Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Øyanes påskenøtt #11: Andreas Gjertson Lerum, fødd Luster 1860 - til Amerika 1882 - var 1922 i Fort Worth, TX - kva skjedde med denne «anonyme» karen?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Årets siste påskenøtt frå mi side er ei svært forunderleg sak om ein emigrant frå Luster som ved fleire høve vert sagt vera i live, seinast i Fort Worth, TX i 1922, men so langt har eg ikkje greidd å finna mannen att i nokon amerikanske kjelder!

 

Gjert Olson (1832-1907) og kona Ingeborg Christensdotter (1833-1930) var husmannsfolk i «Gjertehaugen» under garden Leri i Luster.  Dei fekk i alt sju born:

 

* Kristen Gjertson Lerum (1856-1931) - budde i Bergen

 

* Ole Gjertson Lerum (1858-1922) - utvandra til Amerika i 1880 og budde i Freeborn Co., MN - skreiv seg for LERUM

 

* Andreas Gjertson Lerum, fødd i Luster 23.11.1860, utvandra til Amerika i 1882, er nemnd i live i Amerika i 1907 og i 1922, siste gongen i Fort Worth, TX(?) - utfordringi i dette emnet!

 

* Susanna Gjertsdotter Lerum (1863-1958), utvandra til Amerika i 1881 og gifte seg under namnet Susan JACKSON i Fort Worth, TX i 1888 med Fred Helmcamp (1867-1940).  Dei budde levetidi ut i Fort Worth, TX og fekk fire døtrer i lag.  Etterkomarane deira har ingen opplysningar om «grandonkel» Andreas!

 

* Johannes Gjertson Lerum (1865-1880), gjekk gjennom isen på Lustrafjorden og drukna.

 

* Brita Gjertsdotter Lerum (1868-1940), budde mange år i Bergen, men flytte sidan heimatt til Gjertehaugen, ugift.

 

* Gjert Gjertson Lerum (1871-1965), tok over Gjertehaugen og døydde der, ugift.

 

Dødsmeldingane etter foreldri Gjert (1907) og Ingeborg (1930) har vore undersøkte med følgjande resultat:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

«Da Gjert døde etterlot han seg intet, men hadde arvingene enken Ingeborg og barna Kristen, Susanna, Andreas, Brita og Gjert.

 

Da Ingeborg døde var det "Intet at skifte", men "Flere myndige barn", uten navn og adresser.»

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole er merkeleg nok ikkje ramsa opp mellom ervingane etter Gjert, men Andreas er der!

 

So har me ein obituary etter Ole Lerum frå Albert Lea, MN:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Albert Lea Evening Tribune
Wednesday, April 12, 1922, Albert Lea, Minnesota, page 5
OBITUARY
Ole. G. Lerum
   Ole G. Lerum, son of (Gjert and Ingeborg Lerum died April 6th 1922, at his home 1025 Dunham street, of heart trouble. He was born at Lerisogn, Bergen, Norway on Nov. 2, 1858 and came to America in company with the G. C. Skaar family of Hayward in 1876, on July 11, 1883 he was united in mar­riage to Miss Anna Margaret Anderson and their union was blessed with four children of whom three are living to survive him.
   Mr. Lerum and family came to the city about three years ago, coming from Hayward, Minn., where he was engaged at farming for over thirty years, prior to his illness and death, he was an employee of the American Gas Machine Co.  Mr. Lerum leaves to survive him, his wife Mrs. Margaret Lerum and three children: Mrs. Tillie Thorstad of Marion, N. D., Alfred and Mrs. Ida Gulrandson both of the city, his aged mother, two brothers and one sister in Norway and one brother and sister of Fort Worth, Texas.  The funeral services were held Monday, April 10 at 12 o’clock at the home and 2 o’clock at the Lutheran church in Hayward Rev. Julian Ellertson officiating.  Interment was made ai the Hayward cemetery, beside his little daughter, Sophia who died several years ago.  The pallbearers were: J. C. Staige, R. E. Dewey, J. J. Hove, C.O. Esse, G. N. Gulbrandson, Albert Speahler.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Som me ser, står det her «one brother and sister of Fort Worth», og Andreas var den EINASTE det kan vera!

 

Eg lyt elles gjera merksam på at det var fleire emigrantar frå garden Leri i Luster med namn Anders aller Andrew, mellom anna denne som òg budde i Freeborn Co., MN:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Erikson, f. i Luster 10.8.1845,

Andrew E. Lerum utvandra til Amerika i 1862 og var med som soldat i borgarkrigen («Civil War soldier»).  Sidan gifte han seg i Columbia Co., Wis. 30.11.1868 med Anna E. Flesche.  Ho var dotter av husmannssonen Erik Olson frå Flesje i Balestrand og kona Sigrid Pedersdotter frå Indreli i Aurland og f. i Balestrand 20.3.1846.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1849.  Andrew og Anna farma ei tid i Bristol township, Dane Co., Wis., men flytte i 1873 til ein farm i Oakland township, Freeborn Co., Minn.  Siste åri budde dei så i Hayward, Freeborn Co., Minn. der Anna d. 12.4.1930.  Andrew Lerum d. same staden 12.11.1934.  Dei fekk visstnok ni born, men to av dei d. i heilt ung alder utan at me har korkje namn eller datoar for dei; dei attlevande sju var:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eit kanskje avgjerande spørsmål når det gjeld Andreas Gjertson Lerum, vil nok vera:

 

Kva namn nytta han i Amerika? 

 

Som em har sett, skreiv Susanna seg for Jackson.  Ein annan Gjertson-huslyd frå Luster som òg budde i Fort Worth, TX, skreiv seg for Yearson.

 

Adresseboki for Fort Worth, TX syner denne personen i 1933:

 

* Mrs. Sallie GARTSON of 2422 Ross Avenue, Fort Worth, TX

 

men det er einaste gongen eg finn denne personen nemnd...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips når det gjeld Andreas Gjertson Lerum og lagnaden hans i Amerika!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.