Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Samuel Larsson - fødd i Noreg kring 1834 - til Wisconsin før 1858 - kven kan han ha vore? - to vigsler? - ei skikkeleg utfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei ny utfordring som er komi frå Amerika og som eg i årevis har freista finna løysing på:

 

FT1860 for Sparta township, Monroe Co., WI syner denne huslyden:

 

LEWIS, Samuel  26  Nor  farmer

LEWIS, Isabel  22  Nor  wife

LEWIS, Augusta  4 mo  WI  daughter

 

Kyrkjeboki for Coon Prairie, Vernon Co., WI (http://interactive.ancestry.com/60722/41742_314960-00072?pid=1156726&backurl=http://search.ancestry.com//cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DcMY610%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3DELCAbmd%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DFrances%2520Augusta%26gsfn_x%3D0%26msbdy%3D1859%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D2%26msbpn__ftp%3DWisconsin,%2520USA%26msbpn%3D52%26msbpn_PInfo%3D5-%257C0%257C1652393%257C0%257C2%257C3247%257C52%257C0%257C0%257C0%257C0%257C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msfng%3DSamuel%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3DBMD_BIRTH%26fh%3D0%26h%3D1156726%26recoff%3D%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=cMY610&_phstart=successSource&usePUBJs=true) syner:

 

* Frances Augusta, fødd 25.1.1860, døypt 13.1.1861, dotter av Samuel Larsson og Ingeborg Andersdotter - fadrane var: Einer Olsen, Johannes Carlsen, Sigrid Kristine Andersdotter, Karen Mathea Andersdotter.

 

Ingeborg Andersdotter var fødd på garden Lingjerde i Luster 21.11.1837 og utvandra til Amerika med foreldri sine i 1851.  Einer Olson var søskenbarnet hennar, medan dei andre fadrane er heilt ukjende.

 

Dødsfallsprotokollen for Coon Prairie syner at dette parfolket òg hadde ein son:

 

John, fødd 19.12.1858, som døydde 31.12.1858.

 

Eg er ikkje sikker, men eg TRUR dette kan vera vigsli til foreldri:

 

Viroqua, Vernon Co., WI 25.9.1858: vigde Samuel DAVIS og Isabella ANDREWS

 

Kva som so skjedde med dette parfolket er høgst uvisst!  Augusta er i 1870 busett hjå besteforeldri sine, Anders Einerson Lingjerde og kona Britha Eriksdotter i Christiana township, Vernon Co., WI og skreiv seg sidan for Lingjerde!

 

Kyrkjeboki for Bad Axe Lutheran church i Vernon Co., WI syner so:

 

* Erik Martinus, fødd 3.3.1869, vart døypt 24.10.1869 som son av Johannes Olson og Ingeborg Andersdotter.

 

Dette var det første av minst tre born Ingeborg fekk i dette ekteskapet med Johannes Olson Urnes, fødd i Hafslo 30.6.1831 og utvandra til Amerika i 1867.  Eg kan ikkje finna vigsli deira mellom 1867 og 1869!  Johannes og Ingeborg budde i 1870 i Franklin township, Vernon Co., WI:

 

OLESON, John  40  Nor  farmer

OLESON, Isabel  33  Nor  wife

OLESON, Erick  1  WI  son

 

Eg har to hovudspørsmål som eg vonar nokon kan greia å løysa:

 

** Kven var Samuel Larsson, første mann hennar Ingeborg?

 

** Er det mogeleg å finna ei vigsle mellom 1867 og 1869 for Johannes Olson og Ingeborg Andersdotter?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Vigsli i Amerika til Johannes Olson og Ingeborg Andersdotter synest vera komplett umogeleg å finna; trueg er namni «korrupte» eller feil bokstaverte so dei ikkje kan kjennast att...

 

Derimot er eg meir og meir overtydd om at det er Samuel LEWIS som stod brudgom i Vernon Co., WI i september 1858.  Eg har no fått i hende ei «original» avskrift, men denne vart skrivi av ein Yankee hausten 1858, og då veit me ikkje kva skrivemåter han har «laga til»!

