Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Hans Leyrdahl Emanuelson Rose (1746-1815) og kona Anna Hedvig Thorup eller Taarup (1763-1857) - fødsli hennar og vigsli deira? - kan henda Arendal?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg tek nok ein gong utgangspunkt i dette emnet i Brukarforum (https://forum.arkivv...hl +kraft +rose) utlagt i 2011 der eg i dag vil henta fram denne huslyden som det den gongen var vanskeleg å finna ut noko meir om:

 

Hans Leyrdahl (Emanuelson) ROSE, presteson frå Suldal, var fødd i Land 7.12.1746 og døydde i Bergen 10.2.1815.  Han gifte seg før 1795 med:

 

Anna Hedvig (..............dotter) THORUP (eller TAARUP), skal vera fødd kring 1763 og døydde i Bergen 10.3.1857.

 

Hans var jurist og arbeidde under fleire embetsmenn til han 6.3.1793 vart «toll- og kryssbetjent» i Arendal.  Han var sidan overtollbetjent i Aalborg i Danmark, men vart 9.5.1809 tilsett som opplagsskrivar og taksadør i Bergen.  Han og Anna fekk ei dotter i lag.

 

Huslyden budde 1801 på garden Merdøe i Tromøya sokn i Austre Moland:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=f1801&gardpostnr=27432&personpostnr=398886&merk=398886

 

Dotteri Wenche Christiane Rose vart døypt på Tromøya 29.3.1795 - foreldre «Wisiteur Rose paa Merdøe og Madame Anne»:

 

Kildeinformasjon: Aust-Agder fylke, Tromøy i Tromøy, Ministerialbok nr. A 2 (1773-1808), Fødte og døpte 1795, side 152-153.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9844&idx_id=9844&uid=ny&idx_side=-79
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070614640439.jpg

 

Dei store uløyste problemi her er:

 

** Kven var Anna Hedvig Thorup/Taarup? - Dato og stad for fødsli/dåpen hennar? - Foreldri hennar?

 

** Kvar og kva tid gifte Hans Leyrdahl Rose seg med denne Anna Helvig Thorup/Taarup?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fra att dette emnet som har lege «i dvale» sidan februar.  Eg har ikkje på eigi hand greidd å finna ut noko meir om denne huslyden, men vonar at det kanskje sit ein og annan lesar av Brukarforum som kan bidra med hjelp?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg la i aftes inn eit spørsmål om Hans Leyrdahl Rose i eit anna tema (https://forum.arkivverket.no/topic/195069-navnet-rose-i-suldal-og-christiania-p%C3%A5-1600-tallet/?p=1716403), og BINGO!  Berit Knutsen har finne opphavet til Thorup-ætti, som eg har «utdjupa» i følgjande innlegg, som òg er lagt inn i det andre emnet:

 

~~~~~

 

Hjarteleg takk til Berit for eit skikkeleg spennande og interessant innlegg!

 

Eg har slege opp i kyrkjeboki for Torvestad, og eg kan berre slå fast at Anna Helvig vart døypt 3. sundag etter Trinitatis, 19.6.1793.  Far oppgjeven til Kai Jensen, men ved vigsli hat han Torup-namnet, og eg kan ikkje forstå anna enn at dette MÅ vera den Anna Hedvig (Anna Helvig) eg har leitt etter i so lang tid!  Alderen høver perfekt, og Thorup-namnet er her òg!

 

Neste spørsmål i denne samanhangen vert no å finna ut kvar Anna Helvig voks opp?  Eg ser at Kai Jensen og Cecilia fekk fleire born i Torvestad:

 

* Valborg Cathrine, døypt 3.4.1762

 

* Jens Jacob, døypt 17.2.1765

 

* Rolina, døypt 2.7.1769

 

* Anna Susanna, døypt 6.9.1772

 

So huslyden ser ut til å ha vore bufast i Torvestad i lengre tid, men so finn eg denne huslyden i Bergen i 1801: http://digitalarkive...f01058390001447

 

001 01 Østen Uhrdahl Taarup 30   Huusbonde Ugift Koffardier skipp.

002 01 Jens Jacob Taarup 31   Hans broder Ugift Styrmand

003 01 Walborg Catharina Taarup 28   Hans søster Ugift    

004 01 Anne Susane Taarup 24   Hans søster Ugift    

005 01 Cecilia Rulfsdatter 78   Hans moder Enke af 1. ægteskab    

006 01 Martha Knudsdatter 19   Tieneste pige Ugift

 

Aldrene ser ikkje ut til heilt å stemma, men det må då vel vera søskenflokken frå Torvestad?

 

Og her er dødsfallet til Cecilia Rulfsdotter i Bergen, enkje etter skipper Kai Jenssen Thaarup: http://digitalarkive...g00000000969310

 

Kvar er so dødsfallet til Kai Jenssen Thaarup??

 

~~~~~

 

Eg er kjempenøgd med utviklingi som dette emnet har fått og vonar no at kanskje dei par siste detaljane òg kan komma på plass, som til dømes:

 

** Kvar voks Anna Helvig Thorup opp?

 

** Dato og stad for vigsli til Anna Helvig Thorup med Hans Leyrdahl Rose?

 

Eg takkar igjen for kjempefin hjelp med denne denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Hans Gangstø

Fra slektsforum karmøy - http://www.slektsforumkarmoy.no/

"Bygdebøker -Torvestad - Vibransøy" (avskrift fra Torvestad bygdebok).

