Gå til innhold
Arkivverket

Maren Christiansdotter Urnes - fødd Hafslo 1851 - til Amerika 1854 - gift 1870 med Peder Gulbrandson - lagnaden deira? - ei skikkeleg utfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg vil i kveld gjerne få leggja fram ei ny gigantisk utfordring frå Amerika som eg står heilt fast på:

 

Metta Olsdotter Urnes, fødd i Hafslo 19.6.1824, var dotter av husmann Ole Nilsson (1788-1860) og kona Johanna Johannesdotter (1789-1867) på plassen Kreken under Urnes i Hafslo.

 

Metta utvandra ugift til Amerika i 1854 i lag med broren Nils Olson Urnes (fødd 1826) til Spring Prairie, Dane Co., WI.  Nils gifte seg same hausten og budde dels der og dels i Juneau Co., WI til han i 1860 slo seg ned som farmar nær New Ulm, Brown Co., MN.  Han og ein yngre bror Ole Olson Urnes (fødd 1828, utvandra 1857) var mellom dei som miste livet då indianarane gjekk til åtak på settlementet i New Ulm, MN 19.8.1862.

 

Men Metta var ikkje i Minnesota på den tidi.  Ho hadde med seg frå Noreg ei dotter:

 

* Maren Christiansdotter Urnes, fødd i Hafslo 20.3.1851.  Barnefaren var Christian Olson (Breidsnes) (1825-1889) som sidan flytte til Bergen og døydde der.

 

I ei kyrkjebok i Goodhue Co., MN finn eg følgjande merknad frå 1863:  Innflytt «orphan» frå Spring Prairie, WI Maren Christiansdotter Urnes.  Eg reknar med at mori Metta då måtte vera avlidi...

 

Kven ho budde hjå i Goodhue Co., MN på den tidi er uvisst, men so finn eg følgjande:

 

** Johanne Marie, «uekte», fødd 29.9.1869, døypt i Minneola, Goodhue Co., MN 15.12.1869, foreldri var John Andreasson Tornæs frå Red Wing (Goodhue Co., MN) og Maren Christiansdotter Urnes.  Fadrane var: Jens Chr. Klevgaard, Elling Nilsson, Gjørund Haldorsdotter og Siri Guldbrandsdotter.

 

FT1870 for Minneola township, Goodhue Co., MN syner:

 

ENGBRETSEN, Ellene(?)  31  Nor  farmer

ENGBRETSEN, Sarah  25  Nor  wife

ENGBRETSEN, Edward  4  MN  son

ENGBRETSEN, Anne M  2  MN  daughter

CHRIST, Mary  18  Nor  domestic servant

CHRIST, Johanna  9mo  MN  daughter

 

Næraste nabo er Elling NILSEN, 35 år gamal farmar med kone Mary og fire born!

 

Andre kjelder syner at Elling Nilsson er gift med ei Marit Ingebrigtsdotter, medan Elling Ingebrigtson er gift med Siri Guldbrandsdotter.  Sistnemnde par har ei dotter Inge Marie, fødd i Minneola 22.7.1868.

 

FT1875 syner at både Elling Engebretson med kona Siri og Elling Nelson med kona Mary då er naboar busette i Havelock township, Chippewa Co., MN, men Maren og dotteri Johanna Marie ser eg ikkje noko til...

 

http://interactive.ancestry.com/1058/mnsc_5-0269?pid=3940230&backurl=http://search.ancestry.com//cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DcMY1940%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-g%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26gsfn%3DElling%26gsfn_x%3D0%26gsln%3DIngebrigtsen%26gsln_x%3D0%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D5%26MSAV%3D1%26msbdy%3D1840%26msbpn__ftp%3DNorway%26msbpn%3D5173%26msbpn_PInfo%3D3-%257C0%257C1652381%257C0%257C5173%257C0%257C0%257C0%257C0%257C0%257C0%257C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26catbucket%3Drstp%26uidh%3D008%26pcat%3DROOT_CATEGORY%26h%3D3940230%26recoff%3D8%25209%252020%26db%3DMNstatecen%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D5&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=cMY1940&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

FT1880 syner dei òg på same stad, men utan Maren og dotteri Johanna Marie...

