Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Torborg frå Sogn (1778-1836) - haugianarkvinne på Sunnmøre - mann Jørgen Borgerson frå Gloppen og første kona hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Haugianar-rørsli stod særleg sterkt i Luster, og ei av dei som skaffa seg solid «ry» i so måte, var Torborg Olsdotter frå Høyeim i Luster (1778-1836).

 

For mange år sidan freista eg få oversyn over biografien hennar og fann det meste, men nokre detaljar manglar, særleg om andre mann hennar, Jørgen Borgerson, opphavleg frå Gloppen, og første kona hans frå Førde.  Kanskje det no let seg gjera å få litt hjelp til å få dei siste detaljane «på plass»?

 

Slik ser manuskriptet mitt ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye opplysningar som er innkomne, er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #12 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Eigentleg ikkje svar på hovudspørsmålet, men "andre tips":

 

Ørstavik er alltid i ubunden form.

Du kan godt seie "frå Halle i Sande".

Halle låg i Sande (sokn) før 1866 også, men då (ikkje 1867) vart Sande sokn og Rovde sokn skilde ut frå Herøy prg som nytt Sande prg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Takk for denne - her fekk eg komplettert litt. Jørgen sine foreldre var Byrge Torleivson Kvitenes (1726-1782), barnefødd på Kvitenes (eller "i Kviteneset" som vi ville sagt det lokalt), og Synnøve Jørgensdtr Åsebø (1729-etter 1783). Jørgen var forresten einaste barnet deira.

 

Kona Anne har eg ingen opplysningar om.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar og Aase for interessante og nyttige opplysningar!

 

Det er alltid bra å kunna tilpassa geografiske namn og uttrykk etter lokalt mønster, so eg er takksam for slike kommentarar,  Det er ikkje godt å sitja med lokal kunnskap for heile landet!

 

Då ser det ut som om det kan vera eit problem å identifisera Anna Johanna Olsdotter, første kona til Jørgen Borgerson.  Eg ser at det ved vigsli i Førde i 1799 står «Klopstad» som gardsnamn, og der budde i 1801 ein gardbrukar Ole Simonson med kone Martha Jensdotter som fekk born kring 1770, men ingen Anna Johanna Olsdotter er ifølgje FamilySearch registrert som fødde nokon stad i Sogn og Fjordane på den tidi!

 

NB: Kan det tenkjast at bygdeboki for Førde kan ha opplysningar om dette?

 

Eg har no «oppgradert» manuskriptet i innlegg #1 og vonar på nye innspel når det gjeld dei «hòli» som framleis står opne.

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Dersom du ser etter skanna kyrkjebøker for Førde, vil då sjå eit byks frå 1764 til 1780 - eg veit ikkje kvifor. Men truleg har du "di" dame fyrst i sjeleregisteret her http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4647&idx_id=4647&uid=ny&idx_side=-3

 

Klopstad ligg vel elles i Naustdal, eller er eg på jordet?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Klopstad ligg nok i Førde, Aase, men på grensa til Naustdal.

 

BB Førde om Klopstad har dessverre ikkje så mykje å bidra med om Ole Simonsen og Marta Jensdtr. Forfattaren kjenner kun til sonen Simon.

 

Eg skal sjekke litt nærmare seinare i kveld, og sjå om eg kan finne ut noko meir.

 

mvh Egil

Endret av Egil Russøy - Førde

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Takk for korrigering, Egil, dette med kommunegrenser i Sunnfjord er ikkje mi sterkaste side - men snart gjer vel ikkje det noko :-D

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Kva er årsaka til det tisynelatande "holet" i kyrkjebokrekkja? Manglar desse åra verkeleg, eller ligg dei i eit anna prestegjeld?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aase og Egil for nye spennande innlegg!

 

Etter det som no er komme fram av opplysningar, ser det ut til at Anna Johanna Olsdotter verkeleg må vera frå Klopstad og soleis ei dotter av Ole Simonson og Martha Jensdotter!

 

Men kva står det i bygdeboki for Førde når det gjeld opphavi til desse foreldri?