 

11. 1760-74: Kay Jensen Torup født ca 1708, gravlagt den 04/10 1772 * foreldre ukjent

Gift 1.gang i 1743 med Helvik Jakobsdatter Almand født 1716, døde i 1745 * foreldre ukjent ” Stavanger

Gift 2.gang med Valborg Halvorsdatter Urdahl døpt 07/04 1715, døde ca 1760 Datter av Halvar Svendsen Dahl og Sofie Østensdatter Fosen ” Bruker nr 8 over

Gift 3. gang i 1672 med Sissel Rolfsdatter født 1729, døde Datter av Rolf Andersen og Katrine Isaksdatter ” Kolstø bnr 3

Barn i 2.ekteskap:

a) Halvor Keyser født: 1747

b,Helvig født: 1749

c) Sofie Margrete døpt: 28/12 1755 Gift med Knut Helgesen ” Snik Ao-17

Barn i 3.ekteskap:

d) Valborg Katrine døpt: 03/04 1762 Døde på Espevær i 1849

e) Anna Helvig døpt: 17/06 1763

f) Jens Jakob døpt: 17/02 1765 Døde på Espevær i 1845

g) Østen døpt: 07/12 1766 Døde på Espevær i 1847

h) Roline døpt: 02/07 1769

i) Anna Susanna døpt: 06/09 1772

Se også Håvik Ao-28 og Koparvik nr 26

 

Mvh

Hans Gangstø

 

Fra boka :

Sissela Rolfsdtr 3. kona, flytte med barneflokken til Ringen i Avaldsnes der ho hadde hus å flytta inn i.

Torupsplasset heiter eit husmannsplass som er nemnt her på Ringen i 1810. 

I 1758 bur Kay Jensen Torup i Knarrevik (Vikje) under Litlasund saman med kona si, Valborg og de 3 borna. Då verbroren Øystein Halvorsen døydde i 1760, tok Kay Jensen over bruket på Vibransøy. 

22/1 1766 er det skifte etter Valborg, "Hvorefter 18 spand k. udi Vibransøen " vært taksert for 700 rikdsd., og farsarven hennar, 18 mark smør udi Lovsvig i Sogndal Skireide vert taksert til 200 riksd. Valborg har odelsrett til begge gårdane. Vurdering var utlagd 16 desember 1762, men skifteretten er "formedelst omstendighederne" ikke utsteda før i 1766.

 

I boka er det også ført opp et barn født 3/4 1760:

Kay Jenssens dødfødte drengebarn 3/4 1760. (Kan være dødsåret til Valborg, kona hans).

 

Den nevnte verbroren Øystein Halvorsen , var i følge Torevestad bygdebok side 481/480 son av Øystein Halvorsen Urdahl (Dahl) f ca 1704 d 1760, som var son av Halvard Svendson Dahl, son til Sven Gunnarson Urdal, fra Sokndal i Dalane.

Endret av Hans Gangstø

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg finner en avdød skipper Jens Jacob Thorup, gravlagt fra Nykirken i Bergen i 1845, 80 1/2 år gammel:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000794585

 

Folketellingen 1815 for Finnås:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01072228000984

 

Østen Urdal Thorup gravlagt fra Nykirken i 1847:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000794700

 

Østen i Undersøkelseskommisjonen 1804-1805:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/215/pp00000000009103

 

Østen i f.t. 1815 for Bergen:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01051079001380

 

Østen i borgerboka for Bergen:

 

http://da3.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bergensbbok&sideid=86&innhaldid=5&storleik=

 

http://da3.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bergensbbok&sideid=180&innhaldid=5&storleik=

 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Hans og Grethe for interessante og nyttige innlegg!

 

Då tolkar eg det slik at Kai Jensen Thorup var busett på Vibransøy i Torvestad, men det kan sjå ut som om enkja hans og borni deira flytte til Bergen.

 

Då er det berre vigsli til Hans Leyrdahl Rose og Anna Helvig Thorup som manglar, men denne vert det truleg vanskeleg å finna.  Kan henda gifte dei seg i Danmark?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå hjelp med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Her er skipper Kay Jensen Thorup på Lille-Sund i sjeleregister for Torvastad 1758:

 

SAST, Fylkesmannen i Rogaland, 3/325/325CA/L0016: SJELEREGISTER RYFYLKE PRESTEGJELD, 1758, s. 72
Permanent bilde-ID: kb20060620030081
 
Til venstre i kirkeboka for året 1772 finner du dåpen til Kai Thorups datter Anne Susana, og nederst til høyre finner du Kai Jensen Thorup jordkastet. Ser ut som det var 16. søndag etter trefoldighet = 4. oktober 1772 (jf. http://www.morchslaegt.dk/bauers/kal_29s.htm) 
 
SAST, Torvastad sokneprestkontor, H/Ha/Haa/L0001: Ministerialbok nr. A 1, 1753-1800, s. 351-352
Permanent bilde-ID: kb20070627650354
 
Kai Jensen Thorup var 71 år gammel ifølge kirkeboka, født ca 1701. 
 
 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×