Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Amund Martin Urnes(s) (1883-1973) - Wisconsin - Montana - Missouri - ei skikkeleg amerikansk utfordring

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei sak som eg har kava med i mange år, men utan nokon gong å finna ei løysing på.  Kanskje kan friske auge gjera oppdagingar som eg har oversett?

 

Amund Martin Urnes(s), til dagleg kalla berre Martin URNES, var fødd i Buffalo Co., WI 20.2.1883 som son av emigrantekteparet Ole Jørgenson frå Urnes in Hafslo (1846-1888) og Guro Sjursdotter frå Asperheim i Årdal (1852-1907).  Alle borni deira busette seg i Wisconsin eller Minnesota, men Martin ville det annleis:

 

Etter det me veit tok Martin Urnes(s) «homestead» i Section 13 i T34 R4 i det som i dag er Liberty Co., MT.  Dette County oppstod i 1920 med ein del av Hill Co., MT og ein del av Chouteau Co., MT.  Denne «homestead»en vart seld i 1948 av ekteparet Martin og Bertha URNES, då busette i Kansas City, MO.

 

Me veit at Martin Urnes i 1912 var busett i Chester, MT, men har truleg berre butt på landet sitt so lenge at han kunne halda det «i hevd» før han flytte til Kansas City, MO!  FT1920 for Kansas City, MO har ein Martin Urness, som rett nok berre er 21 år(!), men det er nok «vår» mann.  Han førekjem i fleire city directories for Kansas City, MO på 1920- og 1930-talet, stort sett med skrivemåten URNES, og har stilling der som «power utility company employee», men eg har ikkje greidd å finna mannen korkje i FT 1930 eller FT 1940, og ikkje finn eg noki vigsli, korkje med Bertha eller nokon annan!

 

Ifølgje slekt i Wisconsin skal Martin og Bertha ha vorte skilde etter eit kort ekteskap.  Dei fekk ikkje born i lag.

 

Martin Urnes døydde i Kansas City, MO 21.12.1973.

 

Slik er altso stoda.  Eg hadde vorte svært so glad om det hadde lete seg gjera finna ut:

 

** Dato og stad for vigsli til Martin Urnes med denne Bertha?

 

** Kven var Bertha? - fullt namn samt dato og stad for fødsel og død?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Martins konfirmasjon:

 

Name: Amund Martin Urness

Event Type: Confirmation

Birth Date: 20 Feb 1883

Baptism Date: 8 Apr 1883

Confirmation Date: 17 Jul 1898

Father: Ole Urness

Mother: Guro Urness

Church Name: Lyster Lutheran Church

Church Location: Nelson, Wisconsin

 

Ser ut som om han er 'single' både i 1905 og i 1910.

Endret av Kurt Østbye

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Kurt for nye interessante innlegg!

 

So ser me altso at Martin i 1918 var «fireman» og arbeidde for ei koppargruveverksemd med bustad i Great Falls, Cascade Co., MT  Han er ogso i Great Falls, MT city directory for 1919!

 

Elles finn me i city directories for Kansas City, MO ei lang rad «entries»:

 

1920: URNES. Martin - res. 62014 E 26th

 

1924, URNESS. Martin - res. 10 Campbell

 

1928: URNES, Martin - res. 723 W 38th

 

1929: URNES, Martin - res. 3404 Balto Ave

1929: URNES, Martin - res. 719 W 38th

 

1930: URNES, Martin - res. 719 W 38th

 

1931: URNES, Martin - res. 719 W 38th

 

1932: URNES, Martin - res. 719 W 38th

 

1935: URNES, Martin - res. 719 W 38th

 

1939: URNES, Martin - res. 719 W 38th

 

1941: URNES, Martin - res. 719 W 38th

 

Frå 1928 er han tilsett hjå Kansas City Power and Light.

 

Det var pussig med den doble innførsli i 1929, men kanskje flytte han fleire gongar innan kort tid?  Uansett er det eit godt spørsmål: Kvar var han i FT1930 og FT1940?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Tror det er ham som krysser grensa til Canada i 1911. Han kommer fra Montana sammen med to andre og skal til Lethbridge i Canada. Skal prøve legge inn kopi av originaldokumentet.

 

Name: Martin Urnest

Age: 28

Estimated birth year: abt 1883

Arrival Port: Coutts, Alberta

Date of Arrival: 1 Aug 1911

Birth Location: United States

Gender: Male

Citizenship: American

 

https://en.wikipedia.org/wiki/Lethbridge

post-38-0-82051100-1463498955_thumb.jpg

Endret av Kurt Østbye

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kurt for eit nytt og spennande innlegg!

 

Jau, det kan sjå ut som om Martin Urnes(s) var ofte «på farten» i sine yngre år.  Nettopp i den aldersgruppa var det mange som drog frå Buffalo Co., WI og vestover til Montana og dels til Canada.  Ein del av dei drog vidare til vestkysten, men Martin gjorde vel noko sm helst må sjåast på som «utypisk» - slå seg ned i Kansas City, MO.  Eg har ikkje noki forklaring på òrsaki...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden hans!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg motteke ei gladmelding frå Amerika!  Eg la ut ei etterlysing ogso der etter Martin Urnes i 1930 og 1940, og her er ein del av svaret eg nettopp fekk:

 

~~~~~

 

Lars,
There were people who were skipped in all census years.  I can't find my
grandfather in either 1930 or 1940.

This web site can find correct ED for a street in a census.
http://stevemorse.org/census/index.html

I plugged in 719 W 38th in the current map to find a cross street, picked
Jefferson, and got the ED district 116-105, which has 48 pages.  He is on
image 45.  Most of the names are surname, given name.  His is reversed, so
he is probably indexed with surname Martin and who knows how they read the
given name.

This is the address where I found it.  If it isn't image 45, you can jump
to that image.

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89MB-YNK7?mode=g&i=44&wc=QZXT-L67%3A790105201%2C790102702%2C795217101%2C795270901%3Fcc%3D2000219&cc=2000219

 

~~~~~

 

Når ein ser nærare på teljingi frå 1940, ser me at Martin var skild alt då, og då vert det jo endå meir spennande å finna han i 1930.  Eg har freista litt med den skisserte framgangsmåten, men har ikkje fått det til so langt...  Dette ser ut til å vera vanskelegare enn å nytta den nye kyrkjebokløysingi på Digitalarkivet...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg òg fått ein rapport frå FT1930 med gateadressa der Martin Urnes skal ha butt, men han er ikkje til stades...

 

~~~~~

 

Lars,
Here is 719 W 38th St. in 1930 (image 43, ED 48-89 Sheet 22A) but Martin is not there.  It seems odd since he was listed at that address in the City Directories.

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHT-6V?mode=g&i=42&wc=QZFQ-4MC%3A649530101%2C649101701%2C650148701%2C1589282351%3Fcc%3D1810731&cc=1810731

 

~~~~~

 

so då veit eg ikkje kvar han kan ha gjort av seg...  Det skal tydeleg ikkje vera so enkelt dette...

 

Eg takkar nok ein gong for alle gode innspel i denne saki og held fingri krossa...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×