Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Sølfest Erikson Søvde (1794-1877) - haugianar og fargar - Luster - Grytten - Alvdal - ?? - Oppdal - lagnaden hans?


Recommended Posts

Dette er ei oppfølgjing av tema #7622 frå det gamle Brukarforum (https://forum.arkivverket.no/topic/93576-7622-soelfest-erikson-kylling-til-alvdal-i-1843-kvar/?hl=%2Bs%C3%B8lfest+%2Bs%C3%B8vde), som fram til i dag har stått som ei stor uløyst utfordring:

 

Sølfest Erikson var fødd på Søvde i Luster i november 1794 og flytte i 1826 til garden Kylling i Grytten i Romsdalen, der andre haugianarar då alt budde.  Det neste me ser til Sølfest er so i 1843 då han fekk attest for å flytta vidare til Alvdal på Hedmarken.  Han er skriven innflytt i Alvdal same år som fargar:

 

Kildeinformasjon: Hedmark fylke, Alvdal i Tynset, Klokkerbok nr. 2 (1814-1862), Innflyttede 1838-1845, side 628-629.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9201&idx_id=9201&uid=ny&idx_side=-300
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603390131.jpg

 

Men kvar vart han so av??  Det har før vore søkt etter mannen i FT1865, men utan resultat.

 

Men her er han på Lo nedre i Oppdal ved FT1875: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052367000867

 

og her er dødsfallet hans på Lo i Oppdal 4.4.1877:

 

Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Oppdal, Ministerialbok nr. 678A09 (1872-1881), Døde og begravede 1877, notat- og visitassider m.m. 0, side 221.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5721&idx_id=5721&uid=ny&idx_side=-198
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060925070198.jpg

 

Spørsmålet no er altso følgjande:

 

* Kvar budde Sølfest Erikson Søvde i perioden 1843 til 1875?  Kva yrke hadde han?

 

Eg takkar som mykje på førehand for alle gode tips!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.