Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Sjurson (Fossen) (1839-1886) frå Jostedalen til Laksevåg - gift med Martha Olsdotter frå Askvik på Os (1835- ) - son i Haugesund! - lagnad?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #16437 i det gamle Brukarforum (https://forum.arkivverket.no/topic/102216-16437-til-lars-e-oeyane-marta-askvik-os-g-ola-s-fossenjostedal;-b-laksevaag/?hl=%2Baskvik+%2B%C3%B8yane) og dreier seg om denne huslyden som no er oppsett i manuskriptform:

 

~~~~~~~~~~

 

Ole Sjurson (Fossen), f. i Jostedalen 12.8.1839,

Ole Sjursen flytte i ung alder til bror sin på Laksevåg ved Bergen der han 1.6.1867 gifte seg med Martha Olsdotter frå Askvik på Os.  Ho var dotter av gardbrukar og fiskar Ole Johannesson på Askvik og kona Martha Monsdotter frå Drange indre og f. på Os 1.7.1835.  Ole og Martha busette seg på Lille Damsgård på Laksevåg der Ole var verksarbeidar.  Han d. på Laksevåg 12.2.1886, medan Martha

 

##### (levde att som enkje – seinare lagnad?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Ole og Martha fekk ein son i lag:

a. Sivert Olai Olsen, f. på Laksevåg 29.6.1867, d. i Haugesund

 

     ##### (dødsdatoen hans? – gravlagd Vår Frelser 21.9.1954)

 

     1954.  Sivert var i 1890 busett i Hamburg i Tyskland, men kom attende til Bergen der han 13.11.1892 gifte seg første gongen med Bergitte Kristine Antonsdotter Knudsen frå Bergen, f. i Bergen 4.1.1868.  Men Bergitte d. i Bergen alt 12.9.1893, og Sivert gifte seg 2.11.1895 att i Bergen med Charlotte Cornelia Johansdotter Larsen frå

 

     ##### (kvar var ho oppvaksi?)

 

     f. i Tromsø 30.3.1868.  Ho d. i Haugesund

 

     ##### (dødsdatoen hennar? – gravlagd Vår Frelser 20.10.1950)

 

     1950.  Sivert Olsen var skipsbyggjar og mekanisk verkstadarbeidar, og han og Charlotte budde i Bergen fram til kring 1906 og sidan i Ålesund til dei i

 

     ##### (kva år flytte dei vidare til Haugesund? – andre bustader imellom??)

 

     Me kjenner til tre born etter Sivert Olsen, som alle var frå andre ekteskapet.

 

     ##### (borni:

            * Sigfred Marion, f. JK, Bergen 25.9.1896 (Ole Vigs gt. 4), d. same dag

            * Dagny Bergithe, f. JK, Bergen 17.5.1898 (Ole Vigs gt. 4) – n. 1910

            * Judith Margrethe, f. JK, Bergen 18.1.1904 (Jonas Reinsgt. 9b) – n. 1910)

 

~~~~~~~~~~

 

Det er to hovudproblem i denne huslyden:

 

** Kvar vart det av Martha Olsdotter frå Os?

 

** Kvar vart det av Sivert og Charlotte Olsen etter 1910?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Charlotte Cornelia Johansen

Norway Baptisms, 1634-1927

birth:
30 March 1868
 
christening:
31 October 1868
, TROMSO, TROMS, NORWAY
residence:
1868
Tromsø, Troms, Norway
father:
Johan Kristian Larsen
mother:
Greta Marie Sorensen

 

 

Troms fylke, Tromsø i Tromsø, Ministerialbok nr. 12 (1865-1871), Fødte og døpte 1868, Side 38
Permanent bilde-ID: kb20050307020720
 
----
 
Johanna Everine Johansen

Norway Baptisms, 1634-1927

christening:
15 September 1861
, HELGOY, TROMS, NORWAY
father:
Johan Kristian Larsen
mother:
Grethe Maria Sorensdr
 
