Gå til innhold
Arkivverket

SF, Davik: Josef Andersen busett på garden Eldevik (ca. 1668 - 1747). Kvar kom han frå?


Inge Nygård
 Del

Recommended Posts

Eg kjem vel fram til at Peder A. Otteren hadde minst 8 born; 2 stk. Anders, Peder, Lars og Augustinus, Anne og kanskje 2 stk Marthe?

 

Elles må eg få nemne, sidan eg likevel var innom Gangeskar, at her har Aaland rota fælt i bygdeboka: http://www.nb.no/nbsok/nb/65e66d6d925dd7e16605f083fe423fda?lang=no#257

Lars Pedersen var neppe gift fleire gonger, og han var i alle høve gift med enka etter føremannen, Rasmus Abelsen (Nave). Det viser m.a. skiftet etter Margrethe Olsdtr.: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24236/510/

Eit litt artig apropos her er at eg ikkje ættar frå Rasmus Abelsen, men derimot frå begge konene hans.....

 

Rasmus og første kona Eli Olsdtr. hadde for øvrig ei dotter, Brithe Rasmusdtr. som vart busett på garden Eldevik (g.m. Didrik Josefsen frå Åsane i Davik). Eg veit ikkje kvar Eli Olsdtr. var frå, men det var neppe frå Eidsnes som Aaland påstår. Det var Rasmus Abelsen si andre kone som var derifrå....

Eli Olsdtr. sin første mann heitte ikkje "Isak Jensson", som det står i bygdeboka. Derimot viser namnet på borna i skiftet etter Eli Olsdtr.

at han heitte Jens.

 

Margrethe Olsdtr. var som nemnt frå Eidsnes (bruk 2 på Eide i Selje) og ikkje nokon annan stad, noko skiftet etter faren Ole Olsen Eidsnes viser: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24227/306/

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

I eit skifte i år 1705 frå Kjølsdalen kom eg tilfeldigvis over eit namn som eg tolkar som "Anne Josephsdtr. Otteren". Er det nokon som kan seie om dei les det same som eg her? Namnet eg tolkar slik står nemnt på sidene 109a og 109b. I tilfelle eg ser rett er vel dette ein god kandidat til å vere kvinna som er Anders si enke ved manntalet i 1701, og mor til Anders Otteren sine born. Og om så er tilfelle, er det vel truleg ho (og ikkje ektemannen) som er i slekt med Josef Rimstad, slik som Aase antyda.

 

Elles finn eg at Josef Eldevik og Augustinus Daviknes er nemnde nærmast i lag dette skiftet. Er dette tilfeldig?

 

Dette skiftet nemner forøvrig drøssevis av mine aner, sjølv om eg ikkje ser nokon samanhang mellom alle desse ulike personane. Eg nemner her raskt arvelataren sjølv, Mons Hanssen Myklebust, og dottera Else Monsdtr. med ektemann Ole Erichsen Humborstad. Vidare finn eg her Mathis Navelsaker, Poul Hjellbakk, Ole Anderssen Myklebust og Joen Olsen Haus. Truleg er og Rasmus Erviksæter, Torgils Frislid og Ole Hatlegjerde som alle er nemnde i dette skiftet, mellom mine aner.....

 

Eg må elles nemne at når eg i førre innlegg nemnte at Peder Otteren såg ut til å ha minst åtte born, så var det dårleg formulert, og mest meint som ei oppramsing av dei namna eg kjenner til og som eg trur høyrer til denne familien. I skiftet på Raudeberg som var noko av utgangspunktet for denne tråden, står det i klartekst at Peder Otteren hadde etterlate seg ni born; seks søner og tre døtre. 

Endret av Inge Nygård
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg les des same som du, og tykkjer det er ein god kandidat. Sluttar aldri å forundre meg kor mykje lausgjeld det er i desse skifta, og har ofte lurt på korleis dei heldt greie på dette, og korleis krava vart dokumenterte - eller om det var berre å påstå..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg kan ikkje forstå anna enn at det er Anne Josephs Datter Otteren det står på 109a  og evt Ottern på 109b.   :)

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Beklager at jeg bryter meg inn i tråden her, men jeg har et spørsmål vedr. slekt på Eldevik.

 Didric Josephson Eldevik ca. 1682-1762 var vel gift med Eli Larsdtr. d. 1769 på Eldevik. Er han på noe vis knyttet til denne tråden og folkene som er nevnt her?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til Aase og Harald for svar. Då er vi kanskje komne litt vidare når det gjeld denne slekta.

 

Rune: Didrik Josefsen Eldevik er vel ikkje direkte knytt til Josef Andersen, anna enn at dei nok ei tid var naboar på garden Eldevik. Dei var iallefall ikkje far og son. Eg nemnde forsåvidt Didrik Josefsen i innlegg #27 i denne tråden, men det handla først og fremst om at kona Brithe Rasmusdtr. frå Gangeskar hamna på garden Eldevik, og ikkje noko om Didrik sjølv.

 

Når det gjeld Didrik, var han frå Åsane i Davik. Han er nemnt her i bygdeboka: http://www.nb.no/nbsok/nb/991a5895efbeca67aebc86de4adeb820?lang=no#295

Foreldra heitte Josef Olsen og Borni Didriksdtr. Ho var det skifte etter i 1709.