 

Uansett, so må Samuel LARSSON ha utvandra til Amerika seinast 1857.  Namnet kan me vera so nokolunde trygge på, men alderen er kanskje litt meir usikker (kan henda 1832 - kan henda 1836?

 

Det kan ikkje vera so altfor mange «kandidatar» til denne norskamerikanaren, og det hadde vore kjempemoro om nokon greidde å «trylla fram» ein kandidat - eller to?  Kanskje kan utvandringslister eller passasjerlister hjelpa oss på veg?

 

Eg takkar på ny so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ole Jon for nytt innlegg!

 

Denne Samuel Larsson kunne godt ha vore eit alternativ om ikkje det var for at eg har identifisert denne karen før...; denne teksten er prenta under Gnr. 163 Reseland i Hafslo (band VII frå 2007):

 

~~~~~~~~~~~~

 

Samuel Larsson (Reseland), f. i Hafslo 1.7.1827,

 

Samuel Larson utvandra til Amerika i 1851 og gifte seg første gongen i Waushara Co., Wis. 25.2.1857 med Dortha Johannesdotter frå Dale i Bruvik, Haus, i Amerika kjend som Dorothea Johnson.  Ho var dotter av gardbrukar Johannes Olson på Dale og kona Britha Nilsdotter frå Helle og f. i Haus 20.12.1836, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1850.  Men Dorothea d. i Columbia Co., Wis. 16.9.1866, og Samuel gifte seg 17.6.1867 att i Dane Co., Wis. med Anna Eriksdotter frå Stølen under Heggestad i Hafslo, i Amerika kjend som Anna E. Hanson.  Ho var f. i Hafslo 1.11.1847, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1862.  Samuel Larson farma i Lodi township, Columbia Co., Wis., men d. i Columbia Co., Wis. 23.12.1871.  Anna vart sidan attgift med husmannssonen Knut Knutson frå Kvamshaugen under Kvam nedre i Hafslo (1847-1906) og flytte med han til ein farm i Niagara township, Grand Forks Co., N.D., men d. i Larimore, N.D. 6.9.1944.  Samuel Larson fekk i alt sju born, fire frå første ekteskapet og tre frå det andre:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Om ein går inn på FamilySearch, finn ein ingen verkeleg gode kandidatar der heller.  Dei næraste synest vera dessel:

 

* Samuel Larsson, fødd i Innvik 22.10.1836, døypt dagen etter av foreldri: Lars Arneson og Anna Samuelsdotter - gardbrukarar på Øvre-Eide i Innvik: https://media.digitalarkivet.no/view/11510/32

 

* Samuel Anthon Larsson, fødd i Ramnes 28.8.1836, døypt 11.9.1836 av foreldri: Lars Hellikson og Christine Mathia Simonsdotter - gardbrukarar på Nordre Valle i Ramnes:   https://media.digitalarkivet.no/view/8180/171

 

* Samuel Christian Larsson, fødd i Nykyrkja, Bergen 29.5.1832, døypt 24.6.1832 av foreldri: Lars Johan Tifte og Marthine Eriksdotter - bakerarbeidar i Bergen: https://media.digitalarkivet.no/view/8726/74

 

Om ein samanliknar med FT1865, finn ein i alle fall ingen av desse i Noreg i 1865!  Men finst dei i passasjerlistene?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og held fingri krossa...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Vet du om John og Isabella Olson hadde en sønn Samuel?

 

???

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRRK-FDR

 

Name: Samuel Johnson
Spouse's Name: Trina Hanson
Event Date: 31 Mar 1886
Event Place: Portage, Wisconsin, United States
Father's Name: John Oleson
Mother's Name: Isabel Olessen
Spouse's Father's Name: Hans Hanson
Spouse's Mother's Name: Olson
 
 
 
 
 
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt interessant innlegg!

 

Eg skulle so gjerne ha sagt JA - dette såg so passande ut, men diverre, John og Isabelle fekk berre tre born som voks opp, Erik Martinus Olson (1869-    ), Anders Engelbert Urness (1870-1936) og Mari Bertina Urness (1874-1896).  Og Johannes utvandra ikkje før i 1867, so han kan ikkje ha hatt born i Amerika før den tid...

 

