Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Johannes Ellefson (1737-1803) - frå Luster til Alvdal og vidare til Åfjord? - huslyden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #7968 frå det gamle Brukarforum (https://forum.arkivverket.no/topic/93920-7968-johannes-ellefson-paa-vingen-i-aafjord-soer-troendela/?hl=%2Bjohannes+%2Bellefson+%2B%C3%A5fjord) handlar om ein svært so uvanleg flyttesoge.  Me har rett nok aldri kunna prova at det verkeleg var Johannes Ellefson frå Luster som stod attom denne flyttingi, men meir og meir tyder på at det må ha vore han!

 

No vonar eg at kanskje einkvan kan hjelpa meg fylla ut litt fleire detaljar om denne huslyden, både frå Alvdal og frå Åfjord/Ørlandet?

 

Her kjem eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Ellefson (Dalen), døypt i Luster 27.11.1737,

Johannes Ellefson flytte frå bygdi i ung alder, og ved skiftet etter faren i 1785 visste ein ikkje kvar Johannes var faren.  Men me trur han må vera identisk med ein Johannes Ellefson som 9.8.1773 gifte seg i Alvdal med Kirsti Olsdotter frå Sandegga i Alvdal.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Knutson på Sandegga og kona Marit Haldosdotter frå Søstulia og vart døypt i Alvdal 27.2.1746.  Johannes var skomakar, og han og Kirsti budde først på Lien i Alvdal,

 

##### (budde der 1773 –andre bustader?)

 

men flytte kring 1790 til ein husmannsplass under Vingen i Åfjord, Sør‑Trøndelag der Johannes d. 10.6.1803.  Kirsti Olsdotter d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - e. 1801!)

 

Me kjenner til tre born etter dei:

 

##### (kan det ha vore fleire born?)

 

a. Marit Johannesdotter, døypt i Alvdal 31.5.1773, d. ugift i Åfjord 10.1.1801.

 

     ##### (FT 1801: 20 år, ved dødsfallet 21 år – kan det ha vore to søsken med same namn?)

 

b. Olava Johannesdotter, f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli eller dåpen hennar? – konf. Åfjord 1799!)

 

     1781, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – mellom 1856 og 1866?)

 

     Olava gifte seg på Ørlandet 25.4.1809 med Henrik Andersson frå Tysbotn i Bjugn, Ørlandet.  Han vart døypt på Ørlandet 5.3.1775 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – mellom 1856 og 1866?)

 

     Henrik var sagarbeidar, og han og Olava vart husmannsfolk på Sagplassen under Tysbotn i Bjugn, Ørlandet.  Dei fekk fire born i lag.

c. Ole Johannesson, f. i Åfjord 23.10.1792,

 

     ##### (n. 1801 – lagnaden hans? – kan det vera han som 17.10.1824, 33 år gamal fiskar «Rødstenen», gifte seg på Ørlandet med Martina Olsdotter Rødstenen, 23 år?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg ser at sønnen til Henrik og Olava var født utenfor ekteskap:

 

Johan Andreas, 1808

Sør-Trøndelag fylke, Ørland, Ministerialbok nr. 659A03 (1767-1818), Kronologisk liste 1808, uten sidenr. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16160&idx_id=16160&uid=ny&idx_side=-196
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070905630197.jpg

 

Kirsten, 1811

Sør-Trøndelag fylke, Ørland, Ministerialbok nr. 659A03 (1767-1818), Kronologisk liste 1811, uten sidenr. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16160&idx_id=16160&uid=ny&idx_side=-208
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070905630209.jpg

 

 

Ragnild Maria, konfirmert 21.10.1832, 16 1/2 år gammel - født i Åfjorden:

Sør-Trøndelag fylke, Ørland, Ministerialbok nr. 659A05 (1826-1841), Konfirmerte 1832, side 311. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2447&idx_id=2447&uid=ny&idx_side=-187
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050511030188.jpg

 

Anne Elisabeth, 1821

Sør-Trøndelag fylke, Ørland, Ministerialbok nr. 659A04 (1818-1825), Fødte og døpte 1821, side 74-75. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2446&idx_id=2446&uid=ny&idx_side=-43
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050511041142.jpg

 

Ragnille Marie Henriksdatter Sagen giftet seg i Ørland i 1839 - 27 år gammel - med Peder Jensen:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000422322

 

Men i originalen står det at bruden er 24 år gammel, f. 1815:

Sør-Trøndelag fylke, Ørland, Ministerialbok nr. 659A05 (1826-1841), Ekteviede 1839, side 402. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2447&idx_id=2447&uid=ny&idx_side=-259
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050511030262.jpg

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Samstundes som eg gjerne vil retta ein svært forseinka, men like hjarteleg, takk til Grethe for siste innlegget om denne huslyden frå 2016, vil eg takka Ivar Moe for at han i dag kjem inn på lagnaden til Johannes Ellefson i eit anna tema!