 

http://interactive.ancestry.com/6742/4242001-00106?pid=47971472&backurl=http://search.ancestry.com//cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26db%3D1880usfedcen%26h%3D47971472%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DcMY1940%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26rhSource%3D1058&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=cMY1940&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=4242001-00106

 

FT1900 syner at Elling Engebretson framleis bur på same staden:

 

http://interactive.ancestry.com/7602/004120256_00751?pid=26167880&backurl=http://search.ancestry.com//cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26db%3D1900usfedcen%26h%3D26167880%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DcMY1940%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26rhSource%3D6742&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=cMY1940&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=004120256_00751

 

MEN, problemet mitt gjeld Maren Christiansdotter Urnes og dotteri Johanna Marie!  Kvar i all verdi kan dei ha gjort av seg??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

NB: Titelen på dette emnet er redigert etter nye funn - sjå innlegg #2!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no sjølv sete og «pusla» litt med denne utfordringi, og eg fann ein huslyd i FT1880 for Oscar township, Otter tail Co., MN som eg tykte såg svært «mistenkeleg» ut:

 

GILBERTSON, Maren  29  Nor  Nor  Nor  keeping house

GILBERTSON, Johana Maria  10  MN  Nor  Nor  daughter

GILBERTSON, Olena  8  MN  Nor  Nor  daughter

GILBERTSON, Mary  6  MN  Nor  Nor  daughter

GILBERTSON, Julie  5  MN  Nor  Nor  daughter

GILBERTSON, Christian  4  MN  Nor  Nor  son

 

Og i kyrkjebøkene for Hedemarken and Hamar parish nær Rothsay, Otter tail Co., MN finn eg desse borni døypte med foreldri Peder Gulbrandson SAGBRAATEN og Maren Christiansdotter:

 

* Oline, fødd 2.6.1872

* Marie, fødd 8.7.1873

* Julie, fødd 2.11.1874

* Christian, fødd 12.3.1876

 

Eg er ganske so overtydd om at dette er «vår» Maren, men eg finn ikkje noki vigsle i denne kyrkjelyden for Peder og Maren og heller ikkje noko dødsfall for Peder.  Heller ikkje er nokon av borni konfirmerte her!

 

MEN kanskje nokon av lesarane i Brukarforum greier å følgja denne huslyden vidare??

 

Greier nokon å identifisera Peder Gulbrandson Sagbraaten??  Eg ser han står i FT1875 i Oscar township, Otter tail Co., MN som Peter Gilbretson 29 år og fødd i Noreg!  Peter Gilbertson og Mary Christi gifte seg i Red Wing, Goodhue Co., MN 10.12.1870! 

 

Her er nok Peder i FT1870 i Minneola township, Goodhue Co., MN med søsken Nils og Anna og far Gulbrand...:

 

GILBERTSEN, Nels  35  Nor  farm laborer

GILBERTSEN, Gertru  32  Nor  wife

GILBERTSEN, Anna  3  MN  daughter

GILBERTSEN, Sarah  1  MN  daughter

NELSEN, Gilbert  70  Nor  farm laborer

GILBERTSEN, Peter  27  Nor  farm laborer

GILBERTSEN, Anna  18  Nor  at home

 

Av kyrkjeboki går det fram at Siri vart fødd i Minneola township, Goodhue Co., MN 3.4.1869 av foreldri Nils Gulbrandson og Gjertrud Knutsdotter, og Nils Gulbrandson BRAATEN og Gjertrud Knutsdotter får fleire born i Rothsay, MN:

 

* Gabriel, fødd 30.12.1872

* Karl, fødd 5.8.1874

* Ole, fødd 23.7.1876

 

og i 1880 bur Gjertrud, liksom Maren utan mann, som nabo i Oscar township, Otter tail Co., MN!

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi med denne skikkelege utfordringi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

????

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWCL-SJF

 

Name: Nils Gulbransen
Birth Date: 1839
Age: 26
Spouse's Name: Giertrud Knudsdr
Spouse's Birth Date: 1837
Spouse's Birthplace:
Spouse's Age: 28
Event Date: 10 Apr 1865
Event Place: Vestre Slidre,Opland,Norway
Father's Name: Gulbrand Nilsen
Mother's Name:
Spouse's Father's Name: Knud Halvorsen
 
Sjekket dåpen i selve kirkeboken, og der står det vel på brudgommen at han er født på Braaten i Nord-Aurdal, sønn av Gulbrand Nilsen:
 
SAH, Vestre Slidre prestekontor, Ministerialbok nr. 3, 1865-1880, s. 171
Permanent bilde-ID: kb20070118330034
 
Her er dåpen til Nils - se nr. 34:
SAH, Nord-Aurdal prestekontor, Ministerialbok nr. 3, 1828-1841, s. 103
Permanent bilde-ID: kb20070603940218
 
Siri, 1841
 
 
Her er antakelig Peder - se nr. 15 - sønn av Gulbrand Nilsen Braaten og Olia Pedersdatter: 
 
SAH, Nord-Aurdal prestekontor, Ministerialbok nr. 4, 1842-1863, s. 13
Permanent bilde-ID: kb20070207610017
 
I så fall var Gulbrand Nilsen gift på nytt.... Jeg ser i alle fall av kirkeboka at Gulbrand NIlsen var enkemann da han giftet seg med Olia Pedersdatter 05.11.1844:
 
SAH, Nord-Aurdal prestekontor, Ministerialbok nr. 4, 1842-1863, s. 183
Permanent bilde-ID: kb20070207610119
 
 
Inge Gulbrandsdatter, 1849 - kan være oppkalt etter Gulbrand Nilsens første kone:
 
Anna Gulbrandsdatter, 1851:
 
Daarte, 1853:
 
Ole, 1857

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for interessante og nyttige innlegg!