----
 
Sundina Gemandra Johansen

Norway Baptisms, 1634-1927

birth:
31 July 1864
 
christening:
9 October 1864
, HELGOY, TROMS, NORWAY
residence:
1864
Helgøy, Troms, Norway
father:
Johan Kristian Larsen
mother:
Grethe Maria Sorensdr
 
----
 
Johan Kristian Larsen

Norway Marriages, 1660-1926

birth:
16 June 1840
 
marriage:
15 September 1861
Helgoy, Troms, Norway
father:
Lars Larsen
spouse:
Grethe Maria Sorensdr
other:
Soren Lemming Eliasen
 
Grete Maria Sørensdatter var enke da hun giftet seg med Johan  Kristian Larsen.
Troms fylke, Helgøy i Karlsøy, Ministerialbok nr. 9 (1838-1867), Viede 1861, Side 147
Permanent bilde-ID: kb20050310030373
 

 

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

4682935 Sivert  Olsen      1867    1954  2109  1954  m    013  00F  015  Vis Vår Frelser Haugesund

http://www.disnorge.no/gravminner/korrigering.php?id=4682935

 

4682936 Charlotte  Olsen  Larsen      1868    1950  2010  1950  k  013  00F  016  Vis Vår Frelser Haugesund

 

http://www.disnorge.no/gravminner/korrigering.php?id=4682936

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Lars J. for kjempefine og imponerande opplysningar om denne huslyden!

 

Då kan me slå fast at Charlotte var fødd i Tromsø likevel (eg veit ikkje kvar eg hadde Bodø ifrå...), men framleis er det eit spørsmål kvar ho voks opp...

 

Elles var det skikkeleg bra at Lars J. fann gravene til Sivert og Charlotte i Haugesund.  Då er det kanskje von om at ein eller annan i Haugesund kan hjelpa oss med dei nøyaktige dødsdatoane og kan henda litt fleire biografiske opplysningar?

 

Framleis er lagnaden til Martha Olsdotter eit problem.  Dette vart ogso etter måten grundig drøfta i det gamle emnet, men utan at me kom fram til noko sikkert...

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt i innlegg #1 og dessutan endra litt på tittelen for å påkalla merksemd frå Haugesund...

 

Eg takkar på ny so mykje for framifrå hjelp med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ivar Moe har gjennom eit innlegg i eit anna tema minnt meg om denne huslyden som har lege «urøyrd» i over to år.  Han fann vigsli til Ole Sjurson på Laksevåg og likeins vigsli til søsteri Anna same stad.

 

Eg har nok lite nytt å by på når det gjeld Ole Sjurson, men vonar framleis at nokon kan hjelpa meg med utfordringane som står att i den huslyden:

 

** Lagnaden til Martha Olsdotter frå Askvik på Os?

 

** Dødsdatoane til Sivert og Charlotte Olsen i Haugesund?

 

Samstundes har eg i kveld utvida dette emnet til ogso å omfatta broren Anders Sjurson d..y. og søsteri Anna Sjursdotter, der eg manglar fleire detaljar.  Særleg byr Anders Sjurson på visse utfordringar...

 

** Sjømannskarrièren hans frå 1870 til 1890?

 

** Dato og stad for vigsli hans kring 1892?

 

Slik ser eit oppdatert manuskript ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #16 under!