 

Elles, når det gjeld borni på Klopstad, so ser eg av FamilySearch at fire born er nemnde:

 

* Simon Olson, fødd 1769

 

* Simon Olson, fødd 1771

 

* Simon Olson, fødd 1773

 

* Jens Olson, fødd 1779

 

Det nemnde sjelemanntalet frå 1789 har:

 

* Anna Olsdotter, fødd 1770

 

* Simon Olson, fødd 1771

 

So ser me eit sjelemanntal frå 1780 som nemner:

 

* Anna Olsdotter, fødd 1770

 

* Simon Olson, fødd 1773

 

* Synneva Olsdotter, fødd 1765

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Sjeleregister nr. (1780-1780), Sjeleregister 1780, uten sidenr.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4646&idx_id=4646&uid=ny&idx_side=-6
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060623120128.jpg

 

At dei står i denne rekkefølgja KAN tyda på at Synneva høyrer til ein annan huslyd...(?)

 

Ser me so på FT1801, har me:

 

* Anna (Johanna) Olsdotter på Stavang, fødd 1772

 

* Simon Olson på Klopstad, fødd 1773

 

Eg vil gissa på at Simon nok er fødd i 1772 eller 1773, medan Anna (Johanna) må vera fødd i 1770 eller 1771...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Litt meir frå BB Førde.

 

Klopstad bnr 1. Marta Jensdotter Klopstad f. kr. 1742, d 1831 på Klopstad. Gift med Ole Simonsen Ulltang f. kr. 1732, død 1811 på Klopstad.

 

Nille Nilsdtr Klopstad, d. 1799, gift 1743 med Jens Anderson Hornnes. d. 1779. Kjende barn, Marta, neste brukar.

 

På Ulltang finn vi: Eli Olsdtr Ulltang, gift 1730 med Simon Olson Kirketeig, f.kr. 1700. Tre barn registrert, første barn er Ole Simonsen f. 1732 til Klopstad.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for eit nytt og avklarande innlegg om ætti frå Førde!

 

Då har eg, sovidt eg kan sjå, fatt tak i det som manglar om denne ætti med eitt einaste unntak, frå Sunnmøre.  Men denne siste detaljen er kanskje ikkje so lett å finna, med mindre ei bygdebok frå Sande har svaret?

 

Her følgjer eit nytt manuskript til erstatning for utdraget i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Torborg Olsdotter (Høyum), f. i Luster kring 1778, tente på Fjøsne i 1801 og skal ha butt i Luster til kring 1807.

Torborg Olsdotter vart vekt av haugianarrørsla, og kring 1807 fór ho med fleire andre haugianarar til Grytten i Romsdalen.  Ho vart etter kvart vidkjend som talar og skal ha virka under namnet ”Torborg frå Sogn”.  I 1820 kom ho i teneste hjå haugianaren Vebjørn Svendson i Ørstavik i Ørsta på Sunnmøre der ho 1.7.1827 gifte seg første gongen med Nils Sjurson frå Furset i Stranda.  Han var son av gardbrukar Sjur Rasmusson på Furset øvre og kona Bertha Pedersdotter frå Ringstad og vart døypt i Stranda 15.6.1788.  Nils og Torborg busette seg som gardbrukarar i Djupviki i Herøy på Sunnmøre der Nils d. alt 15.7.1829.  Torborg gifte seg att i Herøy 6.2.1831 med enkjemannen Jørgen Borgerson, opphavleg frå Kviteneset i Gloppen.  Han var son av gardbrukar Borger Tollefson på Kviteneset og andre kona Synneva Jørgensdotter frå Åsebø og vart døypt i Gloppen 4.10.1772.  Jørgen gifte seg første gongen i Førde 24.3.1799 med Anna Johanne Olsdotter frå Klopstad i Førde.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Simonson på Klopstad, opphavleg frå Ulltang, og kona Martha Jensdotter frå Klopstad og f. i Førde kring 1771.  Jørgen og Anna var ei tid gardbrukarar på Stavang i Svanøy, Kinn, men flytte kring 1805 til Torvanger i Bremanger, Kinn der Anna d. som gardbrukarkone 29.4.1829.  Jørgen tok alt i 1829 over som gardbrukar i Djupviki i Herøy, men so d. Torborg som kårkone i Djupviki 23.2.1836, og Jørgen flytte året etter til Ørsta der han 14.7.1839 gifte seg tredje gongen Olina Villiksdotter frå Halle i Sande, Herøy.  Ho var dotter av gardbrukar Villik Larsson på Halle ytre, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – var han opphavleg frå Sande nordre?)