 

Eg er overtydd om at du har finne rette opphavet til Peder Gulbrandson.  Det ser etter dette ut til at Bråten (eller Sagbråten) var ein husmannsplass under Prestegarden i Nord-Aurdal, og eg tru òg at heile huslyden, d.v.s. Gulbrand Nilsson, andre kona Olia og borni Nils, Peder, Inge og Anna, må ha utvandra til Amerika i 1865.  Dei er ikkje i Valdres ved FT1865, og vigselsdatoen til Nils og Gjertrud, 10.4.1865, tyder på at dei ville gifta seg i «full fart» før dei fór av stad!

 

Eg har òg finne att Gjertrud, kona hans Nils, som enkje Gertrude Gilbertson busett hjå sonen Carl i Becker Co., MN i 1910 og 1920, og ho døydde der 1.11.1920.  Ein stad er utvandringsåret hennar oppgjeve til 1865!

 

So vidt eg tolkar vigsli til Gulbrand Nilsson og Olia Pedersdotterc rett, so var Olia frå Åberg i NordAurdal, truleg ei gardbrukardotter(?), men kva med Gulbrand Nilsson?  Eg finn ikkje første vigsli hans med Inge Olsdotter, men dette er vel truleg dåpen hans 27.9.1812, og då bur foreldri i Nordager-eiget: https://media.digitalarkivet.no/view/9365/29

 

Men ved konfirmasjonen hans i 1826 er fødestad/bustad oppgjeve til Prestegardseiget, so då var dei truleg komne til Sagbråten...: https://media.digitalarkivet.no/view/9370/198

 

Når det gjeld Peder, tydeleg kjend som Peter Gilbertson, er han «borte vekk», men det var ein Peter Gilbertson, gift farmar, 35 år, som i 1880 sat som fange i Minnesota statsfengsel i Stillwater, Washington Co., MN, og eg mistenker dette for å vera «vår» Peter!?

 

MEN, heile huslyden forsvinn etter 1880.  Dei er ikkje i Otter tail Co., MN i 1885 eller 1895.  Kvar i all verdi kan dei ha vorte av?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden deira!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i kveld sete og «plundra» litt meir med denne huslyden og KAN ha oppdaga noko interessant:

 

Dette dødsfallet er registrert i St. Olaf township nær Dalton, Otter tail Co., MN:

 

Peter GILBERTSON

fødd Noreg 1846

far: Nels Gilbertson!!

døydde 17.6.1919

 

FT1900 syner at han var fødd i Noreg i april 1848 og utvandra 1870

FT1910 syner han var fødd i Nreg, 63 år gamal og utvandra i 1865

 

Han gifte seg kring 1893 med ei Helen som døydde 25.7.1953

 

Dei fekk visstnok fire born i lag.

 

Det som særleg fekk meg til å lura på om dette er same mannen, er namnet på far hans!!

 

Men kvar har han i so fall «gjort av» første kona og borni frå det ekteskapert?

 

Ikkje noki enkel sak dette, men eg har tru på at me før eller sidan kjem til ei løysing!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og innspel om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,

I Oscar, Otter Tail, Minnesota i 1875 finner jeg disse:

Peter Gilbretson   M   Norway (f. 1846)

Maran Gilbretson   F   Norway (f. 1850)

 Johana Gilbretson   F   Minnesota(f. 1870)

 Oleson Gilbretson   F   Minnesota (f. 1872)

 Mary Gilbretson   F   Minnesota (f. 1874)

Julia Gilbretson   F   Minnesota (f.1875)

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MKNG-ZMM

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-65XS-FXB

 

Endret av Ole Jon Moastuen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ola Jon for eit spennande innlegg!

 

Eg har elles i dag finne ut at Peter Gilbertson kjøpte farmen sin i Oscar township, Otter tail Co., MN i 1876, og frå Otter tail Co., MN fekk i ettermiddag ei melding om at farmen vart tvangsseld av sheriffen i 1881, uvisst av kva grunn.