 

Eg takkar igjen for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Richard Johan Natvig
7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

** Dødsdatoane til Sivert og Charlotte Olsen i Haugesund?

 

Charlotte 16.10.1950:

image.png.735b00d9797ac5ae3fd9c1a7d8169140.png

 

Sivert 15.09.1954:

image.png.33b18e4337b35bd563d8395a5213dfb1.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Richard Johan Natvig
8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Sivert Olsen var skipsbyggjar og mekanisk verkstadarbeidar, og han og Charlotte budde i Bergen fram til kring 1906 og sidan i Ålesund til dei i

 

 

 

     ##### (kva år flytte dei vidare til Haugesund? – andre bustader imellom??)

 

 

Flyttinga til Haugesund må ha vore etter 1912 då dottera Dagny blei konfirmert i Ålesund

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 529/L0470: Klokkerbok nr. 529C07, 1907-1917, s. 92
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070328650428
 

og før dottera Judith blei konfirmert i Haugesund i 1918

SAST, Haugesund sokneprestkontor, H/Ha/Haa/L0009: Ministerialbok nr. A 9, 1914-1929, s. 70
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050901060310
 


 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Richard Johan Natvig
10 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Ole Sjursen flytte i ung alder til bror sin på Laksevåg ved Bergen der han 1.6.1867 gifte seg med Martha Olsdotter frå Askvik på Os.  Ho var dotter av gardbrukar og fiskar Ole Johannesson på Askvik og kona Martha Monsdotter frå Drange indre og f. på Os 1.7.1835.  Ole og Martha busette seg på Lille Damsgård på Laksevåg der Ole var verksarbeidar.  Han d. på Laksevåg 12.2.1886, medan Martha

 

 

 

##### (levde att som enkje – seinare lagnad?)

 

Merkeleg, i følgje dødsfallprotokollen var enkas namn Malene Eriksen, og ho hadde tre born frå eit tidlegare ekteskap:

image.thumb.png.fc84c6a84f53b698606e7da4bb927d13.png

SAB, Midhordland sorenskriveri, H/Hk/Hka/L0003: Dødsfallprotokollar, 1881-1890, s. 33
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081110690035
 

Dei gifta seg i 1884:

https://www.digitalarkivet.no/pv00000000648221

SAB, Laksevåg Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 2, 1877-1891, s. 212
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070102610094
og her står det for begge at tidlegare ekteskap var oppløyste ved døden.

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Richard Johan Natvig

 

12 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Anders Sjursen flytte i ung alder til Bergen og tente ei tid på Raadstupladsen, men i 1870-åri reiste han visstnok til sjøs. 

 

 

 

##### (det vert fortalt at han skal ha butt både i Australia og New Zealand – further info?)

 

Anders Sjursen Fosse(!) nr. 2549 i hovudrull:

SAB, Innrulleringssjefen i Bergen, F/Fc/L0004: Sjøfartshovedrulle, nr. 2403 - 2984, 1871-1877, s. 74
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ru10611710201077
 

I desember 1878(?) mønstra han av i Melbourne, deretter eit sprang i tid til 1893.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hatvik

Ole Sjursen Fossen _overlevde_  kona Marta Olsdtr. Askvik frå Os, for den 26. juli 1884 gifte han seg oppatt i Laksevåg sokn av Askøens pr.gjeld med Malene Eriksen frå Hasvig i Sogndal i Sogn. Ole Sjursen er då oppgjeven å vera 'værksarbeider' og budde på Lille Damsgaard i Laksevaag.

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000648220

 

Marta Olsdtr. må altså ha døydd før dette. Eg trur at ho kanskje endte opp på St. Jørgen eller på Pleiestiftelsen for spedalske, altså at ho òg vart råka av lepra som så mange andre i slekta hennar.

Endret av Terje Hatvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Richard Johan Natvig
23 minutter siden, Terje Hatvik skrev:

Eg trur at ho kanskje endte opp på St. Jørgen eller på Pleiestiftelsen for spedalske, altså at ho vart råka av lepra som så mange andre i slekta hennar.

 

Her:

https://www.digitalarkivet.no/pg00000000524641

 

SAB, Pleiestiftelsen nr. 1 for spedalske sokneprestembete*, Ministerialbok nr. A 1, 1859-1886, s. 140
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060810040300
 

Ho var på Pleiestiftelsen frå 31. januar 1882 i følgje kyrkjeboka.

