Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Sesjonsrullar/Sjømannslister Bergen kring 1860 - Jespersen/Andersen eller Rasmussen?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

I følgjande tema i Brukarforum (https://forum.arkivverket.no/topic/201174-christina-olsdotter-1812-omstreifardotter-fr%C3%A5-luster-gift-to-gonger-i-bergen-so-til-amerika-kjempeutfordring/?p=1698739) vefrt soga tiln fire søsken frpå Bergen drøfta, som eg trur alle utvandra til Amerika; tre av dei var gutar:

 

* Bastian Martin Jespersen, fødd i Bergen 28.6.1836

 

* Didrik Olai Jespersen, fødd i Bergen 13.9.1838

 

* Berent Andreas Andersen (eller Rasmussen?), fødd i Bergen 23.5.1845

 

Av desse går det fram av Bergens adressekontors etterretningar frå 1862 at:

 

~~~~~~~~~~

 

«Under Søesesionen, som afholdes paa Bergens Raadstue fra 1ste til 12te April d. A. ere følgende Mandskaber, der uden at godtgjøre lovligt Forfald ere udeblevne fra Sessionen, ved Sessionsbestyrelsens Kjendelse antegnede til Mulct.»

 

Blant mange finnes Bastian Martin Jespersen, i rode 3, nr. 71.

 

«Hvilket herved bekjendtgjøres med Bemærkning, at den under Sesionen førte Fortegnelse over foranførte Mandskaber ligger til Eftersyn paa Politikammeret i 4 Uger fra Dato.

Bergens Politikammer den 25de April 1862.

Th. Magelsen.»

 

~~~~~~~~~~

 

Eg mistenker brørne for å ha utvandra til Amerika våren 1862 i lag med mor deira, men har førebels ikkje greidd å finna dei att der borte!

 

Finst det fleire opplysningar om desse brørne i sesjonsprotokollane eller eventuelt i sjømannslister for Bergen?  Far til dei to første var tømmermann, medan far til den yngste var jekteførar (sjå ogso eit anna tyema om desse to!), so huslyden hadde «sjømannstradisjonar»!

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Bastian Martin Jespersen er registrert i Hovedrullen (22. rode bokstav p) som sjømann 1853-1854, med tur til Sverige, tur til Frankrike, og tre turer til Holland. Han mønstret av etter den siste 8. november 1854.

 

Jeg finner ikke Didrik Olai, men ser at Berent Andreas er registrert på side 94 i rulle 1 (1860-).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for interessante opplysningar!

 

Då veit me altso at Bastian Martin Jespersen var ute som sjømann, men lagnaden hans finn me vel ikkje noko meir om...?

 

Men du nemner Berent Andreas Rasmussen, som eg finn her:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/44/pp00000000032621

 

Og her finn eg òg halvbroren Didrik Olai Jespersen:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/44/pp00000000031698

 

Finst det i denne militære loddtrekningslista fleire opplysningar om lagnadane til Berent Andreas og/eller Didrik Olai?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg tillet meg i dag å henta fram att dette emnet frå februar der det står òpe to spørsmål i føregåande innlegg.  Kan henda har dei vorte oversette?

 

Eg takkar nok ein gong so mykje for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.