 

Dette forklarar at huslyden forsvinn derifrå, men kvar det vart av dei, er framleis eit stort spørsmål...  Eg veit rett nok at heile huslydar vart «utsletta» av ymse epidemiar på den tidi.  Difteri var ikkje uvanleg, men me har ingen haldepunkt for å kunna påstå at denne huslyden vart råka av noko slikt...  Uansett er mistanken svært stor om at den Peter Gilbertson som sidan flytte attende til Otter tail Co., MN, er same mann, kvar han no enn hadde vore i mellomtidi...

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden og vonar framleis at Maren og borni hennar kan sporast...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå juni, der eg framleis står heilt «bom fast»!

 

Eg er i mellomtidi komen fram til at det verkeleg var Peder Gulbrandson alias Peter Gilbertson som sidan med ny kone kom attende til Otter tail Co., MN, og her følgjer eit «samla oversyn» over heile ætti, so langt som eg no kjenner ho (noko avstutta form):

 

~~~~~~~~~~

 

Maren Christiansdotter Urnes alias Mary Christie, fødd i Hafslo 20.3.1851, utvandra i 1854 og gifte seg i Red Wing, MN 10.12.1870 med Peder Gulbrandson alias Peter G. Nelson alias Peter Gilbertson, fødd i Nord-Aurdal 5.3.1845, utvandra i 1865.  Peter og Mary farma i Oscar township, Otter tail Co., MN til farmen deira i 1881 vart tvangsseld av lensmannen.  Huslyden forsvinn på same tid, men KAN ha flytt til Yellow Medicine Co., MN.  Borni denne huslyden (som KAN ha skrive seg Nelson!?)

 

* Johanna Marie, fødd i Goodhue Co., MN 29.9.1869 (var dotter hennar)

* Olena, fødd i Otter tail Co., MN 2.6.1872
* Marie, fødd i Otter tail Co., MN 8.7.1873
* Julia, fødd i Otter tail Co., MN 2.11.1874
* Christian, fødd i Otter tail Co., MN 12.3.1876

So dukkar Peter opp att då han under namnet Peter Nelson «of Yellow Medicine Co., MN» gifte seg att i Marshall, MN 23.9.1893 med Else alias Helen Jorgenson Skinlo, fødd i Gloppen 21.9.1859, utvandra i 1886.  Peter og Helen budde ei tid i Marietta, MN og sidan i Elbow Lake, MN, men flytte i 1914 til Dalton, Otter tail Co., MN der Peter Gilbertson døydde 17.6.1919.  Helen døydde same staden 25.7.1953.  Fem born er nemnde i denne huslyden:

 

* Albert Gilbertson of Dalton, MN, fødd i Yellow Medicine Co., MN 18.8.1887 (truleg ein son av Helen?)
* Anna Sophie - Mrs. Harold Hartman of Dalton, MN, fødd 12.1.1894
* Julius Gilbertson of Eugene, OR, fødd 16.12.1895
* Lena - Mrs. Louis Schwarck of Elbow Lake, MN, fødd 22.3.1898
* Minnie - Mrs. Clarence Gill of Seattle, WA, fødd 18.9.1900

 

~~~~~~~~~~

 

So vil eg gjerne få henta fram eit nytt «element» om denne huslyden:  Me veit at det herja fleire epidemiar i denne delen av Minnesota i perioden 1881-1884, dei fleste var difteriepidemiar.  Desse epidemiane kunne ta knekken på heile familier, og eg lurer på om so kan vera tilfelle her?  Kanskje ligg heile barneflokken til Peter og Mary gravlagde ein eller annan stad i eller nær Yellow Medicine Co., MN?  Ei òrsak til denne mistanken verta styrka av namnebruket i ekteskapet mellom Peter og Helen:

 

* Anna Sophie er oppkalla etter mormori i Gloppen!

* Julius KAN vera oppkalling av Julia!?

* Lena KAN vera oppkalling av Olena!?
* Minnie KAN vera oppkalling av Mary eller dotteri Marie!?

 

Det hadde vore heilt fantastisk om nokon i Brukarforum greier løysa denne kjempeutfordringi, og eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 11 måneder senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi som har lege «i dvale» sidan i fjor på denne tid.

 

Eg har diverre ikkje noko nytt å tilføya i høve innlegg #9, men kanskje er det nokon som i dag kan «sjå» ei løysing i det fjerne?  Ein eller annan stad MÅ jo desse personane ha gjort av seg!