 

Som ein vil sjå, er det ei skikkeleg utfordring å finna ut av huslyden til Johannes.  Han og Kirsten gifte seg i Alvdal i 1773, men dukka ikkje opp i Åfjord før sonen Ole vart døypt der i 1792!  I mellomtidi er fødsli og dåpen til dotteri Olava dukka opp i Sparbu, fødd på Gulstad 6.5. og døypt 27.6.1784: https://media.digitalarkivet.no/view/16428/135

 

Og dei fekk òg ei dotter Berit fødd på Gulstad i Sparbu 31.5. og døypt 14.7.1782: https://media.digitalarkivet.no/view/16428/121

men denne siste dotteri vart gravlagd alt 10.11.1782: https://media.digitalarkivet.no/view/16428/123

 

Og nettopp dette Berit-namnet styrkar teorien om at dette er den «rette» Johannes Ellefson; mor hans heitte nemlig Britha Olsdotter!!

 

Kvar den eventuelt «andre» Marit kan vera fødd, er ikkje godt å seia.  Og dei kan godt ha hatt fleire born for alt me veit!

 

Men med denne spennande oppdagingi i Sparbu, er det logisk å spørja seg: Finst det ei bygdebok for Sparbu som nemner denne huslyden under garden Gulstad?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Ellefson {Dalen}, døypt {i Luster} 27.11.1737,

Johannes Ellefson flytte frå bygdi i ung alder, og ved skiftet etter faren i 1785 visste ein ikkje kvar Johannes var faren.  Men me trur han må vera identisk med ein Johannes Ellefson som 9.8.1773 gifte seg i Alvdal med Kirsti Olsdotter frå Sandegga i Alvdal.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Knutson på Sandegga og kona Marit Haldosdotter frå Søstulia og vart døypt i Alvdal 27.2.1746.  Johannes var skomakar, og han og Kirsti budde først på Lien i Alvdal,

 

##### (budde der 1773 –budde 1782 og 1784 på Gulstad i Sparbu! – andre bustadar?)

 

men flytte kring 1790 til ein husmannsplass under Vingen i Åfjord, Sør‑Trøndelag der Johannes d. 10.6.1803.  Kirsti Olsdotter d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1801!)

 

Me kjenner til fire born etter dei:

 

##### (kan det ha vore fleire born?)

 

a. Marit Johannesdotter, døypt i Alvdal 31.5.1773, d. ugift i Åfjord 10.1.1801.

 

     ##### (FT 1801: 20 år, ved dødsfallet 21 år – kan det ha vore to søsken med same namn?)

 

b. Berit Johannesdotter, f. i Sparbu 31.5.1782, vart gravlagd i Sparbu 10.11.1782.

c. Olava Johannesdotter, f. i Sparbu 6.5.1784, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – mellom 1856 og 1866?)

 

     Olava gifte seg på Ørlandet 25.4.1809 med Henrik Andersson frå Tysbotn i Bjugn, Ørlandet.  Han vart døypt på Ørlandet 5.3.1775 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – mellom 1856 og 1866?)

 

     Henrik var sagarbeidar, og han og Olava vart husmannsfolk på Sagplassen under Tysbotn i Bjugn, Ørlandet.  Dei fekk fire born i lag.

d. Ole Johannesson, f. i Åfjord 23.10.1792,

 

     ##### (n. 1801 – lagnaden hans? – kan det vera han som 17.10.1824, 33 år gamal fiskar «Rødstenen», gifte seg på Ørlandet med Martina Olsdotter Rødstenen, 23 år?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å skaffa oversyn over denne utfordrande huslyden og å finna lagnadane til Johannes og Kirsten og borni deira!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Åfjord og Jøssund gårdshistorie, bind 1, 1500-1800: 

 

Vinnan 

 

 

Vinnan.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget om denne utfordrande huslyden!

 

Diverre fortel ikkje bygdeboki noko meir enn det me alt veit.  Eg la i dag ut eit nytt tema der eg ber om bygdebokoppslag i Sparbu, men som me ser, var det negativt...: https://forum.arkivverket.no/topic/223370-oppslag-i-bygdebok-for-sparbu-og-ogndal-garden-gulstad/

 

Eg har vore inne på tanken om å «utgreia» huslydane til dei fire borni som Olava fekk med Henrik Andersson, men so kom eg i hug det siste innlegget som Tor Stallvik hadde i 2006 då dette emnet vart drøfta første gongen:

