Gå til innhold
Arkivverket

S&F, Bremanger og Eid - Mari Simensdatter g. Ytre Isane (ca. 1698-1775), kven var ho?


Morten Sylte
 Del

Recommended Posts

Same dama, gift to gonger - ein fascinerande tanke, og kanskje kan det gå opp? Vigsla du lenkar til er i 1717. Brudgommen heiter Lars. Mari Isane sin eldste son er fødd rundtom 1722, og heiter - LARS - kvifor? Eg siterer Bibelen: "Det er ingen i slekta som heiter så" -

 

Du skriv litt lenger oppe at Lars Mørkeset og Mari Simonsdtr budde på Ervik og hadde ein son Lars - kva er kjelda til det?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg begynner å tvile på det med Ervik, men siden det er lenge siden jeg holdt på med dette, må jeg finne fram gammel korrespondanse. Men dette er skiftet etter faren til Lars Olsen Mørkeset som kan være interessant nok å lese. Her ser vi at en Mons Torheim er verge for mor til Lars, enka Kjersti Erichsdatter:

 

http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24215/117

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Reknar med andre tenkjer dette også, men vil gjerne peike på noko som slo meg etter å ha lese om Kjersti Eriksdatter. Sett i lys av skiftet etter Magnhild Zakariasdatter som Aase viser til i sitt fyrste innlegg so ser no Erik ut som eit namn ein ikkje er ukjent med frå Torheim.

 

Og for å synse litt so er det vel ikkje urimelig at det på eit tidpunkt kan har vore ein Eirik som folket på Torheim (inkl. Erik Sakariasen (busett i Eid skibbr. ?) og denne Kjersti Eriksdatter) kan vere etterkomarar etter??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det som i alle fall er heilt sikkert, er at dette er ein slektskrins der det meste er samanvove på mange måtar. Eg hugsar at du Tor Kvien fortalde meg ein gong at du hadde høyrt di bestemor (fødd på 1870-talet eingong?) snakke om at ein ikkje måtte gifte seg for langt ut av slekta, for då spreidde ein midelen. Og slik har det nok vore i uminnelege tider.

 

Så nøkkelen til svar på spørsmåla våre kan ligge på uventa stader - i lag med nye spørsmål.

 

Men sett at Mari Simonsdtr har vore gift med to: Fyrst Lars i 1717, så Ola ca 1721 - så bør der ha vore eit skifte etter Lars. For desse åra har vi ikkje skifteprotokollar, men vi ser at svært mange skifte er nemnde i tingbøkene - skal vi slå oss saman og skumme gjennom 4 år med tingbok for Davik?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, eg er med på det. Har no lese gjennom 1718, og det ser ikkje ut til å vere noko der. Fortsetter utover kvelden, og oppdaterar om noko interessant kjem for dagen. Såg forresten gjennom panteboka for å sjå om noko var å finne der, men det einaste med tilknytning eg kunne lokalisere var skøytet til Ole Sakariasen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har begynt på litt eldre bøker, 1711 - 1713, men siden vi har week-end gjester kan det ta sin tid.  Skulle det ønske det var register til disse bøkene ....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette har ikkje samanheng til det andre vi leitar etter, men for deg Tor, og også deg, Aase, trur eg det kan vere av interesse!

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Tingbok I A 20 , 1718-1720, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/30928/195/

 

Omhandlar Christi Noesdatter Ervik og hennar to avdøde tidlegare ektemenn og Christi sin bror Jørgen Noesen Reksnes. Veit ikkje om opplysningane som kjem fram her er å finne i den nye slektsboka for Kjølsdalen krins? Eg ser iallefall at Aaland manglar farsnamnet på fyrste mannen hennar Erik Eriksen..Det ser heller ikkje ut som at han har fått med at Christi var frå Reksnes. Broren Jørgen Noesen budde på Ytre Reksnes (2) og tok over bruket etter faren  ...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette har ikkje samanheng til det andre vi leitar etter, men for deg Tor, og også deg, Aase, trur eg det kan vere av interesse!

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Tingbok I A 20 , 1718-1720, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/30928/195/

 

Omhandlar Christi Noesdatter Ervik og hennar to avdøde tidlegare ektemenn og Christi sin bror Jørgen Noesen Reksnes. Veit ikkje om opplysningane som kjem fram her er å finne i den nye slektsboka for Kjølsdalen krins? Eg ser iallefall at Aaland manglar farsnamnet på fyrste mannen hennar Erik Eriksen..Det ser heller ikkje ut som at han har fått med at Christi var frå Reksnes. Broren Jørgen Noesen budde på Ytre Reksnes (2) og tok over bruket etter faren  ...