 

og andre kona Synneva Olsdotter frå Nupen og vart døypt i Sande, Herøy 6.11.1780.  Jørgen og Olina busette seg på Velle i Ørsta der Jørgen d. som kårmann 24.1.1854.  Olina Villiksdotter d. som kårenkje same staden 24.3.1866.  Torborg fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men andre mannen Jørgen Borgerson hadde fem søner frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Sandesoga b.2 s. 33 (Halle ytre): Oline 1780-1866 g. 1839 Jørgen Bergeson Torvanger, Kinn i Sunnfjord, busett Velle i Ørsta,

står som dotter til Villik Larsson 1737 -1799 og Synneve Olsd. Nupen 1748-1796. gifte 1775.

Boka seier ikkje noko om kvar Villik kom frå. Han var først g. 1755 med enkja på bruket

 

Det er ein Lars Larsson 1708-1774 på Nøre Sande  (b.3 s, 539). Det er referert eit skifte etter honom, men ingen Villik er nemnd mellom borna.

Andre Lars-ar i høveleg tid er ikkje nemnde.

 

Ved trulovinga 6.1.1756 (ikkje 1755 som Sandesoga seier) er han kalla "Villich Larsen Nøresande". https://media.digitalarkivet.no/kb20070829620491

Endret av Ivar S. Ertesvåg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for nytt innlegg!

 

Etter kva eg forstår, finst det ikkje noko fasitsvar på spørsmålet om opphavet hans Villik Larsson på Halle.  Om han ikkje er frå Nøre Sande, kan han vel vera kvar som helst ifrå, og det vil føra for langt for meg i denne omgongen å freista løysa dette spørsmålet.

 

Men nok ein gong ein stor takk for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

I bygdeboka for Bremanger står det at familien kom til Torvanger 1803.

Desse barna er nemnde der:

- Ole f. ikr. 1799 d. 1876  g. 1827 med Ingeborg Didriksd.  - Busett på Indre Grotle, Bremanger br.nr. 6

- Salomon f. 1803

- Anders f. 1806

- Kristoffer f. 1808  d. 1852  neste brukar på Torvanger g. 1826 med Johanne Olsdtr.

- Borgar f. 1811 g. 1844 på Skorpeide med Abigal Ingvaldsdtr. Ånnøy f. ikr. 1817 Plassefolk på Nekkøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Harald for interessante tilleggsopplysningar om Jørgen Borgerson og opphaldet hans på Torvanger.  Eg har retta opp manuskriptet mitt deretter, men går ikkje i detalj inn på borni som han fekk med første kona si.

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sol Høydalsvik Ulvestad

Leitte opp, når Nils Sivertson Furset og Torbjørg Olsdtr. då  dei budde i Djuvika på bruk . i "Herøyboka" bind II,. og der står det.;

"Bygslebrev 1827 frå Vebjørn Svendsen (i Ørsta) på 2 pd 19 1/2 mark m.a. på det vilkår "at han (Nils) ægter Pigen Torbjør Olsd, der hidintil har været i min Tieneste" elles var kontrakta ugyldig.

 

"Hårde bud"??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sol for interessant innlegg om korleis ein «organiserte» ekteskap og gardsovertakingar på den tidi.  Eg kjenner fleire liknande døme frå Luster, so heilt uvanleg var det nok ikkje.  Ein skal vel kanskje vera glad for at slike tradisjonar for lengst er gått ut av bruk i Noreg, men her trur eg me ser store forskjellar mellom norsk kultur og kva som vert praktisert i andre land...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.