 

~~~~~

 

«Hei Lars,

 

Olava var tipptippoldemor mi, og her er opplysningane eg har om familien:

 

Henrik Andersa Tysbotn Sagplassen f. 1775, d. 1856-66 25.04.1809 g.m. Olava Johannesdotter Ottarsbuen f. 1781, d. 1856-66 Forlovarar Anders Andersa Ottarsbuen og Halvar Larsa Austrått.  Kjerboka har ei laukne mellom 1856 og -66, og dei er begge døde i dette tidsrommet.

 

Eg har ikkje funne svar på korfor Henrik, som eldste sonen i Tysbotn, slo seg ned i Sagplassen, og korfor dottera Kirsten flytta tilbake til Tysbotn. Ved folketeljinga i 1801 var Henrik tenar i Yttergården, Søtvika.  Både Tysbotn og Sagplassen var på den tida husmannsbruk under Austrått-godset, og far til Henrik skulle ha vore ein habil bjønnaskyttar, fortel familietradisjonen.

 

Edvard Hov ( lærar i Stjørna som var svært slektshistorisk interessert og truleg ein god kjenning av Hansen som skreiv gårdshistoria for Åfjord) har notert at Olava var frå Årbogen i Åfjord.  Eg har også funne ei Olava i Musdalen ved folketeljinga i 1801.  Vi må tru Hov har hatt første hands kjelde for opplysninga, og i Åfjorden finn vi i 1801 følgjande familie på Vinnan:

 

Johannes Ellefsa, 61 år, jordlaus husmann, skomakar og vanfør Kirsten Olsdotter, 60 år, kone Marit Johannesdotter, 20 år, dotter Olava Johannesdotter, 18 år, dotter Ola Johannesa, 9 år, son.  Johannes dør 10. juni 1803, 63 år.  Marit dør i tæring 10.01.1801, 21 år. Olava vart konfirmert frå Vinnan i 1799, 16 år. Familien må ha flytta inn til Åfjord mellom 1783 og 1792, for dei to døtrene er ikkje døpte i soknet.  Sonen er døpt frå Vinnan i 1792.  Vi finn heller ikkje meir om familien i Åfjordsboka hans Hansen.  At mora heiter Kirsten, er eit sterkt indisium for å knyte familien til «vår» Olava, etter som ho kallar dotter si Kirsten.  I 1821 er Henrik titulert bordskjerar. 4 barn registrert:

 

* Johan Andreas f. 23.06.1808, konf. 1825

 

* Kirsten f. 26.06.1811, konf. 1827

 

* Ragnill Maria f. .........1815 i Åfjorden, konf.1832

 

* Ane Lisabet f. 30.03.1821, konf. 1837

 

Johan døde ung, men han skal ha vore ein sværande sterk kar.  Han skal, seier tradisjonen, ha bore ein mjølsekk under kvar hand frå kjøpmannen i Høybakken og opp åt Sagplassen (ei dryg halvanna mils veg!).  Dei tre døtrene har alle stor etterslekt.

 

Eg vart svært overraska over å finne desse opplysningane i brukarforum, etter som både eg og mange andre har leite lenge etter opplysningar om Olava.  At eg truleg har røter i Sogn gjennom far-røtene mine, var artig, etter som eg på morssida har ein kjend Sogna-Pe på anetreet, Per Nilsson frå Naustbakken under Natvik i Årdal, som reiste nordover til Romsdal først på 1800-talet.

 

Helsing Tor S.»

 

~~~~~

 

Slik eg tolkar dette, har Tor godt oversyn over dei tre døtrene og ættene deira.  Han er jo sjølv etterkomar etter ei av dei...  So snakkar han om at det er ei lakune i «kjerboka» mellom 1856 og 1866 og at både Olava og mannen Henrik må vera avlidne i den perioden.  Men dette forstår eg ikkje heilt, korkje i Åfjord eller på Ørlandet ser det ut til å vera lakuner i kyrkjebøkene på den tidi som Tor nemner,

 

Eg ser at Anna Elisabeth Henriksdotter gifte seg på Ørlandet 29.10.1846 med Nikolai Johan Nilsson Stallvik: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000455843

men dei må då vera flytte til Bjugn der me finn Anna (fødd i Bjugn!) som attgift i FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1627&kenr=004&bnr=0024&lnr=000

 

AHA, no ser eg i atlasen min at Bjugn vart utskild frå Ørlandet i 1852, og no forstår eg òg kva Tor meiner med lakune i kyrkjeboki.  Den gjeld for BJUGN!

 

Ikkje so enkelt dette for ein som ikkje er lokalkjend...

 

Einaste viset å finna dødsdatoar på i Bjugn mellom 1856 og 1866 vil då vera dødsmeldingane frå lensmannen, men desse har kanskje alt vore undersøkt?

 

I augneblinken er eg nok lite vetta «rådvill» kva me skal gjera for å finna fleire opplysningar om denne huslyden.  Eg er so dårleg kjend i dette området me no har med å gjera (har aldri vore der sjølv!), men eg har tru på Brukarforum, og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Etter at Ivar Moe i dag er komen med følgjande etterlysing:

 

1785:

image.png.d326e5ac5fd4a2961b542b70a65a3d58.png

 

vil eg gjerne nytta høvet til å henta fram satt dette emnet som gjeld nettopp huslyden til den etterlyste Johannes Ellefson!

 

Dette var heilt klart ein ganske so «mobil» huslyd, men ei av utfordringane synest liggja i det faktum at det er ein «lakune» i kyrkjebøkene for Bjugn mellom 1856 og 1866 der i alle fall to av personane skal vera avlidne...

 

Manuskriptet mitt har ikkje endra seg sidan innlegg #3 over, men eg har ikkje heilt gitt opp tanken på at fleire detsaljarvkan komma til rette.  Kanskje dødsfallslistene frå lensmannen kan bidra til løysing av problemi i Bjugn?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistanadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.