 

Absolutt av interesse, ja. Jeg er litt usikker på om disse kildene var tilgjengelige da slektsboka for Kjølsdalen krins ble til.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, det er ikkje sikkert dei var. Er enkelt å vere "granskar" idag med alle dei kjeldene vi har tilgjengelig "ved fingerspissane" (  :D  ).

 

Då har eg lese meg ferdig i tingboka A20, 1718-20. Dessverre kom det ikkje fram noko av interesse m.o.t. korkje Mari Simensdatter Isene eller Torheim. Er no eit år eller vel det enno før det er kritisk m.t.p. eitt eller to ekteskap for Mari. Får vere lektyre til ein annan dag. No er augene store og raude og treng kvile kjenner eg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette har ikkje samanheng til det andre vi leitar etter, men for deg Tor, og også deg, Aase, trur eg det kan vere av interesse!

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Tingbok I A 20 , 1718-1720, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/30928/195/

 

Omhandlar Christi Noesdatter Ervik og hennar to avdøde tidlegare ektemenn og Christi sin bror Jørgen Noesen Reksnes. Veit ikkje om opplysningane som kjem fram her er å finne i den nye slektsboka for Kjølsdalen krins? Eg ser iallefall at Aaland manglar farsnamnet på fyrste mannen hennar Erik Eriksen..Det ser heller ikkje ut som at han har fått med at Christi var frå Reksnes. Broren Jørgen Noesen budde på Ytre Reksnes (2) og tok over bruket etter faren  ...

 

Ja, hjerteleg takk for denne! Eg har hatt svært lyst til å setje Kristi og Jørgen som sysken, og her kom altså beviset.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nok ei innføring i tingboka utan relevans til Mari Simensdatter, men tek den fram likevel sidan ein opplysning her ikkje ser ut til å kome fram nokon annan stad etter det eg kan sjå? Omhandlar Mathias Olsen Myklebust (4) i Ålfoten.

 

Sjå nederst s. 2b. Mathias Olsen Myklebust legg fram brev og dokumenter samt viser til eit skifte frå 1693. Det som ikkje ser ut til vere nemndt nokon stad er sitat "hans moder Ingborg Rasmusdatter". Sjølvsagt umulig å vere sikker men etter det eg kan forstå var dette den Ingborg Rasmusdatter som var gift med forrige brukar Rasmus [sjursen] på Myklebust (4). Det kan virke som at ho også har vore gift med ein Ole/Oluff sidan Mathias legg dette fram på tinget.

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Tingbok I A 21 , 1721-1723, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/30929/4/

 

Det vert i tingboka vist til ei innføring i panteboka side 212. Her kjem same opplysningen fram forrøvrig.

 

Kildeinformasjon: Protokollnummer: II.B.a.2, Sted: Nordfjord sorenskriveri, Oppbevaringssted: SAB
Merknader: Register i protokollen
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=12494&uid=ny&idx_side=-108

Lenke til kommentar
Del på andre sider

22 oktober 1714 fra tinget på Midthjell:

Her er en Lars Olsen Ervig innstevnet for retten for i sitt ekteskap har begått leiermål og avlet barn med «det indstefnede Qvindfolk Christi Svendsdatter».  Sistenevnte møtte ikke for retten.
Om dette er den sammen som Lars Olsen Mørkeset er jeg blitt litt usikker på.

Mer om saken med dom her:
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/30927/69/

 

Det ulykkelige resultatet av denne hendelsen er nok dette (Aaland):

"Den eldste kyrkjeboki for Davik (1710-40) melder at i 1720 vart gravfesta Kristi Sveinsd. Kjøllesdal, 20 år gamal, som vart avretta med sverd for føding i duldi."

 

Hvis alder og tidpunkt for hendelse stemmer, må denne jenta ha vært mindreårig ..

 

Nå ser jeg imidlertid at hun for denne forseelsen får en adskillig mildere dom  - 

og kanskje ikke er den samme personen som ble avrettet i 1720.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/30927/93/

 

 

Endret av Tor Kvien
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er ikkje så god til å lese desse skifta. Kanskje nokon vil tilgodesjå meg med namn, så eg får legge inn i "Torheimlista" mi.

 

Litt " på sidelengs" trur eg at eg kan hjelpe til med; Noko er  frå Ålandsboka - men har kontrollert ein del.

Simon Ivarson d. ca. 1749 - brukar 1735 "Innanforbruket" på Torheim. Korporal

g.m Kirsti Hansdtr. d. ca. 80 år i 1790.