Endret av Richard Johan Natvig

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hatvik

Glimrande Richard, der fann du ho igjen. - Hr. Natvig og Hatvik ordnar opp 😉 😄

Eg meiner eg fant Marta Olsdtr. Askvig som død allereie i 2010, jfr. den gamle debatten i denne tråden, men då avfeide eg henne i og med at Lars E. Øyane den gongen meinte at Marta hadde overlevd mannen sin. - Men slik var det jo likevel ikkje.

Endret av Terje Hatvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Richard Johan Natvig

Marte Olsd, Askevik i pasientprotokoll (Pasienter ved Pleiestiftelsen for spedalske no. 1 i Bergen 1865-1900), her er alderen oppgitt til 47 år:

https://www.digitalarkivet.no/pc00000000204952

 

 

og i dødsfallprotokoll, 49 år:

SAB, Byfogd og Byskriver i Bergen, 06/06Na/L0004: Dødsfallsjournaler, 1878-1886, s. 87b-88a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090615341070
 

 

Endret av Richard Johan Natvig

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Richard Johan Natvig
16 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

##### (dato og stad for vigsli hans? – klring 1892!?)

 

 

 

med Signy Nilsdotter frå Kvamme i Haus. 

Anders Sjursen/Signy (Sygni!) Nilsdtr:

13/11-1892 i Laksevåg "Ektev.: Bergen notarius publicus"

https://www.digitalarkivet.no/pv00000000560167

 

SAB, Laksevåg Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 3, 1891-1903, s. 204
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050808040771
 

 

Endret av Richard Johan Natvig

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

No gjev eg meg ende over!  Hjarteleg takk til Richard og Terje for imponerande og kjempespennande innlegg!

 

Då eg forska første gongen på denne ætti for ein del år sidan, hadde eg ikkje tilgjenge til dødsmeldingsprotokollane for Laksevåg; eg berre las utifrå dødsfallslista i kyrkjeboki at Ole Sjurson var «gift mann» då han døydde i 1886.  Og den vigsli i 1884 sat jo òg «langt inne» med oppgjeven fødestad Lille Damsgård!

 

Uansett, no er den kanskje største utfordringi i denne huslyden løyst; dødsfallet hennar Martha frå Os er «på plass», og dødsdatoane frå Haugesund er komne til rette!

 

Biografien til Anders Sjurson tek etter kvart òg til å «ta form», og stort meir kan me vel ikkje venta å finna om livet hans i Australia og på New Zealand...  Og vigsli med Signy var òg eit kjempeflott funn!

 

Eg har no freista finna lite vetta fleire opplysningar om den andre kona Malena Eriksdotter frå Sogndal, men står fast på følgjande detaljar:

 

** Kven var foreldri til Hans Johannesson?  Ved vigsli til Hans og Malena i 1866 står det at faren var paktar, og ved dåpen hans i Fana 2.8.1812 kjem det fram at dei budde på garden Fana i Fana, truleg som paktarar på prestegarden(?): https://media.digitalarkivet.no/view/8800/30

Når det gjeld opphavi deira, er vigsli frå 1809 «forsynt» med for meg ukjende gardsnamn Kiønnen og Steenegaard...: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001090620

Kanskje bygdeboki for Fana har fleire detaljar om dette?

 

** Dødsfallet til Malena Eriksdotter?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #6 over:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #23 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hatvik

Far til John O. Odland/Aadland i Fusa, Ole Engelson, var nok frå fjellgarden Heihiller i Hålandsdalen sokn av Fusa prestegjeld (den gong Ous prestegjeld).

Endret av Terje Hatvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tore Nilssen
6 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Ho var dotter av gardbrukar Nils Johannesson på Kvamme, opphavleg frå

##### (opphavet hans? – ved vigsli 29.5.1842 kalla Mæhle: https://media.digitalarkivet.no/view/8280/233

og kona Siri Johannesdotter frå

##### (opphavet hennar? – ved vigsli 1842 kalla Vedaae)

og f. i Haus 25.11.1858.  