Men eg takkar på ny for alle gode freistnader og tips.  Det hender jo rett som det er at ein får «snøret i bånn»!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Vet du når John og Ingeborg døde?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for å blåsa nytt liv i denne debatten!

 

Johannes «John» Olson, fødd i Hafslo 30.6.1831, utvandra i 1867 og døydde i Franklin township,  Vernon Co., WI 13.10.1898.

 

Kona Ingeborg (Andersdotter Lindgjerde) Olson, fødd i Luster 21.11.1837, utvandra til Amerika med foreldri sine i 1851 og døydde i Christiana township nær Westby, Vernon Co., WI 14.11.1916.

 

Eg har ikkje lukkast i å finna obituaries for nokon av dei..

 

Greier du, Egil, eller andre å løysa denne floken kring Samuel Larsson «Lewis», ville eg verta svært so takksam!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Denne er tøff  :wacko: 

 

Samuel Davis og Isabella Andrews ekteskap i 1858 er interessant - har du sjekket vielsesattesten? Eventuelt kan du forsøke aviser fra området på denne tiden - her er et utvalg - microfilm fra The State Historical Society of Wisconsin eller Vernon County Historical Museum - de har en ressurs: "Research Room" - flere interessante kilder, bl.a. avisene som nevnt. Lite digitalt, så må kontaktes.

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil og Aase for nye interessante innlegg!

 

Då kan me endeleg sjå bort frå Samuel Larsson frå Øvre-Eide som eit alternativ...  Men kan det vera ein av dei to andre frå innlegg #4 ovanfor?  Nordmann var han, og han heitte Samuel Larsson, so ein eller annan stad må han jo vera komen ifrå...

 

Når det gjḛld vigsli i Viroqua, WI frå 1858, har den vore undersøkt «i det vie og det breie».  Eg har sett originaldokumentet, men det seg berre ikkje gjera finna fleire detaljar!  Namnet er heilt klart feilskrive, men det MÅ vera dei...  Vernon County Historical Museum kan ikkje seia noko meir.  Avisene frå den tidi er ytterst sporadiske, og dei har lite eller inkje å fortelja om norske immigrantar...  Snakk om «diskriminering»...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!  Eg vonar at ei løysing kan finnast der ute ein eller annan stad...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Da kan du også se bort ifra Samuel Anthon Larsson, født i Ramnes 1836. Han døde 29. mars 1837 - # 13. https://media.digitalarkivet.no/kb20070424640139

Vestfold fylke, Ramnes, Fon, Vivestad i Ramnes, Ministerialbok nr. I 4 (1813-1840), Døde og begravede 1837, Side 270-271

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for nye avklarande innlegg om Samuel Larsson!

 

Då er me altso «back to square #1», og opphavet til Samuel Larsson er heilt «i det blå»!

 

No veit me at det er mange prestegjeld FamilySearch IKKJE har transkribert, medan andre prestegjeld manglar, men å byrja leita på «måfå» er ikkje so lett...  Me veit at dette området i Wisconsin hadde mange settlarar frå Hurdal og Eidsvoll, og frå Eidsvoll manglar me jo kyrkjebøker...

 

Det beste hadde nok vore å undersøkja passasjerlister, men eg kjenner ikkje til nokon kjelder for fullstendige lister frå 1850-talet...

 

Eg takkar nok ein gong for kjempefin hjelp med denne huslyden og lever i voni...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» sidan juli.

 

Eg har ikkje noko nytt å by på når det gjeld det norske opphavet til Samuel Larsson, men kan henda er det nokon som har eit godt tips på lager?  Finst han ikkje i passasjerlister ein eller annan stad?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og tankar kring denne karen.  Ein eller annan stad må han jo vera ifrå...!?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Finner kun en Samuel Larsson som emigrerer på 1850-tallet. Han er med Brigg 'Bjørgvin' fra Bergen 15. mai 1851 med ankomst New York 5. juli (se nr. 49 på passasjerlisten). Han er imidlertid 24 år gammel.

 