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips som kan leia oss vidare!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette besvarer ikke noen av dine spørsmål, men har du sett denne? St. Cloud Times 27 Jul 1956, Page 1

 

St. Cloud Times 27 Jul 1956, Page 1.jpeg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Louie Mathias Schwarck

Birth: Oct. 25, 1899
Iowa, USADeath: Jul. 25, 1956
Grant County
Minnesota, USAtrans.gif
 
Family links: 
 Parents:
  Fritz Schwarck (1863 - 1924)
  Mary Hansen Schwarck (1864 - 1940)
 
 Spouse:
  Lena Gilbertson Schwarck (1899 - 1956)
 
 Children:
  Joyce Verona Schwarck Gingerich (1927 - 2014)*
  Verlyn Gordon Schwarck (1931 - 1965)*
 
 Siblings:
  Katie E Schwarck Weossner (1894 - 1978)*
  Fred J Schwarck (1896 - 1963)*
  Louie Mathias Schwarck (1899 - 1956)
  Alfred William Schwarck (1903 - 1929)*
  Harry J Schwarck (1906 - 1964)**
 
*Calculated relationship
**Half-sibling
 Burial:
Union Cemetery 
Elbow Lake
Grant County
Minnesota, USA 
Edit Virtual Cemetery info [?] 
Maintained by: T Burt
Originally Created by: Marjorie 
Record added: Jun 12, 2010 
Find A Grave Memorial# 53578069

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=schwarck&GSfn=louie&GSbyrel=all&GSdyrel=all&GSob=n&GRid=53578069&df=all&

 

----

 

Lena Gilbertson Schwarck

Birth: Mar. 22, 1899
Minnesota, USADeath: Jul. 25, 1956
Grant County
Minnesota, USAtrans.gif
 
Family links: 
 Parents:
  Peter Gilbertson (1846 - 1919)
  Helen Elsa Gilbertson (1860 - 1953)
 
 Spouse:
  Louie Mathias Schwarck (1899 - 1956)*
 
 Children:
  Joyce Verona Schwarck Gingerich (1927 - 2014)*
  Verlyn Gordon Schwarck (1931 - 1965)*
 
 Siblings:
  Albert Gilbertson (1887 - 1968)*
  Annie S Gilbertson Hartman (1894 - 1984)*
  Lena Gilbertson Schwarck (1899 - 1956)
 
*Calculated relationship
 Burial:
Union Cemetery 
Elbow Lake
Grant County
Minnesota, USA 
Edit Virtual Cemetery info [?] 
Maintained by: T Burt
Originally Created by: Marjorie 
Record added: Jun 12, 2010 
Find A Grave Memorial# 53578075

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=53578075

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 25/07/2016 den 23.22, Lars E. Øyane skrev:

Peter og Mary farma i Oscar township, Otter tail Co., MN til farmen deira i 1881 vart tvangsseld av lensmannen.  Huslyden forsvinn på same tid,

 

På 25/07/2016 den 23.22, Lars E. Øyane skrev:

So dukkar Peter opp att då han under namnet Peter Nelson «of Yellow Medicine Co., MN»

 

Sitat

Når det gjeld Peder, tydeleg kjend som Peter Gilbertson, er han «borte vekk», men det var ein Peter Gilbertson, gift farmar, 35 år, som i 1880 sat som fange i Minnesota statsfengsel i Stillwater, Washington Co., MN, og eg mistenker dette for å vera «vår» Peter!?

 

Star Tribune 12 Dec 1877, Page 2

 

Star Tribune 12 Dec 1877, Page 2.jpeg

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Med forbehold!

 

Helen Gilbertson (Spinlo)

Fødselsdato: 29. september 1860 (92)
Fødested: Bergen, Hordaland, Norge 
Død: 25. juli 1953 (92) 
Dalton, MN, USA
Begravet: Dalton, MN, USA
Nærmeste familie:

Hustru av Pider Gilbertson 
Mor til Albert Gilbertson; Julius Gilbertson; Lena Schwarck; Minnie Gill og Anne Hartman 

 
Administrert av: Randall Kenneth Larson
Sist oppdatert: 9. desember 2014

https://www.geni.com/people/Helen-Gilbertson/6000000006911201186

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 20/06/2016 den 0.41, Lars E. Øyane skrev:

FT1900 syner at han var fødd i Noreg i april 1848 og utvandra 1870

 

Legger bare inn denne (Peter transkrib. med feil f. år, 1878) - Lenke FS - https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MMRQ-J44

The 1900 United States Federal Census
Name:    Peter Gilbertson - http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db=1900usfedcen&indiv=try&h=59745450
Age:    52
Birth Date:    Apr 1878
Birthplace:    Norway
Home in 1900:    Adams, Grant, South Dakota
Sheet Number:    1A
Number of Dwelling in Order of Visitation:    2
Family Number:    2
Race:    White
Gender:    Male
Immigration Year:    1870
Relation to Head of House:    Head
Marital Status:    Married
Spouse's Name:    Ellen Gilbertson
Marriage Year:    1885
Years Married:    15
Father's Birthplace:    Norway
Mother's Birthplace:    Norway
Years in US:    30
Naturalization:    Na
Occupation:    Farmer
Months not employed:    0
Can Read:    Yes
Can Write:    No
Can Speak English:    Yes
House Owned or Rented:    O
Home Free or Mortgaged:    M
Farm or House:    F
Neighbors:    View others on page
Household Members:    
Peter Gilbertson    52
Ellen Gilbertson    36
Albert Gilbertson    13
Anna Gilbertson    6
Julius Gilbertson    3
Lena Gilbertson    2

