Gå til innhold
Arkivverket

Samuel Larsson - fødd i Noreg kring 1834 - til Wisconsin før 1858 - kven kan han ha vore? - to vigsler? - ei skikkeleg utfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne utfordringi, som framleis ligg uløyst, men der eg har nokre nye opplysningar å syna fram.

 

For det første, her er endeleg ein obituary for Ingeborg Urness:

 

«Vernon Count Censor Nov 25, 1916:

    Ingeborg (Lenjer) Urness

         At the home of her son, Chairman Andrew Urness, in the town of Christiana, Nov. 14, 1916, the spirit of a cherished Christian pioneer woman took its flight to the higher throne.  Mrs. Ingeborg Lenjer Urness was a native of Norway born 83 years ago, coming to America with her parents in 1851 and to Vernon County a year later the family locating on Coon Prairie.  She was first married to Samuel Lewis who with 2 children born to them passed to the other world.  She afterwards married John Urness who died 18 years ago.  They had four children.  Martin and Andrew now living.  With the latter she had a good home and every possible comfort and care for twelve years.  She had been helpless for ten weeks having suffered three strokes of paralysis.  Funeral was conducted in Westby Synod church by Rev. Eijkarud last Thursday and the remains were laid to rest in Belgium Ridge Cemetery beside the late husband where so many of the friends of her life now rest.»

 

Dessutan får eg opplyst (kjelde ukjend) at Samuel Lewis er nemnd som soldat i «the Twentieth Regiment Infantry, Company F» i Borgarkrigen, men eg finn ikkje namnet hans i onlinelista frå Vesterheim over Borgarkrigssoldatar: http://vesterheim.org/collections/civil-war-database/l/lew/

 

Kanskje reiste Samuel ut i krigen i 1861 og lét livet sitt der?  Det at han og Ingeborg ikkje fekk fleire born etter 1860, kan tyda på det...!?  Men finst det nokon stad ein borgarkrigsbiografi for Samuel?

 

Elles har eg fått ein omtale av farmen som Samuel og Ingeborg hadde i Sparta township, Monroe Co., WI etter skøyte dagsett 17.3.1859: SW¼ of Sect. 34; Town 18 Range 4 West and SW¼ of SW¼ of Sect. 27; Town 18 of Range 4 West, men diverre finn me ingen opplysningar i dei lokale pantebøkene om lagnaden til Samuel!

 

Eg vonar at desse opplysningane kan bidra til ei oppsporing av Samuel Lewis, i det minste lagnaden hans, og takkar endå ein gong på det hjartelegaste for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har tenkt litt meir på denne Samuel Larsson «Lewis» og det norske opphavet hans...

 

Me har i nabokommunen Vernon County minst eitt døme på at ein Samuel var «omdøypt» frå SØREN, og eg lurer på:  Kan denne Samuel Lewis ha heitt Søren Larsson i Noreg?  Då har me nemlig fleire alternativ, men før me børjar å lista dei opp, kanskje kan me finna ein eller fleire Søren Larsson i passasjerlister frå perioden 1850-1857, som er fødde kring 1833/1834?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å freista løysa denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er ei fil som syner at Samuel Lewis «of Sparta» enlisted i borgarkrigen 28.6.1862, men i merknadsfeltet står det berre at han vart «discharged» utan nærare kommentarar!

 

Let det seg gjera 155 år etter å finna ut kva lagnad han fekk?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Roster of Wisconsin volunteers, war of the rebe....html

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.