Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Dødsmelding Bergen 1956 Fuhr og Bergen folkeregister

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Skomakar Ulrik Fredrik Bøyesen Fuhr døydde i Bergen 11.5.1932 og let etter seg m.a. enkja:

 

Kristine Fuhr, alias Mathilde K. Fuhr som døydde i Bergen 25.8.1956 (pag. 245)

 

Desse gifte seg i Sandviken 5.7.1919, og då kjem det fram at Matilde Kristine TOTLAND var fødd i Finnås i 1864, dotter av gardbrukar Peter Jonsen, men nokon slik person finst ikkje døypt i Finnås, men me finn ei Mari Kristine fødd på SKIMMELAND i Finnås 15.5.1863 som dotter av gardbrukar Peter Johnson og Mari Olsdotter!  Kanskje er det ho?

 

Er det mogeleg å få sjekka dødsmeldingi hennar frå 1956 og folkeregisterkortet hennar for å finna ut:

 

* Nøyaktig dødsstad?

 

* Overyn over ervingar?

 

* Nøyaktig dato og stad for fødsli hennar?

 

* Kva tid innflytt til Bergen og kvarifrå?

 

* Under kva namn er ho registrert i Bergen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Da Ulrik F. døde etterlot han seg enken og to døtre i Amerika: fru Anna Andersen og fru Hildur Holley.

 

Mathilde Kristine Fuhr døde på Fredheim pleiehjem, Møllendalsbakken, og etterlot seg testament, datert 29. april 1952 til tre jenter i Mosterhamn. Det står at Kristine var født i Mosterhamn 15. juni 1867. Navnet hennes er skrevet Mathilde Kristine Fuhr.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for interessant svar!

 

Eg har finne at Mathilde Kristine Petersdotter er fødd i Finnås på denne datoen 15.6.1867 av foreldri Peter Johnson og Helga Abrahamsdotter på Skimmeland, men då ho vart konfirmert i Moster sokn i 1882, bur ho på Totland!

 

Men eg finn ho ikkje i FT1910, so spørsmålet står framleis ope om kva tid ho kan vera flytt til Bergen og kvarifrå?

 

Eg takkar på ny for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Helga

Frå Bømlo Bygdebok IV Moster:

Skimmeland Nedre s. 363:
Peter Jonson Skimmeland, nedre (nr. 56) f. 1829 d. 1919. Vart blind. g.m. Mari Kristine Olsd. Tollaksvik, Vornes (nr. 54), f. 1823 d. 1863.
Born: a) Mari kristine f. 1863, g.m. Kristian kristoffersen Lønning.

Peter Jonsson Skimmeland g. 2 med Helga Abrahamsdotter Sæverdudsøy, Sæverud (nr. 56) f. 1837 d. 1869.
Born: Mathilde Kristine f. 1867, g.m. Ulrich fredrik Fuhr, Bergen.

Peter Johnsson g. 3 med Anne Jonsdotter Habbestad, søre (nr. 24) f. 1830. 

Born: Karl Johan f. 1871, g. Totland (nr. 102) d) Peter Martin f. 1875, g. Totland (nr. 104).

 

Peter kjøpte bruket i 1854 og var brukar til han selde i 1872, og flytte til Totland br.nr. 9 som han hadde kjøpt i 1869.

Dette er vel årsaka til at Mathilde Kristine er født på Skimmeland i 1867, men konfirmert då familien var flytta til Totland.

 

Peter Jonsson Kjøpte br. nr.9 på Totland, (sjå bygdeboka Totland nr. 101) av broren Jon Jonson (som vart blind av spedalskhet). I 1900 selde han til sønene Karl Johan og Peter Martin.

 

mvh
Helga Kallevik

Endret av Helga

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Helga

Ser av kyrkjeboka at dette var 2. ekteskapet til Ulrik Fredrik Fuhr. Sidan Mathilde Kristine var 52 år då ho gifte seg i 1919, var nok døtrene i Amerika frå 1. ekteskapet til Urik Fredrik Fuhr. Dei 3 jentene som arva henne i Mosterhamn var vel kanskje nieser av Mathilde Kristine og døtre av dei 2 brødrene som budde på Totland.

 

 

Endret av Helga

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Helga for nye meldingar om denne utfordringi!

 

Opplysningane dine frå Bømlo bygdebok stadfester opplysningane som eg har samla om Matilde Kristine, so då veit me at konklusjonane so langt stemmer.  Matilde og Ulrik fekk ikkje born i lag, og dei to døtrene hans var frå første ekteskapet hans!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Helga

Kjenner til nokre av etterkommerne til søskena hennar her på Bømlo, Totland.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.