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

The U.S., World War I Draft Registration Cards, 1917-1918
Name:    Julius Gilbertson - http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&db=WW1draft&h=29841650&tid=&pid=&usePUB=true&usePUBJs=true&rhSource=60722
Race:    Caucasian (White)
Marital Status:    Single
Birth Date:    16 Dec 1895
Birth Place:    Minnesota
Street address:    Dalton
Residence Place:    Otter Tail, Minnesota, USA
Physical Build:    Medium
Height:    Medium
Hair Description:    Not Bald
Hair Color:    Dark
Eye Color:    Blue

 

"at home with mother - father insane"

 

1917_WWI_JG.jpeg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil og Ann-Mary for nye fantastiske og imponerande innlegg!  Eg seier meg lei for seint svar, men eg er mellombels flytt til Middelhavskysten og har vore utan internett!

 

Den store «bomben» var sjølvsagt straffesaki mot Peder Gulbrandson alias Peter Gilbertson frå 1877.  Eg veit ikkje i kva grad det vil nytta å freista finna fleire opplysningar om opphaldet hans i Stillwater, MN, men me kan vel gå ut ifrå at kona og borni ikkje hadde noko særleg ønskje om vidare kontakt med Peter etter dette...  So kanskje levde dei vidare, ein eller annan stad, kan henda under eit anna namn?

 

Tross dette, er eg rimeleg sikker å at det er den same Peter som sidan gifte seg att med Else «Helen» Skinlo frå Gloppen.  Dødsattesten hans frå 1919 oppgjev farens namn til Nels Gilbertson!

 

Men det viktigste for meg er sjølvsagt å finna ut kva som skjedde med Maren Christiansdotter frå Urnes i Hafslo og borni hennar - etter 1880, og eg takkar på ny for alle gode tips i so måte!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi som har lege i ro dei siste tre vekene etter at Egil gjorde det gigantiske funnet av straffeutmålingi mot Peter Gilbertson!

 

Me veit at huslyden miste farmen deira i 1881, og når me no kjenner bakgrunnen for at Peter kom i fengsel, er eg ganske so overtydd om at Maren «Mary» var SKILDE.  Jenta som Peter freista forgripa seg på, kan ikkje ha vore stort eldre enn hans eigi stedotter Johanna Marie, og sidan han tydeleg dukkar opp att som brudgom i 1893, utan at me kan finna noko dødsfall for Mary eller opplysningar over hovudet om nokon av borni deira, trur eg meir og meir på teorien om skilsmål.  Mary var i 1880 berre 29 år gamal og har sikkert gift seg att.

 

Eg har i føremiddag studert vigselsregisteri for Minnesota og finn i alle fall ein spennande «kandidat»:

 

* Henry O. Bakken og Mary Gilbertson vart vigde i Grant Co., MN 12.11.1887 - Grant Co., MN ligg like sør for Oscar township, Otter tail Co., MN der Peter og Mary hadde farmen deira!

 

Andre «kandidatar» er:

 

* Lewis Larson og Mary Gilbertson vigde i Clay Co., MN 6.9.1881 - ligg heller ikkje langt unna Otter tail Co., MN!

 

* Ole Olson og Mary Gilbertson vigde i Hennepin Co., MN 2.4.1891

 

Men, som sagt, den første er den eg finn mest spennande, med mindre det er Henry og Mary som «gøymer» seg attom dette parfolket frå Grant Co., MN i 1900: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DBBQ-THR?cc=1325221

 

Kanskje nokon kan finna att Lewis og Mary Larson i 1885?

 

Ikkje so enkelt dette, men kanskje er det nokon som ser noko eg har oversett?  Kanskje dukkar nokre av borni til Mary opp i FT1885?  Her er lista over mor og born frå innlegg #9 ovanfor:

 

Maren Christiansdotter Urnes alias Mary Christie, fødd i Hafslo 20.3.1851, utvandra i 1854 og gifte seg i Red Wing, MN 10.12.1870 med Peder Gulbrandson alias Peter G. Nelson alias Peter Gilbertson, fødd i Nord-Aurdal 5.3.1845, utvandra i 1865.  Peter og Mary farma i Oscar township, Otter tail Co., MN til farmen deira i 1881 vart tvangsseld av lensmannen.  Born:

 

* Johanna Marie, fødd i Goodhue Co., MN 29.9.1869 (var dotter hennar)

