070305620356.jpg

 

Eg tek gjerne imot fleire kommentarar, særleg om Martha Nilsdotter og lagnaden hennar!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hei Lars,

 

Når det gjeld Kari Jonasdtr så er det ein del år sidan eg prøvde å finne ut kvar ho kom frå, men fann ingen gode kandidater den gong. Din kandidat synes så absolutt å vere aktuell.

 

Martha Nilsdtr sin dødsdato hadde eg ikkje leita opp, berre notert at ho måtte vere død før 1865.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gisle for nytt innlegg!

 

Eg er etter kvart ganske so overtydd om at det må vera «mi» Kari Jonasdotter som budde på Stendal og der fekk denne sonen Jonas Jacobson!

 

Under Tangenes i Solund-boki går det elles fram at Martha Nilsdotter gifte seg att med Simon Simonson!

 

Eg ser på dette problemet som løyst!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Denne Simon Simonsen (ca. 1800-1879) som Lars nevner i siste innlegget over var gift 2.7.1827 (https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000002359570) i Gulen med Marthe Thomasdstr. Strand (1796-1831). Han er ellers omhandla her;

 

Undersøkelseskommisjonens rulle over sjømannskap i Bergen 1804-1805; https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/215/pp00000000010481 (Simen Andreas, fostersøn f. DK, Faderen en Russisk Matros, Merknader fra ekstrasesjonen: fløttet til 10de Rode No 51 med Erich larsen).

 

Er dette samme personen, eller kan vi seie at dette er to heilt andre personer? https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/215/pp00000000015047 og https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/215/pp00000000015113 ?

 

Eg forstår Lars har den informasjonen han treng for sitt prosjekt, men kan vi konkludere med at "Simon må vera denne Simon Andreas Simonson, døypt i Domkyrkja i Bergen 13.9.1801 av foreldri Simon Andreas «bortreist Rus» og Bertha Karine Nilsdotter - ho truleg døypt i Nykyrkja i Bergen 31.5.1764:" ?

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 4 (1763-1820), "Uægte" fødte og døpte 1802, side 49.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8636&idx_id=8636&idx_listetype=ub&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-10
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306660072.jpg

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gisle for nytt innlegg!

 

Ein skal alltid vera varsam med å «slå fast» noko som ikkje er yttrykkeleg sagt i kjeldene våre, men her har me etter mitt syn so pass mange «variablar» at det ikkje kan herska so mykje tvil.  Det er ein person nemnd to gongar i undersøkjingskommisjonen 1804/1805 (dette har eg sett fleire døme på...), og må vera mannen som kom til Solund.

 

Slik har eg utforma manuskriptet mitt i band XI under gnr. 175, Solvornstrand av Gards- og Ættesoga for Luster:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

3. Kari Jonasdotter {Solvorn}, døypt {i Hafslo} 16.4.1752, 

Kari var ugift, men fekk ein son:  Ho vart gravlagd frå Stendal 16.5.1787.  Kari Jonasdotter flytte i ung alder til Solund der ho kom i teneste på garden Stendal.

Martha fekk i alt elleve born, som alle var frå første ekteskapet med Jonas Jacobson, men andre mannen Simon hadde òg fire born frå første ekteskapet sitt.  Simon var fiskar og husmann på ein plass under Tangenes i Solund der han d. som legdelem 26.1.1879.  Som enkje gifte Martha seg 6.9.1838 att i Solund med enkjemannen Simon Andreas Simonson, opphavleg frå Bergen og visstnok døypt der 13.9. 1801, men oppvaksen på Råke i Solund.  Dei tok til seg og fostra opp Jonas, som med kona Martha fekk ta over som gardbrukarar etter dei på Stendal i Solund og budde der so lenge Jonas levde.  Jacob Monsson på Stendal og kona hans var barnlause.  Ho d. som husmannskone på Tangenes 12.10.1857.  Jonas gifte seg i Solund 9.7.1804 med Martha Nilsdotter frå Tangenes, døypt i Solund 14.11.1784.  a. Jonas Jacobson, son av Kari og gardbrukar, «gift mand», Jacob Monsson på Stendal (1749-1811), vart døypt i Solund 24.4.1784 og d. som kårmann på Stendal 4.7.1831.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det ligg ein liten reservasjon inne i manuskriptet mitt, men eg kunne truleg ha lete denne reservasjonen ute...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.