Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Tre søsken frå Luster skalperte av indianarar i 1860-åri - er det mogeleg å finna fleire opplysningar om dette?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Då eg i åri kring 1980 samla opplysningar til band I av Gards- og Ættesoga for Luster, vart eg fortald ei gamal segn om husmannen Hans Thomasson Berge i Fortun sokn i Luster:

 

Hans vart døypt i Luster 15.9.1814 og fekk i ekteskap med Christi Endresdotter seks born, mellom anna desse tre, som utvandra til Amerika:

 

* Christopher Hansson Berge, fødd i Luster 12.8.1837, utvandra til Amerika i 1857

 

* Thomas Hansson Berge, fødd i Luster 29.1.1842, utvandra til Amerika i 1861

 

* Ingrid Hansdotter Berge, fødd i Luster 28.10.1844, utvandra òg til Amerika i 1861

 

Segni går ut på at faren på eitt eller anna tidspunkt fekk ein bodskap frå Amerikia om at alle tre borni der borte hadde vorte «skalperte» av indianarar, og etter den tid vart Hans aldri den same.  Han vart tunglynt og døydde på eit sinnsjukeasyl i Bergen 18.7.1885.

 

Faktum er òg at då det i 1886 vart halde skifte etter Hans, levde det ikkje att nokon etter dei tre borni i Amerika.

 

Er det mogeleg å få ei stadfesting av lagnadane til dei tre søskeni i Amerika?  Eg veit at det i 1860-åri var indianaropptøyer i og kring New Ulm, MN der fleire norske miste livet, mellom anna to brør frå Urnes i Hafslo, men kva med desse søskeni frå Berge i Luster?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips i denne saki!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Bjørn K Nilssen

I 1980 besøkte jeg et fantastisk museum i New York, National Museum of the American Indian: http://www.nmai.si.edu/

 

Om de ikke har hele oversikten selv, så har de ganske sikkert noen tråder man kan følge videre?

Ett sted må man jo begynne...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Trond Pedersen

Då eg i åri kring 1980 samla opplysningar til band I av Gards- og Ættesoga for Luster, vart eg fortald ei gamal segn om husmannen Hans Thomasson Berge i Fortun sokn i Luster:

 

Hans vart døypt i Luster 15.9.1814 og fekk i ekteskap med Christi Endresdotter seks born, mellom anna desse tre, som utvandra til Amerika:

 

* Christopher Hansson Berge, fødd i Luster 12.8.1837, utvandra til Amerika i 1857

 

* Thomas Hansson Berge, fødd i Luster 29.1.1842, utvandra til Amerika i 1861

 

* Ingrid Hansdotter Berge, fødd i Luster 28.10.1844, utvandra òg til Amerika i 1861

 

Segni går ut på at faren på eitt eller anna tidspunkt fekk ein bodskap frå Amerikia om at alle tre borni der borte hadde vorte «skalperte» av indianarar, og etter den tid vart Hans aldri den same.  Han vart tunglynt og døydde på eit sinnsjukeasyl i Bergen 18.7.1885.

 

Faktum er òg at då det i 1886 vart halde skifte etter Hans, levde det ikkje att nokon etter dei tre borni i Amerika.

 

Er det mogeleg å få ei stadfesting av lagnadane til dei tre søskeni i Amerika?  Eg veit at det i 1860-åri var indianaropptøyer i og kring New Ulm, MN der fleire norske miste livet, mellom anna to brør frå Urnes i Hafslo, men kva med desse søskeni frå Berge i Luster?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips i denne saki!

 

I Karl Jacob Skarsteins bok fra 2005 "Krigen mot Siouxene, Normenn mot indianere 1862-1863" henviser han til en bok " Astri, My Astri: Norwegian Heritage Stories" av Deb Nelson Gourley utgitt 2004, Waukon, Iowa hvor det tydligvis står en oversikt over ofrene under indianeropprøret.

I boken til Skarstein kan jeg ikke finne navnene til de overnevnte, men han har vel ikke tatt med alle døde. I boken til Gourley strekker oversikten over ofre seg over 17 sider ifølge Skarstein.

 

Mvh

Trond

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bjørn og Trond for interessante innlegg!

 

Boki Astri, my Astri fekk eg av forfattaren for ei tid attende, og ho inneheld ein del opplysningar om overfallet som fann stad i Jackson Co., MN våren 1862, men berre namni på dei som der miste livet.

 

Eg har sendt spørsmål om same saki til Amerika, og eg har motteke fleire «linkar» til lister over omkomne i samband med indianaropptøyene på 1860-talet, men so langt har eg ikkje oppdaga namni til dei nemnde søskeni nokon stad!