http://www.norwayheritage.com/p_list.asp?jo=247

 

Jeg ser nå at denne allerede er sjekket ut !

 

 

Endret av Kurt Østbye

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kurt for eit nytt innlegg!

 

Hjartet mitt klappte høgt då eg såg at du hadde skrive eit nytt innlegg, men som du sjølv har slege fast; Samuel Larsson frå 1851 (1827-1871) utvandra frå Hafslo og er godt kjend frå før...

 

Det er ei kjempeutfordring å finna ut kven Samuel Larsson i Vernon/Monroe Cos., WI kan ha vore.  Ein eller annan stad må han jo gøyma seg, med mindre namnet er heilt feilskrive eller feiltolka...

 

Eg takkar på ny for alle gode freistnader!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Det finnes en Sjur Larsen som reiser med sin familie i 1837

 

http://www.norwayheritage.com/p_list.asp?jo=1759&ps=177

 

Han er født 30-11-1833 i Nedstrand/Rogaland

 

SAST, Nedstrand sokneprestkontor, IV: Ministerialbok nr. A 6, 1816-1838, s. 77
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070621660530

 

Så finner jeg de i avgangslistene i 1841, hvor det står at de reiste til Amerika i 1837, men så står det også noe om Stavanger som jeg ikke greier å tyde

 

SAST, Nedstrand sokneprestkontor, IV: Ministerialbok nr. A 6, 1816-1838, s. 291
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070621660626


 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Det er en person på Ancestry.com som har denne Sjur i sitt 'Family tree', og Lars, har du tilgang kan vedkommende kontaktes der.

 

This private tree contains information about:

 

Sivert or Sjur Larson Atletveit or Hetletvedt

Born: 1834 in Stjernero, Rogaland, Norway

 

You will also find attached to this person:

1 sources

35461 people in this member tree

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten og Kurt for svært so spennande innlegg.  Eg hadde vel ikkje i utgangspunktet tenkt på at Sjur kunne verta «amerikanisert» til Samuel, men det er heilt klart ein «opsjon», særleg når alle som heiter Samuel Larsson, synest vera sjekka ut av saki...

 

Denne «kandidaten» bør absolutt sjekkast ut!  Teksten som står i utflyttekolonnen under 1841, les eg forresten slik:

 

«til America i 1837, men kom ikke lenger end til Stavanger».

 

Men dei kan sjølvsagt ha utvandra til Amerika frå Stavanger etter 1841!  Eller reiste dei erkeleg i 1837 for so å vera attendekomne til Stavanger?

 

Eg finn forresten ikkje Sjur Larsson i Stavanger 1865, og heller ikkje broren Ole!

 

Ættetavla på ancestry.com er forresten eit «ikkje publisert» tre, so ein lyt skriva til eigaren med von om at han svarar...  Dette vil eg gjera!

 

Men eg vil òg starta eit nytt emne i Brukarforum med fokus på denne huslyden frå Nedstrand.  Det kan jo tenkjast at ei bygdebok kan hjelpa oss vidare...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Da kan det virke som vi er like langt igjen Lars, for det er vel Sjur/Sivert som gifter seg i DK Stavanger i 1861.

 

SAST, Domkirken sokneprestkontor, 30/30BA/L0019: Ministerialbok nr. A 18, 1857-1877, s. 48
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20050923030485
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for eit nytt og avklarande innlegg!  «So lenge var Adam i Paradis...!»

 

Eg er sikker på at det er Sjur «Sivert» Larsen frå Nedstrand du har finne i Stavanger, og her er han òg i FT1865, rett nok med fødestad Stavanger, men alt det andre stemmer: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038196016991

 