Eg stammar sjølv frå Didrik si søster Anne Josefsdtr., som i skiftet står nemnt som gift med Endre Ingebrigtsen Årdal (Seinare vart ho gift 2 gonger til, med Joen Olsen Nordpoll og til sist Anders Rasmussen Refvik).

Endret av Inge Nygård
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne Anne Josefsdtr Otteren MÅ vere identisk med Anders si enkje i 1701. Der er no berre eitt bruk i Otteren, og ho må plasserast ein stad.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til Aase og Harald for svar. Då er vi kanskje komne litt vidare når det gjeld denne slekta.

 

Rune: Didrik Josefsen Eldevik er vel ikkje direkte knytt til Josef Andersen, anna enn at dei nok ei tid var naboar på garden Eldevik. Dei var iallefall ikkje far og son. Eg nemnde forsåvidt Didrik Josefsen i innlegg #27 i denne tråden, men det handla først og fremst om at kona Brithe Rasmusdtr. frå Gangeskar hamna på garden Eldevik, og ikkje noko om Didrik sjølv.

 

Når det gjeld Didrik, var han frå Åsane i Davik. Han er nemnt her i bygdeboka: http://www.nb.no/nbsok/nb/991a5895efbeca67aebc86de4adeb820?lang=no#295

Foreldra heitte Josef Olsen og Borni Didriksdtr. Ho var det skifte etter i 1709.

Eg stammar sjølv frå Didrik si søster Anne Josefsdtr., som i skiftet står nemnt som gift med Endre Ingebrigtsen Årdal (Seinare vart ho gift 2 gonger til, med Joen Olsen Nordpoll og til sist Anders Rasmussen Refvik).

Hjertelig takk for opplysende svar Inge.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...
På 20.3.2016 den 9.39, Inge Nygård skrev:

 

Josef var gift med Anne Knudsdtr. som det var skifte etter i 1705.

Her vert og nemnt ein son Iver på 2 og eit halvt år, i tillegg til før nemnde Anders og Lars.

Deretter vart Josef gift med Dorthe Thomasdtr. Aardal, som han i alle fall fekk dottera Anne med. (Kanskje og ein son Poul?)

 

 

Hvordan kan vi være sikre på at dattera Anne var med Dorthe fra Aardal?  Dorthe må ha være nærmere 50 da Anne ble født siden hun var 92 år ved sin død i 1749. 

 https://www.digitalarkivet.no/kb20070418630430

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sitat:

 "I eit skifte i år 1705 frå Kjølsdalen kom eg tilfeldigvis over eit namn som eg tolkar som "Anne Josephsdtr. Otteren". Er det nokon som kan seie om dei les det same som eg her? Namnet eg tolkar slik står nemnt på sidene 109a og 109b. I tilfelle eg ser rett er vel dette ein god kandidat til å vere kvinna som er Anders si enke ved manntalet i 1701, og mor til Anders Otteren sine born. Og om så er tilfelle, er det vel truleg ho (og ikkje ektemannen) som er i slekt med Josef Rimstad, slik som Aase antyda."

 

Jeg har skrevet av dette skiftet tidligere, og har også tolket det som Anne Josephsdatter Ottren.  Arvelateren, Mons Hansen (min 6x tippoldefar) har jeg notert kommer fra Eldevik, sønn til Hans Andersen Eldevik, og er antakelig den som er nevnt i koppskatten for 1646:

Frå koppskattlise for 1646:

5378     Hans     Eldteuigh                   m     viij s.     Eldteuigh     Rogsund Sogen     Dauig Schibredtt     Dauig     59b
5379     Kristi         quinden                  k      viij s.     Eldteuigh     Rogsund Sogen     Dauig Schibredtt     Dauig     59b
5380     Mogens     Hans.*     Børn     m     viij s.     Eldteuigh     Rogsund Sogen     Dauig Schibredtt     Dauig     59b
5381     Anne         husquinde              k       vj s.      Eldteuigh     Rogsund Sogen     Dauig Schibredtt     Dauig     59b

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg kommer frem til det samme Tor, at det står Anne Josephsdtr. Otteren. Utover det kan jeg dessverre ikke bidra med noe nytt her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 10 måneder senere...

21.aug. 2020 skrev Tor Kvien:

"Hvordan kan vi være sikre på at dattera Anne var med Dorthe fra Aardal?  Dorthe må ha være nærmere 50 da Anne ble født siden hun var 92 år ved sin død i 1749. 

 https://www.digitalarkivet.no/kb20070418630430"

 

Etter mine notater ble Anne Josefsdatter født i 1704. Jeg har to av Anne Josefsdatter og Lars Didriksen Myres barn i mitt slektstre. Det var Rasmus, født 1737 og Didrik, født i 1740. Rasmus hadde en datter som ble kalt Dorthe, født 1771. Oppkalt etter sin mormor? (Dorthe fra Aardal?). Det er mange år siden jeg jobbet med denne slektsgreina - og før jeg ble særlig bevisst på å notere kilder. Kanskje var det fra bygdeboka for Selje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.