KRISTI oppattgift med Anders Jonson Indre Henden - d. 56 år 1776

 

I 1781 er det skifte etter deira ugifte datter Anne Andersdtr. (Desse oppl- er ifrå Yngve Nedrebø)

Halvbror; Hans Simensen Hundeide (død) - sønn  Jetmund Hansen

Halvsøster Christie Simensdtr g.m. Ole Pedersen Hundeide 

Halvsøster Anne Dorthe Simensdtr g.m Michel Bierchevog

 

Fullbror; Simen Anderson 18 år (busett på Innførbruket Torheim)

Fullsøster Marte Andersdtr, g.m. Abel Indre Davig

Fullsøster Ragnilde 21 år.

--------------

Barnebarnet til Simen Anderson, Elisabeth f. ca. 1826 vart gift med Ole Larson Isene f. 1825 frå Iseneset.

----------

Tankane om Marqvar og barna hans - trur eg må stemme nokså bra.

 

 


 

 

Endret av Sol Høydalsvik Ulvestad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Må hekte meg på, og seie takk eg og, Sol. :-)

 

For ordens skyld legger eg inn lenken til skiftet

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 17 , 1781-1785, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Register på Statsarkivet i Bergens lesesal.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24236/2/

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjapt to tankar som dukkar når eg ser litt meir på skiftet etter ho Anne.

 

Aaland, og ettermannen hans som forfattar for sogebøkene i Eid er vel ikkje heilt å stole på for å seie det mildt. So også her? Ser at Christi Simensdatter har vorte kalla Christi SAMUELsdatter Torheim. (sjå ytre Hundeide, br. 1 side 227, Eid og Hornindal) Skal ikkje vere enkelt for ein stakkar som skal finne ut av slekta :unsure:

 

Elste halvbroren Hans - er det heilt sikkert at han var busett på Hundeide? For meg ser det virkelig ut som at der står Hans Simensen HAREIDES ??

 

Korriger meg gjerne om det er eg som tullar her...

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det står Hans Simensen Hareide, ja..

 

I bygdeboka for Hareid er det nemnt ein Hans Simonson og kone Sigri som brukarpar i åra frå 1762: http://www.nb.no/nbsok/nb/09e6e2376af137178873a2b3f191364a?lang=no#189

Noko meir opplysningar kjem ikkje fram her, namnet på kona har bygdeboka sikkert frå ekstraskatten i 1762: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/49637/442/

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sjå der ja, kanskje vi ha løyst enno ei gåte på ein fin søndagsmorgon? Tusen takk, Inge for det.

 

Håper du, Aase ser denne utviklinga ...

 

Og, tusen hjertelig takk for å gje meg denne nye kjelda for Vanylven! Eg har vist om ekstraskatten 1762, men ikkje tidlegare vore "god nok" til å ha funne at der har vore eit manntal for Vanylven!

 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunnmøre fogderi, Ekstraskatt RA/EA-4070/Ol/L0019 (RA/EA-4070/Ol/L0019), 1762-1763, oppb: Riksarkivet.

Merknader: [Gg 10]: Ekstraskatten, 23.09.1762. Sunnmøre

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/49637/389/

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

22 oktober 1714 fra tinget på Midthjell:

Her er en Lars Olsen Ervig innstevnet for retten for i sitt ekteskap har begått leiermål og avlet barn med «det indstefnede Qvindfolk Christi Svendsdatter».  Sistenevnte møtte ikke for retten.

Om dette er den sammen som Lars Olsen Mørkeset er jeg blitt litt usikker på.

Mer om saken med dom her:

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/30927/69/

 

Det ulykkelige resultatet av denne hendelsen er nok dette (Aaland):

"Den eldste kyrkjeboki for Davik (1710-40) melder at i 1720 vart gravfesta Kristi Sveinsd. Kjøllesdal, 20 år gamal, som vart avretta med sverd for føding i duldi."

 

Hvis alder og tidpunkt for hendelse stemmer, må denne jenta ha vært mindreårig ..

 

Nå ser jeg imidlertid at hun for denne forseelsen får en adskillig mildere dom  - 

og kanskje ikke er den samme personen som ble avrettet i 1720.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/30927/93/

Huff, dødsstraff for å ha fødd eit barn! Får frysningar nedetter ryggen av å tenkje på at det ikkje er lenger sidan at også vi her i den sokalla opplyste delen av verda brukte desse komplett forstokka tankemåtane - forenkla sagt - "berre for å kontrollere kva døttrene våre gjorde eller ikkje gjorde"! Ja, ja! Ein får vel halde politikken ute herifrå!!!!!!!!