 

No skal me ikkje gløyma at dette vart fortalt som ei «segn», og me kan ikkje alltid stola på slike segner, sjølv om dei fleste har eit «snev» av sanning i seg.  Eg vil leita vidare, og før eller sidan vil eg tru at eitt eller anna vil dukka opp...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som har lege i «dvale» sidan det vart teke opp til drøfting i mai 2016.  Eg står framleis «bom fast» når det gjeld lagnadane til desse søskeni i Amerika og ville verta svært so glad om nokon kom på sporet etter minst eitt av dei...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som ligg heilt i «dvale», samstundes som eg vil utvida emnet med spørsmål om nokre av dei næraste slektningane til desse søskeni som, om dei kan sporast oipp, kan leia oss vidare?

 

Mor til dei tre søskeni, Christi Endresdotter (1816-1890), hadde tre yngre søstrer som alle utvandra til Amerika.  To av dei var ugifte då dei reiste, og divcerre er det fint lite eg veit 0m dei:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Margretha Endresdotter, f. 13.9.1818,

Margretha Anderson(?) flytte til Bergen i 1851, og derifrå utvandra ho i 1856 til Amerika

 

##### (her destiny?)

 

Ho fekk to born i Noreg:

a. Mari Andersdotter, dotter av Margretha og husmannssonen Anders Thomasson frå Sage under Fuhr (1818-    ), var f. i Luster 12.7.1843, men utvandra til Amerika med mor si i 1856

 

     ##### (her destiny? – perhaps this one?

 

Name Ole Johnson Aas
Event Type Marriage
Event Date 09 Apr 1879
Event Place Armenia, Juneau, Wisconsin, United States
Gender Male
Race White
Birthplace Kingston, Norway
Father's Name John Johnson Aas
Mother's Name Ingabar Johnson Aas
Spouse's Name Mary Anderson
Spouse's Gender Female
Spouse's Race White
Spouse's Father's Name Andrew Anderson
Spouse's Mother's Name Margaret Anderson

   

   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   

 

b Petra Andrea Pedersdotter, dotter av Margretha og hattemakarmeistar Peder Andreas Thistel i Bergen (1828-1897), var f. i Bergen 30.10.1852, men d. i Bergen 27.11.1854.

 

##### (more children in America?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Synneva Endresdotter, f. 21.1.1827,

Synneva Anderson(?) utvandra til Amerika i 1860

 

##### (her destiny?)

 

Synneva fekk to born i Luster:

a. Bertha Thomasdotter, dotter av Synneva og husmann Thomas Trondson på Stubbøy under Øyene (1825‑1879), var f. i Luster 17.4.1852, men utvandra til Amerika med mor si i 1860,

 

     ##### (her destiny?)

 

b. Ole Jensson (1859‑1859), f. og d. i Luster, var son av Synneva og gardbrukar Jens Olson på Fuglesteg (1838 1880).

 

##### (more children in America?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Men den tredje søsteri var gift, og kanskje kan ho leia oss vidare?  Det er jo ikkje heilt utenkleleg at dei to søstrene eller eventuelt dei tre søsterborni nemnde i innleiingsinnlegget KAN ha hatt samband med Erik og Johanna i Amerika!?

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Erik Rasmusson Kilen, opphavleg frå Fura under Hauge, var f. 11.12.1817 og gifte seg 12.10.1843 med Johanna Endresdotter frå Eidsbakken under Eide, f. 14.3.1822.  Erik og Johanna hadde først ein plass på Bøen under Berge i Dale, men kring 1854 kom dei til Gjerdet, og her vart dei buande som plassfolk til 1858.

Erick og Johanna Kilen utvandra til Amerika i 1858 og farma først nokre år i Hampden township, Columbia Co., Wis., men flytte kring 1862 til Arendahl township, Fillmore Co., Minn. og derifrå i 1867 til ein farm i Belmont township, Jackson Co., Minn. der dei vart buande levetidi ut.  Erick Kilen d. i Jackson Co., Minn. 31.5.1897, medan Johanna d. same staden 25.6.1901.  Dei fekk tretten born i lag:

 

Her er denne huslyden i FT1860 for Hampden township, Columbia Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BSF-9LNF

 

Her er denne huslyden i FT1870 for Belmont townbship, Jackson Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6LDQ-238

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg manglar framleis ein del detaljopplysningar om denne Kilen-ætti i Amerika (born og svigerborn av Erik og Johanna), men det vil eg komma attende til sidan...

 

Å finna løysingi på denne «nøtta» er ikkje noko anna enn ei skikkeleg kjempeutfordring, men om nokon greier dette, er det lesarane i Brukarforum!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg tillet meg i dag å henta fram att denne saki som diverre har lege «i dvale» i over to veker....  Sjølv har eg leitt «høgt og lågt», men eg står «bom fast»!  Eg veit dette er ei svært utfordrande huslyd, men ein eller annan stad der ute må det jo finnast spor etter dei?

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.