 

 

Dette er Kvamme gård i Arna, nå i Bergen. Fra bygdeboken (Haus i soge og segn b 17 del 3 side 555):

image.png.6090bf695717f488330e7cd8e8c994e2.png

 

På s 568, som stjernen ved navnet hennes peker til, står dette om Sygni:

image.png.244f79223c611c9a6c4c161a34011811.png

 

Mele gård er på Osterøy. Vi finner Nils her (Haus i soge og segn b 17 del 1 s 388):

image.png.8e355c9bba010fc1eef109d335569ebd.png

 

 

Sigrid er ifølge bygdeboken fra Veo i Haus sogn. Folkene på Veo står oppført under Votlo, som ligger på Osterøy (Haus i soge og segn b 17 del 2 s 159). Jeg er ikke lokalkjent nok til å vite nøyaktig hvor det er. Men det er ikke Vedå gård, som ligger i Gjerstad sogn.

image.png.aa0d20653cbba3de4f2182aae1c4897e.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Richard Johan Natvig
40 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Charlotte Cornelia Johansdotter Larsen frå

 

 

 

     ##### (kvar var ho oppvaksi?)

 

Ho blei konfirmert i Tromsø i 1883:

SATØ, Tromsø sokneprestkontor/stiftsprosti/domprosti, G/Ga/L0014kirke: Ministerialbok nr. 14, 1878-1888, s. 297
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061213670565
 

Ikkje registrert som utflytta (ufullstendige lister) i kyrkjebøkene fram til 1895.

 

Men det er kanskje ho her, i Bergen som tenestejente "Enepige"  i 1891:

https://www.digitalarkivet.no/pf01052994012595

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jostein Stokke
39 minutes ago, Tore Nilssen said:

Sigrid er ifølge bygdeboken fra Veo i Haus sogn. Folkene på Veo står oppført under Votlo, som ligger på Osterøy (Haus i soge og segn b 17 del 2 s 159). Jeg er ikke lokalkjent nok til å vite nøyaktig hvor det er. Men det er ikke Vedå gård, som ligger i Gjerstad sogn.

 

Om Veo:

http://www.vaksdalhistorielag.org/wiki/index.php?title=Veo

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tore Nilssen
6 minutter siden, Jostein Stokke skrev:

 

Ja det er nok dette - og det ligger nord på Osterøy, i Stamnes sogn. Uklart hvorfor disse folkene er omtalt i bygdeboken til Haus, under Votlo gård.

 

De som er med i mitt klipp fra Hausboken, er også her:

image.thumb.png.c4010231f3c5b29fb46fd20aeb0eff79.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Richard Johan Natvig
3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Malena

 

 

 

##### (levde att som enkje – dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Enke Malene Sjursen døydde 19/9-1898:

SAB, Laksevåg Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 3, 1891-1903, s. 248
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050808040815
 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje, Tore, Richard og Jostein for nye interessante innlegg.  Eg er nok ein gong imponert over alt de greier å finna!

 

No er me nesten heilt «i mål» med biografien til desse søskeni, og her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #16 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

 6. Ole Sjurson {Fossen}, f. {i Jostedalen} 12.8.1839,

Ole Sjursen flytte i ung alder til bror sin på Laksevåg ved Bergen der han 1.6.1867 gifte seg med Martha Olsdotter frå Askvik på Os.  Ho var dotter av gardbrukar og fiskar Ole Johannesson på Askvik og kona Martha Monsdotter frå Drange indre og f. på Os 1.7.1835.  Ole og Martha busette seg på Damsgård lille på Laksevåg der Ole var verksarbeidar.  Men Martha var spedalsk og flytte i januar 1882 inn på Pleiestiftelsen i Bergen der ho d. 14.9.1882.  Ole gifte seg 26.7.1884 att på Laksevåg med enkja Malena Eriksdotter, opphavleg frå Hove i Sogndal.  Ho var dotter av husmann og skomakar Erik Andersson i Hovsviki under Hove (Hofslund), opphavleg frå Kvåle, og kona Maria Stensdotter frå Hovsviki og f. i Sogndal 24.5.1835.  Malena flytte til Bergen kring 1860 og gifte seg første gongen i Nykyrkja 26.8.1866 med enkjemannen Hans Johannesson, opphavleg frå Fana i Fana.  Han var son av paktar Johannes Johannesson på Fana, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – ved vigsli 1809 står Kiønnen)

 

og kona Synneva Hansdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – ved vigsli 1809 står Steenegaard)

 

og vart døypt i Fana 2.8.1812.  Hans pakta ei tid Nygjerde på Årstad, men var sidan dikselsmann og budde på Damsgård lille på Laksevåg der han d. 17.5.1882.  Ole og Malena vart buande på Damsgård lille på Laksevåg der Ole d. 12.2.1886.  Malena Sjursen d. som enkje same staden 19.9.1898.  Malena hadde fire born frå første ekteskapet sitt og dessutan eitt frå før, medan Ole fekk denne sonen, som var frå første ekteskapet med Martha:

a. Sivert Olai Olsen, f. på Laksevåg 29.6.1867, d. i Haugesund 15.9.1954.  Sivert var i 1890 busett i Hamburg i Tyskland, men kom attende til Bergen der han 13.11.1892 gifte seg første gongen med Bergitte Kristine Antonsdotter Knudsen frå Bergen, f. i Bergen 4.1.1868.  Men Bergitte d. i Bergen alt 12.9.1893, og Sivert gifte seg 2.11.1895 att i Bergen med Charlotte Cornelia Johansdotter Larsen frå Tromsø, f. i Tromsø 30.3.1868.  Ho d. i Haugesund 16.10.1950.  Sivert Olsen var skipsbyggjar og mekanisk verkstadarbeidar, og han og Charlotte budde i Bergen fram til kring 1906 og sidan i Ålesund til dei kring 1915 flytte vidare til Haugesund.  Sivert fekk i alt tre born, som alle var frå andre ekteskapet.

 

     ##### (sjekka at alle er medkomne:

            * Sigfred Marion, f. JK, Bergen 25.9.1896 (Ole Vigs gt. 4), d. same dag

            * Dagny Bergithe, f. JK, Bergen 17.5.1898 (Ole Vigs gt. 4) – n. 1910

            * Judith Margrethe, f. JK, Bergen 18.1.1904 (Jonas Reinsgt. 9b) – n. 1910)

 

~~~~~~~~~~

 

 8. Anders Sjurson {Fossen}, d.y., f. i Luster 2.10.1843,

Anders Sjursen flytte i ung alder til Bergen og tente ei tid på Raadstupladsen, men i 1870-åri reiste han til sjøs, og han siglde i utanriksfart til han sist på 1870-talet mønstra av i Melbourne, VIC.  Han skal sidan ha butt ulike stadar i Australia og på New Zealand til han kring 1891 flytte han heimatt til Noreg.  Han gifte seg borgarleg i Bergen 13.11.1892 med Signy Nilsdotter frå Kvamme i Arna, Haus.  Ho var dotter av gardbrukar Nils Johannesson på Kvamme, opphavleg frå Mele på Osterøy, og kona Siri Johannesdotter frå Veo i Stamnes, Osterøy, og f. i Haus 25.11.1858.  Anders Sjursen heldt fram som stuert i mange år, men huslyden busette seg i Holen på Laksevåg der Anders d. 13.10.1924.  Signy Sjursen d. same staden 9.5.1937.  Dei fekk fem born i lag:

a. Sofie Antonette Andersdotter Sjursen, f. på Laksevåg 28.5.1893, miste livet då Laksevåg vart bomba 4.10.1944.  Ho gifte seg på Laksevåg 17.11.1917 med Franz Bernhard Henrikson Thomsen, f. i Oddernes ved Kristiansand 30.4.1893.  Han d. i Bergen 10.6.1966.  Franz Thomsen var maskinassistent, og han og Sofie budde levetidi ut på Laksevåg.  Dei var barnlause.

b. Nelly Susanne Andersdotter Sjursen, f. på Laksevåg 4.9.1895, d. i Holen på Laksevåg 14.1.1910.

c. Agnes Cecilie Andersdotter Sjursen, f. på Laksevåg 2.4.1898, d. på Laksevåg 26.2.1991.  Agnes gifte seg på Laksevåg 26.5.1917 med Bernhard Theodor Berntson Anfindsen, f. i Bergen 20.12.1895.  Han d. ved eit ulukkeshende på Laksevåg 6.11.1963.  Bernhard Anfindsen var hermetikkarbeidar, og han og Agnes budde også levetidi ut på Laksevåg.  Dei fekk fire born i lag.

d. Anna Andersdotter Sjursen, f. på Laksevåg 21.9.1903, d. på Laksevåg 10.6.1905.

e. Anna Andersdotter Sjursen, f. på Laksevåg 15.7.1906, d. på Laksevåg 4.12.1988.  Anna gifte seg på Laksevåg 16.10.1937 med Birger Martin Andreasson Johnsen, f. i Bergen 15.6.1895.  Han d. under eit ferieopphald i Masfjorden 6.8.1962.  Birger Johnsen var båtsmann, og han og Anna budde levetidi ut på Laksevåg.  Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~

 

 9. Anna Sjursdotter {Fossen}, f. i Luster 21.8.1847,

Anna Sjursdotter flytte i ung alder til Bergen og gifte seg første gongen på Laksevåg 15.4.1875 med Hans Peder Andersson frå Skogset i Eid, i Bergen kjend som Hans Andersen.  Han var son av husmann Anders Christian Halkjeldson på

 

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

under Skogset, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – ved vigsli 30.10.1847 kalla Skausæt: https://media.digitalarkivet.no/view/8381/258

 

og kona Alis Inger Pedersdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – ved vigsli 1847 kalla Møklebust)

 

og f. i Eid 17.7.1849.  Hans Peder Andersen var matros, og han og Anna budde i Landaassmuget i Bergen der Hans d. 2.11.1884.  Anna gifte seg 19.12.1889 att i Bergen med enkjemannen John Olson frå Odland i Fusa, i Bergen kjend som John O. Odland.  Han var son av gardbrukar Ole Engelson på Odland, opphavleg frå Heihiller i Fusa, og kona Gunvor Johnsdotter frå Odland og f. i Fusa 1.12.1840.  Også John Odland var matros, og han og Anna busette seg i Wesenbergsmuget i Bergen der John d. 27.11.1899.  Anna Odland flytte som enkje til Nedre Stølen i Bergen og livnærte seg sidan som reingjeringsassistent.  Ho d. i Bergen 28.9.1922.  Ho fekk to born, eitt frå kvart av ekteskapi:

a. Anne Serine Hansdotter Andersen, f. i Bergen 27.1.1879, d. i Oslo 10.9.1941.  Anna gifte seg i Bergen 25.3.1911 med Lars Børreson frå Nyhuseie i Vang på Hedmark, kjend som Lars Børresen.  Han var f. i Vang 24.12.1880 og d. i Oslo 22.3.1966.  Lars Børresen var transportarbeidar, og parfolket flytte nokre år mellom Bergen og Christiania, men hadde frå 1922 fast busetnad i Christiania (Oslo).  Dei var barnlause.

b. Ole Johan Johnson Odland, f. i Bergen 8.5.1892, d. i Bergen 17.10.1903.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetrakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.