 

Eg har ikkje kome over noko meir om Lars Olsen Ervik i min gjennomgang. Har ved fleire høve sett at Christi Noesdatter (også kalla berre Christi Ervig) har vore innstemna for "ukvemsord" mot naboar, men ikkje noko anna dessverre. La no det vere sagt at eg kan sjølvsagt kan ha oversett noko.

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Som arbeidshypotese har jeg fra før plassert denne Maren Simensdatter til Lars Olsen Mørkeset bosatt  i Ervik, men det kan selvfølgelig være feil.  De har en sønn Ole Larsen f. ca 1721.

Ekteskapet mellom Lars Mørkeset og Maren Simensdatter 3. juli 1717 – høyre spalte:

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Davik, Ministerialbok nr. A 1 (1710-1742), Trolovede 1717, notat- og visitassider m.m. 1718, side 6.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8749&idx_id=8749&uid=ny&idx_side=-7

 

Når det er sagt, mangler jeg kone til Ole Zachariassen Isene, så jeg skal lese grundig gjennom innleggene i denne tråden.

Med tanke på at Lars Olsen Ervik var gift mann allereie i 1714 (leiarmålet med Christi Svendsdatter) så er det vel ganske trygt å anta at Lars Mørkeset og Lars Ervik ikkje er same mannen ??? Står vel ikkje noko om korkje ungkarl, enkemann eller pige i trulovinga (og ekteskapsinngåinga) frå 1717, men likevel ??

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er ei oppsummering av dei fleste skifta som har kome fram i denne tråden med arvingar i kvart skifte.

 

Skifte 1705 etter Simen Olsen Toreim http://arkivverket.no/URN:sk_read/24218/108/

enke: Anna Christensdatter (verge Abraham Hansen Toreim),

Barn: «med forrige qvinde tvende Sønner» Olle Simensen boende på garden Schram (Det kjem seinare i skiftet fram at han var busett på garden Midtgård, ikkje Skram!) og Anders Simensen Isene

«med denne qvinde» Maren Simensdatter 7 år med formynder «moderbroderen Anders Christensen Wiig i Aalfoed Sogn»

 

Skifte 1708 etter Zaccarias Marqvarsen Yttre Isen http://arkivverket.no/URN:sk_read/24219/14

Enke: Magnilde Olsdatter (verge Abraham [Hansen] Torem, borna: Ole Zaccariasen 22 år, Marqvar Zaccariasen 20 år, Kari Zaccariædatter 24 år, Synneve Zaccariædatter 16 år (skifte 1755, sjå under), Martha Zaccariædatter 12 og Borgilde Zaccariædatter 10 år.

 

Vergar: for Kari var Rasmus Christensen Wiig, for Synneve var Iver Torem, for «Marette» var Ole Olsen Yttre Isen og for «yngste datter» var Rasmus Rafsoel. (Svært usikker på korleis han passar inn i dette!)

 

Skifte 1705 etter Magnilde Zaccariasdatter «fødd på Torem» http://arkivverket.no/URN:sk_read/24218/188/

 

Busett hjå Simen Tollefsen Iisehaugen

 

Arvingar er syskjen eller deira etterkomarar: Salige Erik Zacarissens etterladte 3 born, Jacob Eriksen, Synneve Eriksdatter, gift med Rasmus Olsen Biørhofde og Else Eriksdatter gift med Waldemar Møchelbust, Salig Christen Zacariæssen etterlatne born: Zacarias, Erik, Peder og Christi, Elste syster Ragnilde Zacariasdatter, andre syster Salige Synneve Zacariasdatter Torims etterletne born: 3 sønner og ei datter ved namn Kari Marqvarsdatter som er død og etterlet seg ei datter. Tredje syster Salige Ane Zacariasdatter Myklebusts etterletne 4 born: Anne Myklebust gift med Christen Sigdestad, salige Christi Siurssens etterlatne 3 barn, salige Synneve Wiigs etterletne 2 barn og salige Marette Andersdatter yttre Isene etterletne 3 born (Ane Sakariasdatter Myklebust ser m.a.o. ut til å ha vore gift både med ein Sjur og ein Anders!), Fjerde syster Salige Marette Zacariasdatter, som bur i Sogn Fogderi og etterlet seg 3 born!