Desse oppluysningane står rett nok i kontrast til det som er skrive om huslyden i bygdeboki for Nedstrand (sjå under tema: https://forum.arkivverket.no/topic/205188-l%C3%B8yst-lars-olson-og-britha-sjursdotter-p%C3%A5-hetletvedt-i-nedstrand-til-amerika-ogeller-stavanger-18371841-kvar-vart-dei-av-bygdebokoppslag/),men eg trur meir på kyrkjeboki frå Stavanger enn på utsegni i bygdeboki!

 

ELLER, kan det ha vore to personar med same namn og fødestad og med far Lars Olson??  Eg tviler sterkt på det!!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om Samuel Larsson og opphavet hans.  Kanskje me bør utvida søket til alle mannsnamn som børjar på S?  Syver, Sæmund, Solle, Sølfest etc. etc.?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Åsbjørg Susort

Hjarteleg takk til Carsten for eit nytt og avklarande innlegg!  «So lenge var Adam i Paradis...!»

 

Eg er sikker på at det er Sjur «Sivert» Larsen frå Nedstrand du har finne i Stavanger, og her er han òg i FT1865, rett nok med fødestad Stavanger, men alt det andre stemmer: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038196016991

 

Desse oppluysningane står rett nok i kontrast til det som er skrive om huslyden i bygdeboki for Nedstrand (sjå under tema: https://forum.arkivverket.no/topic/205188-l%C3%B8yst-lars-olson-og-britha-sjursdotter-p%C3%A5-hetletvedt-i-nedstrand-til-amerika-ogeller-stavanger-18371841-kvar-vart-dei-av-bygdebokoppslag/),men eg trur meir på kyrkjeboki frå Stavanger enn på utsegni i bygdeboki!

 

ELLER, kan det ha vore to personar med same namn og fødestad og med far Lars Olson??  Eg tviler sterkt på det!!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om Samuel Larsson og opphavet hans.  Kanskje me bør utvida søket til alle mannsnamn som børjar på S?  Syver, Sæmund, Solle, Sølfest etc. etc.?

For å presisere:

Den Sjur som reiser med foreldra i 1850 skal visstnok være fødd i 1839, men eg finn ingen dåp. Finn heller ikkje dåp for Lavinia som skal være fødd 1837, men ho gifter seg med Lars Fruland i Illinois og dei budde i Mission, LaSalle som foreldra. Finn ikkje Sjur eller Osmund,

Sjur Larsen fødd 30.11 1833 gifter seg i Stavanger 1860, også ifølge bygdeboka,. så det kan uansett ikkje være han som kalla seg Samuel Larson.

Lars Olson Hetletvedt var bror til Ole Olsen Hetletvedt som reiste over med Restauration og er derfor nemd i diverse bøker om tidlige emigrantar....

Lars reiste med familien til Hamburg i 1837, men hadde ikkje nok pengar til biletten til New York då.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Lars !

 

Nr 901 av dei som fekk Pass mellom 1842-60, for å reisa til Amerika.

Sivert Andreas Larsen, 23 år, fødd / busett: Bergen. Pass utskr 3.5.1858.

Kjelde frå Gamle DA.

 

Er 1858 for seint ute ?

----------------

 

(Nr 899 er frå Lyster og nr 902 frå Hafslo)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for eit nytt interessant innlegg!

 

Om denne Sivert Andreas Larsen var «for seint ute» då han fekk passet sitt 3.5.1858?  Eg fryktar det vert i «seinaste laget».  Me veit at «vår» Samuel Larson gifte seg i Vernon Co., WI 25.9.1858, og alt 19.12.1858 er det registrert ein fødsel for sonen John!

 

No kan me rett nok mistenka kona Ingeborg for å ha «lurt» han Samuel til å opptre som far til barnet, men eg ser på den løysingi som heller tvilsam...

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne store utfordringi og vonar framleis på at me ein eller annan gong kan råka fram i ein skikkeleg god «kandidat»!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.