* Olena, fødd i Otter tail Co., MN 2.6.1872
* Marie, fødd i Otter tail Co., MN 8.7.1873
* Julia, fødd i Otter tail Co., MN 2.11.1874
* Christian, fødd i Otter tail Co., MN 12.3.1876

 

Eg vonar framleis at denne huslyden kan oppsporast og takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no undersøkt litt nærare kva kjelder som finst frå fengselet i Stillwater, MN, og det ser ut til at ein del gamle dokument manglar, mellom anna lauslatingi av Peder Gilbertson, men han har nok sete straffeperioden ut (til haustren 1887), for her er han i alle fall i FT1885, framleis fengsla (alderen stemmer ikkje heilt, men det må vera han):

 

http://people.mnhs.org/finder/census/1787345

 

Eg vonar framleis at ein eller annan kan oppdaga spor etter Mary og/eller borni hennar i folketeljingi frå 1885...  Var det ho som gifte seg att med Lewis Larson (sjå innlegg #18)?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med oppsporing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I innlegg #18 var eg inne på denne vigsli:

 

* Lewis Larson og Mary Gilbertson vigde i Clay Co., MN 6.9.1881

 

No har eg oppdaga ein barnedåp i South Emmanuel Lutheran church i Rothsay, MN - like i nærleiken av den gamle bustaden til Peder og Maren:

 

** Christine, fødd 5.8., døypt 10.9.1882 av Lars Larsson Skari og Mari Gulbrandsd:

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314425-00169?pid=3885865&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3Dgiv315%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3DELCAbmd%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26gsln%3Dlars*%26gsln_x%3D1%26msbdy%3D1885%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D5%26msbpn__ftp%3DMinnesota,%20USA%26msbpn%3D26%26msbpn_PInfo%3D5-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C26%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msmng%3DMar*%26msmng_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3DBMD_BIRTH%26fh%3D47%26h%3D3885865%26recoff%3D%26ml_rpos%3D48&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=giv315&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Ancestry har tolka namni litt «skeivt», men eg les namni på nemnte vis!

 

Og her er same paret nemnde som Lars L. Skari og Mari f. Gulbrandsen:

 

** Lauritz, fødd i Minnesota 25.5.1885 - konfirmert i Norman, Clifford, ND 1900!

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314224-00593?pid=1657785&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3Dgiv320%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3DELCAbmd%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26msbdy%3D1885%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D5%26msbpn__ftp%3DMinnesota,%20USA%26msbpn%3D26%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msfng%3DLars%26msfng_x%3D1%26msfns%3DSkar*%26msfns_x%3D1%26msmng%3DMar*%26msmng_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3DBMD_BIRTH%26fh%3D0%26h%3D1657785%26recoff%3D%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=giv320&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Og her er huslyden i FT1900:

 

https://www.ancestry.com/interactive/7602/4120524_00379?pid=38556206&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db%3D1900usfedcen%26indiv%3Dtry%26h%3D38556206&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true

 

Mary er fødd i Noreg i mai 1851, men utvandringsåret er oppgjeve til 1881, og andre dokument på ancestry syner at jentenamnet hennar var MOLDEN, so me har nok heller ikkje her den «rette» Maren...

 

Kvar i all verdi er «vår» Maren vorti av??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å lokalisera denne jente frå Hafslo!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Endeleg er det dukka opp nye opplysningar i denne saki!

 

Som me veit frå før, laut Peter Gilbertson gå i fengsel i 1877 etter voldtektsforsøk på ei mindreårig jente.  Han slepte ut att i 1887 etter nesten ti år, og noko av det første han då gjorde, var å saksøka kona Mary for at ho hadde vore utru mot han!!

 

Saki er arkivert i Otter tail Co., MN og datert 19.11.1887.  Av dette dokumentet kjem det mellom anna fram at:

 

«5th that the said defendant {Mary Gilbertson} did in the year 1881 at Fargo in the Territory of Dakota Mary(!) one Severt Knutson, and that she did continue to cohabit with said Knudson for a long time thereafter as husband and wife»

 

«6th that the said defendant {Mary Gilbertson} has for the last three or four years commited abultry(!) with divers men and has kept and been an inmate in several houses of prostitution in Fargo, Hilsboro and Portland all in the Terrirory of Dakota, without the knowledge or procurement of the plaintiff {Peter Gilbertson}»

 

«7th that the said defendant {Mary Gilbertson} did desert and abandone the plaintiff {Peter Gilbertson} six years ago and that she has not lived with him since.»

 

I kva grad me skal tru på utsegnene til Peter i denne saki, kan ein jo spørja seg om, men me veit frå før at farmen deira vart tvangsseld i 1881, det året då Mary etter desse utsegnene skal ha flytt til Fargo og slege seg i lag med Severt Knutson.

