Lars E. Øyane

Sjur (1818) og Christen (1833) Pederssøner - husmannssøner frå Loven i Luster - var fiskarar i Nordland, men kvar vart det av dei?

6 innlegg i emnet

Desse to halvbrørne, båe søner av husmann Peder Bottolfson (1780-1847) på Lovelunden under Loven i Luster, flytte i ung alder til «Nordland», men eg har so langt ikkje vore i stand til å finna spor etter nokon av dei der oppe:

 

* Sjur Pederson (Loven), fødd i Luster 5.11.1818, fekk flytteattesten sin i 1847

 

* Christen Pederson (Loven), fødd i Luster 8.6.1833, fekk flytteattesten sin i 1851

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Eg vil i dag gjerne få henta fram att desse utfordringane frå i fjor vår.

 

Eg står framleis heilt utan spor etter desse to karane frå Luster som kring 1850 flytte til Nordland og vonar at kanskje ein eller annan har sett noko til dei der nord?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for nytt innlegg!

 

Jau, Sjur Pederson frå Flahammar i Luster var fødd same året, men har diverre ikkje noko med Sjur Pederson frå Loven å gjera!

 

Kan dei to halvbrørne i Nordland vera omkomne på fiske ein eller annan stad?  Ikkje godt å seia...

 

Eg vonar framleis på «livsteikn» og takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Bergens Adressecontoirs Efterretninger 07.07.1849

Oppholdssted for Sjur er oppgitt til Nordfjord....

sjur pedersen.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for eit nytt utfordrande innlegg!

 

Christen Christenson Vedvig (1765-1849) var ein gamal ungkar med mange slektningar.  Ein søsterson av husmann Peder Sjurson Havelden (under Fladhammar) (1791-1821).  Han døydde tidleg, men let etter seg tre born, mellom anna desse to sønene:

 

* Sjur Pederson (1818-1909) som i 1847 flytte til Selje og sidan til Bergen.  Huslyden hans har vore drøfta i Brukarforum før: https://forum.arkivverket.no/topic/202234-sjur-pederson-flamer-1818-1909-landhandlar-frå-luster-til-bremanger-og-bergen-borni-hans-i-bergen-og-amerika-kvar-vart-det-av-dei/#comment-1706738

 

* Christen Pederson (1821-1897) som kring 1840 flytte til Buksnes i Nordland.  Huslyden hans har òg vore drøfta i Brukarforum før: https://forum.arkivverket.no/topic/202236-christen-pederson-1821-18-frå-luster-til-hol-buksnes-kvar-vart-det-av-alle-borni-hans/#comment-1706747

 

Men desse var tross namnelikskap IKKJE av same ætt som dei to søskeni som flytte til Nordland og som vert etterlyste i dette emnet...

 

Eg takkar å ny for alle gode tips og lever framleis i voni...

Sven Hjortland liker dette

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!


Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.


Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive