Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Dødsfall/Dødsmeldingar Florø (Olsen/Gundersen)

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg slit med å finna eit par dødsfall i Florø:

 

* Rasmus Johan GUNDERSEN

   fødd i Førde 1.6.1837, døydde i Florø 11.6.1933 - var gift (andre ekteskap) med:

 

* Jørgine Martine GUNDERSEN, fødd Jacobsdotter Nesbø

   fødd i Bremanger 24.7.1857, døydde i Florø(?) etter 1916

 

** Er det mogeleg å finna dato og stad for dødsfallet hennar?

 

* Nikolai August OLSEN

   fødd i Florø 12.7.1867, døydde i Florø(?) ?? - var gift med:

 

* Marie Lovise OLSEN, fødd Gundersen

   fødd i Florø 2.11.1874, døydde i Florø 21.8.1969

 

** Er det mogeleg å finna dato og stad for dødsfallet til Nikolai Olsen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Disse er vanskelige fordi klokkerbøker mangler før 1939. 

 

Jørgine Martine Gundersen Horstad var i live da mannen døde i 1933. Jeg finner ikke dødsfallet i klokkerboken som begynner i 1939.

 

Nikolai August Olsen er ikke å finne i folkeregisteret, som begynner i 1946. Han står i 1910-tellingen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for freistnaden på å finna desse dødsfalli.

 

Leiting gjennom dødsmeldingsprotokollane er truleg ei tidkrevjande oppgåve, so eg vil freista på å leggja emnet ut i Brukarforum.  Kanskje nokon kan finna ei dødsannonse?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Evt. kan det kanskje vere ei mogelegheit å spørje Kinn kyrkjekontor?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Når det gjeld Olsen kan ein snevre inn litt:

 

I Firda Folkeblad 4/11 1954 står følgjande omtale:

post-77-0-51950700-1455287253_thumb.jpg

og ho er omtalt som fru Nic./Nik. Olsen tilbake til 20-talet.

 

I Firda Folkeblad 22/8 1930 står følgjande:

post-77-0-55030600-1455287519_thumb.jpg

 

I fylkesleksikonet står følgjande om forretninga:

 
Ole Olsen

starta 1861 handel i Florø, seinare overteke av sonen Nicolai. Ein annan son, Fiskerihistoria i Flora vart stor skips- og fiskebåtreiar. Då Nicolai døydde overtok enkja Marie og dreiv forretninga vidare under firmanamn Olsens Enke A/S - m.a. med skipshandel. 

 

 

 

Så eg vil tru at han har døydd rundt 1930. Men eg greier ikkje å finne noko dødsannonse.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn for interessante innlegg!

 

Når det gjeld kyrkjekontoret i Kinn (Florø), har eg alt vore i kontakt med dei, og dei greidde ikkje å finna noko.  Me lyt gå ut ifrå at båe personane er avlidne so tidleg at dei ikkje har kyrkjebøker tilgjengelege i Florø...

 

Elles er det godt å ha denne «innsnevringi» når det gjeld dødsfallet til Nicolai Olsen.  Kanskje Statsarkivet no kan finna noko meir...?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Det er jo mogeleg også å be kyrkjekontoret om å sjå nærmare på året 1930. (Eg spurte ein gong etter ein person, og dei fann då ut at han hadde døydd i 1931 og kvar på gravplassen han var gravlagd). Elles hadde det vore interessant om Yngve kan svare på kva som finst av kyrkjebøker for Flora hos Statsarkivet og/eller kyrkjekontoret for perioden etter 1900. Eg meiner å ha lese noko om at klokkarbøkene gjekk tapt i ein brann i 1939. Men finst det ministerialbøker for perioden fram til brannen? Eg har elles prøvd å spørje Yngve om det er planar om å skanne fleire kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane, utan at eg fekk noko svar på det spørsmålet.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Nicolay August Olsen

post-3741-0-89546300-1455290185_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn og Sven for nye spennande innlegg!

 

Då er dødsfallet til Nicolai Olsen «på plass»!

 

Når det gjeld Jørgine Gundersen, so er nok ho frå Bergen ikkje den me leiter etter: http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000001132431

 

Mykje tyder vel på at «vår» Jørgine døydde i Florø mellom 1933 og 1939...  Eg får kanskje ta ein ny «runde» med kyrkjekntoret i Florø neste veke...

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi so langt!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Jørgina Gundersen

post-3741-0-42647100-1455294716_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

No gjev eg meg ende over!  Hjarteleg takk til Sven for imponerande innlegg.  Dette var «siste resten» som mangla om denne huslyden, og problemet er no heilt løyst!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.