 

Saksdokumenti seier diverre IKKJE noko om borni deira, so då vert det framleis eit òpe spørsmål kva som skjedde med dei...?

 

Eg har freista søka lite vetta i Fargo, ND etter fleire opplysningar, særleg om Severt Knutson, men so langt utan hell.  Kanskje andre ser noko som eg har oversett??

 

Ein ny kjempetakk for alle bistand som kan bidra til endeleg å løysa denne kjmpeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne gigantiske utfordringi frå Amerika som eg står fullstendig fast på!

 

Eg syner til innlegg #21 ovanfor om «historikken» til Maren Christiansdotter ETTER 1881 og legg her ved dei opplysningane eg sit med (mellom anna frå innlegg #18) om «historikken» FØR 1881:

 

Maren Christiansdotter Urnes alias Mary Christie, fødd i Hafslo 20.3.1851, utvandra med mor si i 1854 og gifte seg i Red Wing, MN 10.12.1870 med Peder Gulbrandson alias Peter G. Nelson alias Peter Gilbertson, fødd i Nord-Aurdal 5.3.1845, utvandra i 1865.  Peter og Mary farma i Oscar township, Otter tail Co., MN til farmen deira i 1881 vart tvangsseld av lensmannen.  Borni hennar var:

 

* Johanna Marie, fødd i Goodhue Co., MN 29.9.1869 (var dotter hennar)

* Olena, fødd i Otter tail Co., MN 2.6.1872
* Marie, fødd i Otter tail Co., MN 8.7.1873
* Julia, fødd i Otter tail Co., MN 2.11.1874
* Christian, fødd i Otter tail Co., MN 12.3.1876

 

Alle desse borni levde i 1880.

 

Eg har endeleg fått ei attendemelding frå North Dakota om ein Sivert Knudson som eg har etterlýst og som er nemnd i rettsdokument i Fargo, ND frå 1880-åri.  Denne meldingi lyder slik:

 

« It turns out this Sivert was convicted of fraud and was from Ransom County. There is no mention of his wife in the court records, so it is unclear if it was the Severt Knutson married to Mary Gilbertson.»

 

No er det det å seia at namnekombinasjonen Severt Knudson er svært uvanleg, og det er ikkje so langt mellom Ransom Co., ND og Fargo, ND!

 

Det er nok ikkje urimeleg å tenkja seg at borni i denne huslyden kan ha hamna på ein eller fleire lokale barneheimar etter alt som skjedde først på 1880-talet, men so var det å finna dei att??

 

Eg er ganske so fortvila over at denne utfordringi skal vera so vanskeleg å «takla», men vonar framleis på at ein eller annan i Brukarforum kan greia finna eit aldri so lite spor etter denne huslyden og takkar og bukkar igjen på det djupaste for all bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette utfordrande emnet som inneheld ein huslyd som det tydeleg skal vera svært so vanskeleg å finna att!

 

Det høyrest ut som om mori Maren «Mary» Gilbertson kom litt «skeivt ut» etter at ho i 1881 laut flytta frå farmen ho budde på i Otter tail Co., MN, men det burde jo vera mogeleg å finna att borni hennar, opplista i innlegg #22 over!?

 

Eg har studert etter måten «grundig» FT1885 for North Dakota, men utan resultat.

 

Derimot finn eg i MN 1885 denne innførsli:

 

* Jane Gilbertson, 16  MN - resided with a Swedish family in Sauk Centre, Stearns Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DT67-WLZ?i=3&cc=1503044

 

Og so finn eg vigsli til Johanna Gilbertson og Samuel Hultberg i Stearns Co., MN 26.11.1892: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9CL-GG7J?i=912&cc=1803974

 

FT1905 for Stearns Co., MN syner at båe foreldri til Johanna Hultberg var fødde i NOREG, sjølv om alderen ikkje stemmer heilt...: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSBQ-DMZ?i=13&cc=1503056

 

Kan dette vera eldste dotteri til Maren «Mary» Gilbertson??

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til oppklaring av denne gåtefulle huslyden og vonar på «påskehell»!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

FT1905 for Stearns Co., MN syner at båe foreldri til Johanna Hultberg var fødde i NOREG, sjølv om alderen ikkje stemmer heilt...:

 

Ser at hun har samme f. år (1872) i FT 1895

The Minnesota, Territorial and State Censuses, 1849-1905
Name:    Johanna Hultberg
Age:    23
Census Date:    1895
County:    Stearns
Locality:    Crow River
Birth Location:    Minnesota
Gender:    Female
Estimated Birth Year:    abt 1872
Race:    White
LINE:    2
Roll:    V290_98

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.