 

Skifte 1714 etter Christi Andersdatter Wiig (dessverre feil i lenka i fyrste innlegget mitt; her er den korrekte:)

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 5b , 1713-1715, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24222/23/

Enkemann Christen Christensen, born:

Anders Christensen Wiig, Ane Christensdatter gift med Iver Thorem, Brite Christensdatter gift med Anders Simensen Iisen, Kari Christensdatter gift med Ole Tollefsen Wiig, Christi Christensdatter gift med Abraham Thorem, Sussanne Christensdatter gift med Sæbiørn Kiøllesdahl og Lutzie Christensdatter gift med soldat Christen Høynes

 

Dødsfallet og etterfølgande skifte etter Ole Sakariasen ytre Isane innført i tingboka i 1743

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Tingbok I A 28 , 1741-1744, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n...read/30936/172/

nemner enka Mari Simensdatter og dei tre sønene Lars Olsen, Zaccarias Olsen og Simen Olsen

 

Skifte 1775 etter enka Mari Simendatter Yttre Ise http://arkivverket.no/URN:sk_read/24234/214/

 

Arvingar var: salige Lars Olsen Ises 4 barn: Jacob Larsen 23 år, Anne Larsdatter 25 år, Lisbet Larsdatter 17 år og Dorthe Larsdatter 15 år, avdøde Zacarias Olsen Ervigens etterletne to born, Ole Sakariasen 18 år og Marie Sakriasdatter 22 år, tredje bror Simen Olsen, myndig, elste datter Anne Olsdatter etterletne fire born: Lars Olsen 12 år, Paul Olsen 10 år, Synnøve Olsdatter 18 år og Marie Olsdatter 8,5 år, yngste datter Magnilde Olsdatter 45 år. (ifølge skiftet etter broren Simen Olsen Isene i 1796 var Anne Olsdatter gift på Stårheim sjå http://arkivverket.no/URN:sk_read/24240/106/)

 

Skifte 1746 etter ektefolket Anders Simensen og Brite Christensdatter. Dei budde tidlegare på Midt Isane, men no ifølge skiftet hjå dattera Christi Wiig. http://arkivverket.no/URN:sk_read/24226/451/

 

Arvingane er: Jens Andersen Indre Iise, Kari Andersdatter gift med Ole Monsen Thorem, Christi Andersdatter gift med Ole Iversen Wiig og Gunilde Andersdatter gift med Daniel Oremsbakken

 

Skifte 1755 etter Synneve Sakariasdatter Stårheim (syster til Ole Sakariasen) http://arkivverket.no/URN:sk_read/24229/218/

 

Arvingar var enkemannen Jon Tollefsen Stårheim. Ingen born

Syskjen eller born av syskjen av Synnøve: Salige Ole Sakariasen Iise igjenlevande fem born (3 sønner og 2 døttre), Salige Marqvar Sakariasen Iises etterlevande fire born (1 son og 3 døttre), Kari Sakariasdatter gift med Johannes Hougs og Borgilde Sakariasdatter gift med Simen Sandvigen

 

Skifte 1749 etter Simen Iversen Thorem (halvbror til Mari Simensdatter Torheim!) http://arkivverket.no/URN:sk_read/24227/262/

 

arvingar var enka Christi Hansdatter (verge Rasmus Jensen Mykelbust i Ålfoten), borna Hans Simensen 10 år (verge Jens Andersen Iise, son av Anders S. Isene), Jens Simensen 2 år (verge Ole Monsen yttre Torem), Christi Simensdatter 13 år og Anne Simensdatter 7 år. (verge for Christi og Anne var deres «svoger» Rasmus Jensen Myklebust)

 

I tillegg får ein vite at Simen Iversen har vore verge for Magnhild Olsdatter. Ny verge for henne er broren Lars Olsen Iise.

 

 

Skifte 1796 etter Simen Olsen Yttre Iise: ugift, og syskjen eller born av syskjen arvar:

1. Lars Olsen Isene, død og etterlet seg borna Jacob Larsen Isene myndig, gift og bur på garden Isene, Anne Larsdatter 40 år, ugift, Lisbeth Larsdatter 36 år, ugift og Dorthe Larsdatter gift med Simen Hansen (*) Gesdahl. 2. Zacarias Olsen Ervigens eine barn datteren Marie Sakariasdatter 40 år, ugift. 3. Anne Olsdatter Stårheim, død, etterlet seg borna Lars Olsen, myndig, Paal Olsen, myndig Synneve Olsdatter 40 år, ugift og Marie Olsdatter 36 år, ugift (Har skrivaren tulla her? Same alder som Lars sine born og også ugifte begge to??? Merkelig!) 4. Magnild Olsdatter gift med Rasmus Arnesen(**) Giisdahl

 

(*) redigert: Stod tidlegare Monsen

(**) redigert: stod tidlegare Andersen

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.