Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Brtitha (1789) og Johanna (1799) Nilsdotter - søstrer og husmannsdøtrer frå Hagen under Kroken i Luster - flytte frå Luster etter 1815, men kvar?


Recommended Posts

Husmann Nils Olson i Hagen under Kroken (1743-1816) og kona Gjertrud Nilsdotter (1754-1803) fekk i alt ni born.  Fleire døydde unge i Luster, og dei fleste andre budde i Luster.  Berre ein son Nils Nilsson Krogen (1786-1827) flytte til Bergen kring 1812, og so var det desse to yngre søstrene som heilt «forsvinn»:

 

* Britha Nilsdotter (Krogen), døypt i Luster 22.2.1789, fekk ei «uekte» dotter Gjertrud Olsdotter i Luster i 1817, men som døydde kort etter fødsli, og kort deretter forsvinn Britha frå bygdi, uvisst kvar!

 

* Johanna Nilsdotter (Krogen), døypt i Luster 23.6.1799, levde i Luster i 1815, men forsvinn kort deretter òg frå bygdi.  Kan henda reiste dei i lag?

 

Men kvar i all verdi kan det ha vorte av dei?  Eg finn ikkje nokon av dei gifte i Bergen!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

Nei, Nils Nilsson som var barnefar på Johannes i 1816, var ein annan, Nils Nilsson på Teigen under Kroken (1792-1872)!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

  • 3 år senere...

Samstundes som eg i kveld har lagt ut eit nytt tema om Nils Nilsson Krogen frå Luster: https://forum.arkivverket.no/topic/238729-nils-nilsson-krogen-1786-1827-frå-luster-til-bergen-kven-var-første-kona-martha-karine-larsdotter-og-kvar-vart-det-av-yngste-sonen-kva-med-søstrene-britha-1789-og-johanna-1799-òg-i-bergen/

vil eg gjerne òg få henta fram att dette emnet som omhandlar to av dei yngre søstrene til Nils som «forsvinn»!

 

Eg mistenker stadig desse jentene for å vera flytte til Bergen, men finn dei ikkje att...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.